Kan dette vere ein luftspeiling? Foto: NRK
Luftspegling, fata morgana, hildring – alt dette er namn på det same fenomenet, eit slags synsbedrag. Men det er ikkje like mystisk og merkeleg som det høyrest ut - luftspeglingar har ei forklaring. Og vi kan faktisk sjå luftspeglingar i Norge også sjølv om vi ikkje akkurat ser palmar og innsjøar.
Lysbryting
For å forstå korleis ein luftspegling oppstår må du vite litt om korleis lys beveger seg.
I verdsrommet går lyset aller fortast Foto: NASA
Ein lysstråle går rett fram så lenge han går gjennom det same mediet heile tida (for eksempel luft). Men viss lysstrålen treff til dømes vatn eller glas, skjer det noko med lysstrålen: han endrar plutseleg litt retning. Dette kallast for lys-bryting. Grunnen til at lyset endrar retning er at lyset går seinare di tettare stoff det beveger seg gjennom. Lys går aller fortast i vakuum (f.eks. ute i verdsrommet), og mykje seinare gjennom vatn eller glas. Lysbrytingsfenomenet kan du sjå veldig tydeleg når du badar. Viss du for eksempel stikk ein linjal halvvegs ned i vatnet, ser det ut som om linjalen er knekt på midten.
Luft som speil
På same måte som lys blir brote i overgangen mellom luft og vatn, kan lys også bli brote når det møter eit luftlag som har anna tettleik. Og tettleiken til luft har samanheng med temperaturen. Du har sikkert oppdaga at varm luft stig oppover og at kald luft synk ned. Det er fordi at varm luft er mindre tett (og dermed lettare) enn kald luft. Om dagen blir bakken i ein ørken kjempevarm, og lufta nærmast bakken blir varma opp av underlaget og blir dermed varmare enn lufta over. Når lysstrålar kjem ovanfrå gjennom dei kaldare luftlaga
Ein palme blir speila i lufta. Foto: NRK
og brått treff eit varmt, mindre tett lag, blir lysstrålane brotne og blir bøygd oppover i staden for å treffe bakken som dei normalt ville gjere. Dette gjer at lufta fungerer omtrent som eit speil, eller som overflata på eit vatn. Og derfor kan det sjå ut som om palmar eller kamelar i ørkenen speglar seg i ein liten innsjø. Det er nok mange tørste menneske som har blitt lurt av dette fenomenet.
Speiling i asfalten
Luftspeiling over asfalt Foto: Miyuki Shishido
Her heime kan vi sjå det same fenomenet over asfalten ein skikkeleg varm sommar-dag. Viss du ser på ein bil frå litt avstand, kan du sjå eit speilbilete av bilen over vegen.
På denne sida er det fleire bilete av fata morgana og andre lysfenomen: (sida er på tysk, men om du ikkje forstår språket kan du spørje foreldra dine om hjelp)www.schremmer.de
Kjem i Newton søndag 26. september 2004 kl 18.30 på NRK1.