Mathias Oppedal

Denne kunsten er verd fleire hundre tusen kroner

Likevel har kunstnaren Pøbel valt å fyra han opp

Han er nemleg på veg inn i ein ny marknad

Vel vitande om at det kan vera ei boble, som kan sprekka når som helst

Koda kunst

Her fyrer han opp kunst til ein verdi av fleire hundre tusen

I den nedlagde bikini-fabrikken på Figgjo i Rogaland sprøyter kunstnaren Pøbel bensin på eit av sine eigne kunstverk.

Ein pyroteknikar teipar på nokre leidningar på baksida av lerretet, trykkar på ein knapp og «poff», så står det i full fyr.

Målinga som dannar det ikoniske «The Lovers»-motivet brenn godt. Flammane stig til vêrs, og kunstverket forsvinn litt etter litt.

– Det kjennest sjølvsagt rart å brenna opp mange veker med arbeid, seier kunstnaren, som ikkje vil stå fram med ansiktet eller namnet sitt.

Han kunne fått mange tusen kroner om han heller hadde selt bildet. Til samanlikning har han selt ei mindre utgåve av «The Lovers»-motivet for meir enn 300.000 kroner.

Men Pøbel har heilt andre planar med dette bildet enn ein tradisjonell transaksjon.

I fleire vekar har han jobba med ein hemmeleg plan.

Pøbel sprutar bensin på kunsten sin

Her dunkar Pøbel kunsten sin i bensin.

Alt klart til å fyra opp kunst

Bomullsdottane skal sørga for at det blir tenning.

Den raude knappen

Så er det berre å trykka på den raude knappen.

«The Lovers» brenn

Så var denne utgåava av «The Lovers» i full fyr.

Inn i den digitale verda

Før han tok bildet med til fabrikken, blei det avfotografert i høg oppløysing av ein profesjonell fotograf.

Pøbel har etterpå gjort om på og jobba vidare med kunstverket digitalt. Nå finst det berre som ei fil på ein datamaskin.

Snart skal han leggja fila ut for sal på ein brennheite digital marknad som «alle» snakkar om for tida.

Ein marknad der digitale kunstverk nå blir selde for svimlande summar. Ein marknad som ifølgje det amerikanske forretningsmagasinet Forbes vil ha ein omsetnad på 400 milliardar dollar innan 2025.

Pøbel sitt kunstverk, som nå har blitt ein oskehaug i den fysiske verda, skal bli «kryptokunst».

Eller Non-Fungible Token (NFT), som det eigentleg heiter.

– Eg byrja med å sjå på teknologien i fjor, og forstod først absolutt ingenting av det. Men når eg fekk meir forståing av kva det var, innsåg eg at dette kan revolusjonera heile kunstsjangeren. Kryptokunst blir eit slags nytt kunst-univers, forklarer Pøbel.

Pøbel legg siste hand på verket, før det skal brennast

Pøbel har brukt fleire veker på å laga ein svær kryptoversjon av det kjente «The Lovers»-motivet.

Oppløysinga skal vera høg, og detaljane rett

Når motivet er klart, kjem ein fotograf på besøk for å digitalisera verket.

Avfotografering av kryptoversjonen av «The Lovers»

For at datafila skal bli best mogleg, blir det brukt mykje tid på å få rett lys og fargebalanse.

Her blir «The Lovers»-bilde avfotografert

Bilde blir tatt, og kunstverket er klart til brenning.

Utsnitt av den digitale NFT-en

Oppløysinga på den ferdige fila er veldig høg.

Kattar og skyhøge summar

Kings of Leon blir dei første i verda til å gi ut eit album i form av ein NFT. Auksjonshuset Christie's har fått inn bod på eit kryptokunstverk på 3 millionar dollar. Eit stykke virtuell eigedom i dataverda «Axie Land» er seld for 1,5 millionar dollar.

Dette er berre eit lite knippe av overskrifter som kjem opp når ein googlar NFT.

Men kva er eigentleg ein Non-Fungible Token?

Me ringer til Torbjørn Bull Jenssen som er dagleg leiar i Arcane Crypto. Sidan han leverte mastergraden om kryptovaluta i 2014, har han vore glødande oppteken av trendar på internett.

Når me seier me vil snakka om NFT blir han oppglødd.

Torbjørn Bull Jenssen

Torbjørn Bull Jenssen meiner folk bør vera forsiktige med å investera store pengar i NFT-ar.

Foto: Mona Ødegård

Han meiner at teknologien er noko som kan endra det tradisjonelle handelsmønster for både digitale og fysiske produkt slik me kjenner dei.

– Men kva er det?

– NFT er eigentleg eit digitalt eigarskapsbevis, og eit bevis på at noko er ekte, seier han.

Altså kan du tenka deg at du kjøper eit digitalt kunstverk. Då er NFT-en sertifikatet som beviser at det er du, og berre du, som eig kunstverket.

Koronakunst på Jæren av Pøbel

Første versjon av «The Lovers» var fysisk. Men det er uvisst kor lenge han vil pryda veggen i undergangen på Bryne.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Ta for eksempel Paris Hilton.

Ho lagde nyleg ei digital teikning av katten sin. Ho la så teikninga ut for sal på plattforma Cryptograph, som støttar kjøp og sal av kryptokunst.

Her blei katteteikninga seld for 17.000 dollar.

Ein ganske vill sum for ei digital katteteikning, men kjøparen kan vera trygg på at ingen kan ta frå han eigarskapet til teikninga. For eigarskapet er nemleg koda inn.

Koden, eller blokk-kjeda, som det heiter på dataspråket, er noko av det som gjer NFT-teknologien unik.

Slik reklamerte Cryptograph for Paris Hilton si katteteikning på Facebook. Pengane teikninga blei kjøpt for gjekk til eit veldedig formål.

Slik reklamerte Cryptograph for Paris Hilton si katteteikning på Facebook. Pengane teikninga blei kjøpt for gjekk til eit velgjerande formål.

Foto: Skjermdump frå Facebook

Koden er open for alle, han er desentralisert og vil innehalda heile kjøpshistorikken til objektet han høyrer til. I tillegg skal han vera umogleg å forfalska.

Med andre ord kan ingen stela eigarskapet frå kjøparen av Paris Hilton si katteteikning.

Men koden kan innehalda meir. Og det er spesielt ein moglegheit som er veldig interessant for kunstnarar.

Kan sikra kunstnarar eit stykke av kaka

Kvar gong kunstverket blir seld vidare, kan kunstnaren få ein del av summen.

– Frå eit kunstnarperspektiv er det ein kjemperevolusjon. Det er berre kreativiteten som avgrensar kva dei vil leggja inn i koden, seier Bull Jenssen.

I ei spesialutgåve av den nye plata si har for eksempel Kings of Leon koda inn førsterad-seter til dei framtidige konsertane deira. I tillegg har dei andre avgrensa opplag med unik kryptokunst.

Kings of Leon ankommer MTV Europe Music Awards 2010.

Kings of Leon blir det første bandet som gir ut eit heilt album som ein NFT. Her er dei på MTV Europe Music Awards 2010.

Foto: Scanpix

Moglegheitene i koden meiner også Pøbel er ein klar og tydeleg fordel samanlikna med korleis ting fungerer nå.

– Royalties frå sal på annanhandsmarknaden kan vera ein del av NFT-kontrakten, som vil føra til betre økonomi for kunstnarar, og dermed skapa meir kunst, seier han.

Dessutan kuttar ein mange ledd mellom kunstnar og kjøpar. Som galleri og transport.

Eigarskapsbytte skjer på internett og blir skrive inn i koden. Når produktet også er på internett er det ingen grunn til å involvera andre i transaksjonen.

Men dette fører oss over til noko vesentleg. For sertifikatet er ein ting, men kva med produktet?

Kvifor bruker folk enorme summar på produkt som ikkje finst i den eigentlege verda? Ting du ikkje ein gong kan hengja på ein vegg.

– Kanskje om nokre år er det slik at folk vil ha svære skjermar på veggane som berre viser digital kunst med NFT-sertifikat. Om det vil gjera verda til ein betre stad står jo likevel att å sjå, seier Pøbel om denne saka.

Likevel. Produkt som bildekunst, musikk og basketballkort ligg jo der ute på nettet, og alle som vil kan ta ein kopi.

Då har ein jo eit identisk produkt, berre gratis.

Kva med ein skjermdump?

Me er det eigentleg så enkelt?

La oss samanlikna Paris Hilton sitt kattebilde med Edvard Munchs «Skrik».

For alle veit jo at ein tru kopi av «Skrik» ikkje er verd stort meir enn lerretet det er måla på.

På same måte har ikkje ein skjermdump av katteteikninga noko verdi dersom du ikkje har eit sertifikat som beviser at det er du som eig bildet, og at bildet er ekte.

"Skrik", som montert i utstillingen "På vei ut" på Munchmuseet på Tøyen.

Ein tru kopi av «Skrik», eller dette digitale bilde av det populære måleriet, har ikkje særleg stor verdi.

Foto: Ove Kvavik / Munchmuseet

Og ein kvar kunstsamlar med respekt for seg sjølv vil ikkje ha noko som ikkje er ekte på veggen sin.

Bull Jenssen forklarar fenomenet slik:

– Verdisetjing av samleobjekt har aldri handla om kor pene dei er. Det handlar om kor knapp tilgangen er, og ei semje i kunstmiljøa om kven som er den store kunstnaren, seier Bull Jenssen.

Slik kan det vel seiast at det også er med frimerke, Pokémon-kort, myntar og fingerbøl.

Så med andre ord kan ein kanskje konkludera slik: NFT er like meiningsfullt (eller meiningslaust om du vil) som alt anna menneske bruker tid og pengar på å samla på.

Fysisk kunst varer ikkje evig

Tilbake på den nedlagde bikinifabrikken virvlar ein kald bris opp oska som er att frå «The Lovers»-motivet.

Restane av bilde

Restane etter brenninga.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Når bensinkannene og kameraet som har dokumentert brenninga er pakka ned, skal den digitale fila gjerast om til 50 NFT-ar. Eit avgrensa opplag. Og kvar gong dei blir selde vidare, vil ein del av overskotet gå inn på kontoen til Pøbel.

Men kvifor gjer han dette? Er det for å kasta seg på ein hype, og kanskje bli steinrik?

– Nei, kjem det kontant frå kunstnaren.

Han utdjupar:

– Eg gjer dette med glede. Heile prosessen er eit kunstverk i seg sjølv. Me viser fram teknologien, og utforskar grensene mellom det digitale og det fysiske, seier han.

Han fortel også at mykje av kunsten hans uansett har ei avgrensa fysisk levetid. Dei fleste hus han har måla på i Lofoten eksisterer for eksempel berre som digitale bilde, sidan hus og vegger over tid har blitt øydelagde.

– Så på mange måtar er desse kunstverka allereie digitale. Det digitale vil alltid vera ein del av kunst framover, og det er det på mange måtar allereie, seier han.

The Lovers har blitt bokomslag

«The Lovers»-motivet har blitt populært etter at det blei spraya i ein undergang på Bryne då Noreg blei stengt ned. Her prydar bilde framsida på ei bok som handlar om kunst i korona-tida.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Boble?

Men kva med dei store summane? Og dei rare tinga folk kjøper? Det er mykje med denne bølgja som kan likna på ei boble.

Me går tilbake til Torbjørn Bull Jenssen, og spør om han ikkje har gjort seg nokre tankar om dette. Det har han.

– Akkurat nå har dette ein litt pyramidespel-aktig dynamikk. Det er ei boble som held på å bygga seg opp nå, og ho kjem til å sprekka på eit tidspunkt. Ein bør derfor vera forsiktig med å investera store pengar i NFT-ar. Men dei som bommar, er dei som berre ser denne delen av det, seier han.

Vidare står han fast på at teknologien vil bety svært mykje.

Ikkje berre for kunstnarar, men også for eksempel for musikarar, som nå kan selja musikken sin utan mellomledd. Og i den fysiske verda, for eksempel i vinhandelen. Vinflaska kan ligga lagra trygt i ein kjellar, medan det er eigar-sertifikatet som blir seld og kjøpt. Heilt til nokon ein dag cashar ut flaska og drikk ho opp.

At det akkurat nå går litt bananas, meiner han er naturleg.

– For det er slik marknaden oppdagar nye fenomen. Først ei undervurdering, deretter ei overvurdering. Før ein landar ein stad midt i mellom, seier Bull Jenssen.

Dette er også Pøbel klar over.

– Akkurat nå er det litt ville vesten sidan det er så nytt. Mange plattformer dukkar opp, og marknaden er ikkje skikkeleg i balanse. Då skjer ting så fort at hyping og bobler oppstår.

Og på sett og vis har han også kommentert det med kunstverket sitt.

«The Lovers»-motivet, som mange har trykka til sitt bryst i koronatida, er måla oppå ein nesten usynleg NFT-logo. Altså vil kanskje begge desse motiva vera ei oppsummering av tidsbobla me nå lever i, når me skal sjå tilbake på ho om nokre år.