Hopp til innhold

Odd Nerdrum kom ikkje med på Høstutstillingen: – Skammeleg!

Fleire målarar som definerer arbeidet sitt som klassisk figurativt, kom ikkje med på årets høstutstilling på Kunstnernes Hus. Kunstnaren Vebjørn Sand er sjokkert over at Nerdrum sitt måleri ikkje kom med. – Det er rett og slett skammeleg.

Vebjørn Sand og Odd Nerdrum

Kunstnaren Vebjørn Sand reagerer på at Odd Nerdrum ikkje fekk måleriet sitt «Tre menn i en båt» med på Høstutstillingen.

Foto: Eide/Lee

Kvart år sidan 1882, med unntak av åra under andre verdskrig, har Statens kunstutstilling vist fram norsk samtidskunst. Det er den største og viktigaste utstillinga i Noreg og set dagsordenen innan den norske kunstverda.

I år var det rekordmange søkarar, heile 2530 og Odd Nerdrum var ein av dei.

Han ønskte å ha med sitt siste store verk, «Tre menn i en båt» på Statens Høstutstilling, men det blei refusert.

Måleriet «Tre menn i båt» måla av Odd Nerdrum.

Måleriet «Tre menn i en båt» av Odd Nerdrum.

Foto: Bork Spildo Nerdrum

Det reagerer kunstnarkollega Vebjørn Sand på.

– Det er heilt utruleg at Odd Nerdrum vår leiande, internasjonale stoltheit blir refusert av Høstutstillingen.

Sand påpeiker at Nerdrum er i ei klasse for seg sjølv.

Kunsten å leve: Vebjørn Sand KUNSTEN Å LEVE

Den kjende norske målaren Vebjørn Sand.

Foto: Robert Rønning / NRK

– Han er ein av dei som har heldt liv i Høstutstillingen og det har blitt ein slags tradisjon dei siste femti åra at han deltek med sine sensasjonelle måleri.

– Denne typen kunst er ein viktig og stor del av norsk kulturliv og at ein ikkje får oppleve det er uheldig. Då reflekterer ikkje utstillinga det som skjer innan norsk kunst.

NRK har vore i kontakt med til saman åtte figurative målarar som ikkje er representerte under utstillinga som opna den 11 september.

Måleriet «Tre menn i båt» av Odd Nerdrum.
Foto: Bork Spildo Nerdrum

– Dei korrupte kreftene er enormt sterke

Onsdag tok Odd Nerdrum saka i eigne hender då han avduka «Tre menn i en båt» på Galleri Fineart i Oslo. Fleire hundre møtte opp for å sjå måleriet som skal henge der fram til november.

Når NRK spør Odd Nerdrum sjølv om kva han synest om at måleriet ikkje kom med på Høstutstillingen, svarar han først at han ikkje har nokon spesielle tankar om saka.

Så opnar den kjende målaren litt meir opp og delar tankane sine om måten kunsten blir valt ut på. Han meiner det aldri har handla om bra eller dårleg på Høstutstillingen.

– Dei korrupte kreftene er enormt sterke, seier Nerdrum.

Odd Nerdrum stiller ut måleriet sitt på Galleri Fineart i Oslo.

Målaren Odd Nerdrum. I mars 2022 skal han ha ei soloutstilling i Oslo.

Foto: Inger Kristine Lee / NRK

Nedrum fortel at når ein er ein spesiell mennesketype så vel ein menneske som minner om ein sjølv. Han meiner at måleriet hans ikkje hadde sjanse til å bli valt ut, fordi juryen vel kunst som liknar på den dei sjølve lagar.

– Eg er vand med å bli refusert mange stadar. Det er ein dagleg situasjon.

Nedrum tar seg også tid til å forklare kva han prøver å fortelje med bilete.

– Eg prøvar å skildre dei tre stadia i livet. Det egosentriske mennesket. Det geosentriske mennesket, dei som tar seg av verda, som politikarar. Og sist, det heliosentriske mennesket. Leonardo da Vinci på ein måte, som står utanfor fellesskapet.

Nerdrum og dei i miljøet rundt han har i mange tiår måla store komposisjonar inspirert av barokken og renessansen. Dei kallar målestilen for klassisk figurativ.

Figurativ kunst framstiller menneskeskikkelsar, dyr eller andre attkjennande gjenstandar, det motsette av abstrakt kunst og nonfigurativ kunst.

– Har Nerdrum laga dette?

Kunstkritikar i NRK, Mona Pahle Bjerke var til stades under avdukinga. Ho synest at måleriet er sopass svakt at ho nesten har vanskeleg for å tru at det kan vere Odd Nerdrum sjølv som har måla det.

– Det held ikkje Nerdrum sitt nivå i det heile, synest eg. Nerdrum er ein av den moderne norske kunsthistoria sine største målarar. Ein ruvande representant for den norske postmodernismen!

Kunstanmelder Mona Pahle Bjerke

Kunstkritikar Mona Pahle Bjerke.

Foto: Miriam Fosstvedt

Ho meiner at dei nakne kroppane dannar lysande hol i bilete og at det ikkje er ein forbindelse mellom skikkelsane og bakgrunnen.

Bjerke seier at Høstutstillingen har gjort han ei vennleg teneste ved å refusere bilete. Og at eit måleri av så låg kvalitet vil forstyrre bilete av han som ein meister, om det blir vist for eit breitt publikum.

– Eg opplever at dette bilete manglar den mektige uttrykkskrafta som kjenneteiknar Nerdrum sin heftige politiske realisme på 70-talet, og hans arkaiske surrealisme på 90-talet.

– Gjennom sine glansdagar har Nerdrum makta å seie noko allmenngyldig om framandgjering og angst som opplevast som relevant for oss i dag.

– Veldig gøy.

Den unge målaren William Heimdal fekk krass kritikk frå Pahle Bjerke i fjor sommar, då han for fyrste gong stilte ut verket sitt «Maleriets Prins» i Stavern.

– Sjølvportrettet med erigert penis har verkeleg blitt mykje betre sidan eg studerte det sist.

Ein ung gut løftar kjortelen og viser fram sitt erigerte lem.

«Maleriets Prins» av 18-åringen William Heimdal er heller ikkje å sjå på Kunstnernes Hus i haust.

Foto: Erla Flyum

Ho seier at han arbeider med lyset på ein mykje sikrare måte og at andletet er meir uttrykksfullt enn det var.

– Her ser vi ein ung målar i utvikling. Det er veldig gøy. Høstutstillingen kunne godt vurdert å inkludere Heimdal.

Ho forklarer at det kvart år er kunstverk i utstillinga innan fleire sjangrar som er svakare ein dette måleriet. Men ho påpeiker at anatomien framleis ikkje er heilt på plass.

– Måten han held penselen på er ikkje heilt truverdig og torsoen er framleis noko overdimensjonert i forhold til hovudet. Men no sit hovudet mykje betre på kroppen.

– Få blir antatt.

Det er ein jury som vel ut kunsten til Høstutstillingen. Juryen blir demokratisk valt annakvart år og består av medlemmar av fagorganisasjonen Norske Billedkunstnere.

Ifølgje kommunikasjonsleiaren for Norske Billedkunstnere Katrine Sviland, er det ikkje eit fast kunstsyn som følgjer utstillinga. Og ifølgje vedtektene må ikkje juryen grunngje dei kunstnariske avgjerslene.

Kven som helst kan sende inn kunstverk og juryen veit ikkje kven som har laga verka dei vurderer.

– Odd Nerdrum har deltatt på Høstutstillingen fleire gongar før, men generelt er det slik at 90 prosent av dei som søker blir refusert, uavhengig av kva -isme, teknikk eller sjanger dei arbeider innan.

Nålauge er trongt. Av 2530 søkarar er berre 118 verk med i sjølve utstillinga.

Odd Nerdrum debuterte på Høstutstillingen i 1967 med verket «Ikaros». Gjennom karrieren har han i alle fall stilt ut verk under Høstutstillingen 13 gongar.

I 1974 deltok han med verket «Frigjøring», i 1975 med verket «Innleggelsen», i 1977 med «Vår», i 1978 med «Mordet på Andreas Baader», i 1980 med «Flyktninger på havet», i 1986 med «Revier», i 1989 med «Dawn», i 1991 med «Fem personer rundt et vannhull», i 1993 med «Ung mann og hestehode», i 1994 med «Kvinne dreper skadet mann», i 1995 med «Cato Zahl Pedersen». Sist gong han deltok var i 2012 med verket «No witness».

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.