Hopp til innhold

Protestaksjon mot at barnehagen skal målast grå

Fargen på den nyrenoverte barnehagen på Sjøholt skaper debatt. Foreldre og bygdefolk har starta underskriftskampanje.

Runa Klock framfor Årøyhaugen barnehage på Sjøholt

Runa Klock har ikkje barn i denne barnehagen, men er likevel engasjert i fargedebatten. Ho meiner grå gir lite stimulans til barn.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

– Vi stegla over at grå er den fargen som skal møte ungane kvar dag når dei kjem i barnehagen, seier Runa Klock. Ho er interiørarkitekt og har jobba med tettstadutvikling på Sjøholt.

Fleire foreldre reagerte også med sjokk då dei fann ut at dei aprikosfarga veggane på barnehagen skal bytast ut med ein mørkegrå farge. Nær 170 foreldre og bygdefolk har skrive under i protest.

– Grått er ikkje ein farge som ein forbind med barn. Barn er veldig glade i fargar, seier Klock.

Det var Bygdebladet som først fortalde historia.

Årøyhaugen barnehage på Sjøholt er under renovering. Barnehagen skal målast grå

Årøyhagen barnehage er under renovering.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Betydning for kreativiteten

Årøyhaugen barnehage på Sjøholt i Ålesund kommune er under renovering.

Klock meiner at fargen på barnehagen er ei viktig sak. Ho trur at fargar har innverknad både på helse, kreativitet og velvære, og at det finst mykje forsking på samanhengen. Fargar er mykje meir enn dekor og estetikk.

– Ein veit jo sjølv at på ein gråvêrsdag, så treng ein ikkje meir grått for å få energi, seier Klock.

Ho synest at grått kan vere fint på eit bustadhus, men at det gir lite stimulans for barnehagebarn.

Også innandørs skulle det vere kvitt og grått, men der har protestgruppa blitt høyrt, og dermed blir det meir fargar.

Dei meiner at barna sjølv burde ha fått delteke i prosessen med fargeval.

Årøyhaugen barnehage på Sjøholt er under renovering

Barnehagen har aprikosfarga eller oransje vegger, men skal bli grå.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Ny farge vil forsinke prosjektet

Seksjonssjef for barnehage i Ålesund, Evy-Kristin Sæth, seier at dei landa på grå som ny farge etter innspel frå barnehageleiinga.

I ein e-post til NRK skriv seksjonssjefen at det var orientert om prosjektet og fargevalet på eit møte i fjor haust.

Det kom ikkje innspel eller innvendingar kring fargesetting på eller etter foreldremøtet. Hadde det kome innspel då, hadde ein kunne endra fargevalet utan at det hadde påverka tidslinja til prosjektet vesentleg, skriv Sæth.

Kvifor kan de ikkje skifte farge når det betyr så mykje for foreldre og bygdefolk?

Dersom det no skal endrast farge på bygget så vert dette søknadspliktig. Dette er grunna at gjeldande ombygging krev søknad og fasadeendring/ fargeval er ein del av denne søknaden. Ein slik søknad har 12 vekers behandlingstid. Arbeidet er i gang og alt av materiell til dette er levert byggeplass, skriv Sæth.

Seksjonssjefen skriv at det er bra med engasjement kring barnehagen, men at ho skulle ynskje at føresette hadde kome med innspel tidlegare, då ein heilt klart kunne ha gjort endringar.

Les også Hvorfor er norske bygg så fargeløse?

Bodø sentrum.

Tar opp saka i bystyret

Også lokalpolitikar Janet Roelofs (Sp) har engasjert seg i saka. Ho skal ta opp spørsmålet i bystyret og håper at ordføraren er på barna si side. Personleg meiner ho at grå knapt kan kallast ein farge.

– Det er synd at det nyrenoverte bygget får ein slik farge. Her har kommunen mista ein sjanse til å friske opp heile barnehagen, seier Roelofs.

Ho meiner det ikkje er for seint å velje ein sprekare farge på ytterveggane.

– Kommunen kan selje målinga eller avbestille ordren dersom den ikkje er bestilt, seier Roelofs.

Janet Roelofs viser teikningane frå Årøyhaugen barnehage

Janet Roelofs meiner at teikningane av barnehagen ikkje viser at den skulle vere grå.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK