Hopp til innhold

Fem ord produsentane ikkje vil at du skal bruke

Mange selskap ynskjer å fjerne merkevarenamna sine frå daglegtalen. Her er lista over dei som ikkje fekk det til.

Maarud ynskjer framleis einerett på "potetgull"

I dag har Maarud einerett på ordet 'potetgull'. No ynskjer konkurrenten Kims også å bruke det og har difor tatt selskapet for retten.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Er potetgull eit vanleg norsk ord eller eit merkenamn? Dette er kjernen i den pågåande rettssaka mellom Kims og Maarud. Maarud hevdar at dei har einerett på ordet, og at alle andre bør seie «potetchips».

Dei er langt frå det første selskapet som vil halde merkevarenamn for seg sjølve. Men har ordet først hamna i ordboka eller blitt brukt av fleire, skal det mykje til for å stoppe utviklinga.

1. Seigmenn

Orkla, som eig Laban Seigmenn-produsenten Nidar, likte ikkje at «seigmenn» stod i ordboka.

Seigmenn i ei skål

Ordet 'seigmann' blei første gong brukt i 1933, ifølgje Språkrådet. Nidar byrja å produsere sine seigmenn i 1965.

Foto: James Eric Hensley / Nidar

Dei bad i 2014 om å få ordet fjerna, men Språkrådet avslo og meinte ordet hadde vore i bruk før Nidar starta med godteriproduksjon. Nidar har elles henta namnet Laban frå Bibelen. Det utløyste ikkje noko namnestrid.​

2. Stressless

Forfattar Ragnhild Eikli brukte ordet «stressless» for å skildre ein heilt vanleg lenestol. Feil, meinte produsenten Ekornes, og hevda det måtte vere med stor S. Dei klaga Juritzen forlag inn for Næringslivets konkurransetilsyn. Heller ikkje Ekornes fekk medhald.

3. Tabasco

Tabasko kom inn i bokmålsordboka i 1983, som ein «svært sterk kryddersaus». Då den amerikanske produsenten oppdaga dette, prøvde dei hardt å få ordet fjerna. Men ordet står der den dag i dag – på norsk med k.

4. Google

Å google eller ikkje google, det er spørsmålet. Igjen er det redsel for utvatning av merkenamnet som ligg bak namnestriden.

Google

Google påpeika allereie i 2006 at merkevara kunne bli svekkja dersom folk brukte 'google' som eit verb. Det har ikkje stoppa folk.

Foto: Josh Edelson / Afp

Ikkje bruk google som verb dersom du ikkje faktisk har brukt søkjemotoren Google, seier Google. Ordet står førebels ikkje i den norske ordboka, men pressa bryr seg ikkje om det. Eit søk på verbet «å google» gir over 1000 treff i Retrievers database med norske aviser.

5. Adobe Photoshop

Til slutt, det mest urealistiske språkkravet så langt. Fotoretusjeringsprogrammet Adobe Photoshop har ein draum: At folk skal slutte å seie at eit bilete er photoshoppa. Korrekt språkbruk er, ifølgje Adobe, «eit foto som er fiksa på ved hjelp av Adobe Photoshop-programvare». Då er det berre å ynskje lukke til med snuoperasjonen.

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.