Hopp til innhold

Farge-eksplosjon i norske heimar: – Kvite veggar er det verste du kan ha

Har du ei kjensle av at «alle» skal fargeleggje veggane sine for tida? Da har du rett. Fargetrenden har på rekordtid fått fotfeste i dei norske heimane.

Fargar i heimen er blitt meir populært. Her er Marte Stokstad i ei rosa seng omgitt av rosa veggar.

MANGEFARGA: Marte Stokstad i eit av mange fargerike rom frå den komande sesongen av «Hvem bor her?».

Foto: Fremantle

– Eg ser fleire og fleire heimar der ein brukar farger på tak og veggar, seier Marte Stokstad, programleiar i «Hvem bor her?»

– Nokon går for dempa fargeflater, og harmoni frå rom til rom, som gir ro og harmoni, mens andre klinkar til med klarare fargetonar og meir overraskande samansetningar, fortset ho.

Det kan også Marianne Fischer Paulsen i Maxbo bekrefte. Ho opplyser til NRK at målingsmarknaden i Noreg steig med ca. 24 % i verdi i 2020 samanlikna med året før.

– Det å måle er ei enkel fornying, og relativt sett rimeleg i forhold til andre investeringar som nytt kjøkken og nytt bad, seier Paulsen.

«Same shit same person»

Ho får støtte av ein av landets fremste fargedesignarar, nemleg Dagny Thurmann-Moe, som vidare trekker fram ein annan grunn til at folk er villig til å fargeleggje meir.

Dagny Thurmann-Moe

BEVISSTGJERING: Korona og tvangsbruk av heimekontor har gjort oss meir bevisste på korleis det er å vere heime, meiner fargedesignar Dagny Thurmann-Moe.

Foto: Einar Aslaksen

– Dette er ein motreaksjon til korleis ting har vore tidlegare. Vi har jo hatt 20 år med gråskalaen, så nå skal vi opponere mot det, seier ho.

Thurmann-Moe forklarer vidare at vi nå beveger oss bort frå ein periode der alle skal ha den same stolen og der alle heimar ser like ut.

– Det har vore vanskeleg å skilje heim og personlegdom frå kvarandre. Det har vore «same shit same person».

Men nå har det altså snudd.

– Nå vil ein ha ein eigenart der heimen representerer deg sjølv. Før var det nyansar i kvit og grå som gjaldt, men nå vil dei fleste ha den nyansen som passar til den du er.

Fargar i heimen er blitt meir populært. Her illustrert med rosa møblar.

DUSE FARGER: Her er det gjennomført stil med dus rosa.

Fargar i heimen er blitt meir populært. Her illustrert med gule veggar.

ENERGISK: Friske farger får Marte Stokstad til å smile.

Fargar i heimen er blitt meir populært. Her illustrert med rosa bad.

ROSA: Kjenner du nokon som har eit rosa bad?

Fargar i heimen er blitt meir populært. Her illustrert med lilla veggar.

LILLA: Beroligende pastell i eit av husa ein kan sjå i den komande sesongen av «Hvem bor her?».

Fargar i heimen er blitt meir populært. Her illustrert med lilla veggar.

SOVEROM: Kven får skjønnheitssøvnen sin her, mon tru?

Det kjem spesielt godt til syne i den komande sesongen av «Hvem bor her?». Her skal framande personar vise heimen sin til kvarandre, for deretter å gjette på kven som bur kvar.

Og i haust blir vi kjent med nokre som tar fargeengasjementet eit hakk vidare enn folk flest.

Blant dei er den sprudlande og fargeglade deltakaren NRK har snakka med, men som vi har vald å anonymisere, for å ikkje røpe kva for eit av dei fargerike husa ho eig.

«Wow, det her er noko anna»

– Dei som har vore her på besøk reagerer som regel med eit «wow, det her er noko anna. Du torer å gjere noko som eg ikkje ville ha tort»

I heimen hennar ser ein nesten alle fargene i regnbogen, for her møter ein på lysegrønt, turkis, gult og ikkje minst brukar ho favorittfarga si rosa for alt det er verdt.

– Eg har alltid vore glad i rosa. Det gjer meg veldig glad og derfor brukar eg det.

Fargar i heimen har vorte populært att. Her illustrert frå eit av kjøkena frå "Hvem bor her".

UTRADISJONELT: Fargar, mønster og dyreprakt er nokre av interiørtrendane i år.

Fargar i heimen har vorte populært att. Her illustrert frå eit av kjøkena frå "Hvem bor her".

PASTELL: Deltakaren NRK har snakka med har kombinert rosa stove med pastellfarger.

Fargar i heimen har vorte populært att. Her illustrert frå eit av kjøkena frå "Hvem bor her".

ROSA: Farga rosa går igjen.

Ho innrømmer at ho i ei periode tenkte at «no er eg vaksen», og brukte dermed farger som ikkje passa ho.

– Men når det kom til stykket innsåg eg at rosa og pastellfarger er viktig for meg. Det er ikkje for alle, men det passar veldig bra for meg. Det er viktig å vere litt leiken, seier den fargeglade personen.

NRK har også tidlegare skrive om Hilde som bur i eit gult hus.

Fargar i heimen har vore populært att. Her illustrert med gul og raud stol.

INTERIØR: Også møblane får ta del i fargetrenden.

Foto: Fremantle

Unngå kvite veggar på heimekontoret

Ifølgje Thurmann-Moe påverkar farger i stor grad humøret og psyken vår.

Varme farger kan verke lune og sosialiserande, men også oppkvikkande. Mens sterke primærfarger kan bli masate i lengda.

– Desse grå og kvite heimane er ofte slitsame å vere over tid. Kvite veggar er det verste du kan ha på heimekontoret. Forsking viser blant anna at det er i kvite rom du gjer mest feil, seier ho.

Fargedesignaren legg vidare til at kvitt er veldig krevjande for augo fordi det reflekterer mykje ljos. Mens gråe rom gjer oss nedstemte.

– Det som skal vere ein oase blir meir som eit fengsel.

Fargar i heimen er blitt meir populært. Her illustrert med blå veggar og rosa møblar.
Foto: Fremantle

– Dus pastellblå og pastellgrøn er det ein jobbar best i. I tillegg fokuserer ein betre når det er grøne plantar der du sit, og du har naturmateriale som ull eller tre å ta på.

Du kan lære meir om Dagny Thurmann-Moe og korleis farger påverkar oss i podkastserien Drivkraft i NRK Radio.

Fargar i heimen har vorte populært att. Her illustrert frå eit av kjøkena frå "Hvem bor her".

STOVE: Ei av stovene i haustens «Hvem bor her?» på NRK 1.

Foto: Fremantle

Er du usikker på kva farge som eignar seg best der du bur er det beste tipset til Thurmann-Moe å kjenne etter kva farge du trivest med, og kva du har likt over tid.

Det kan også deltakaren i «Hvem bor her?» skrive under på.

– Eg har prøvd mørkare farger, men det er ikkje noko for meg. Eg må ha noko som er muntrare.

«Hvem bor her?» har premiere måndag kl. 20 på NRK 1. Sjå fyrste episode på NRK TV allereie nå.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.