Hopp til innhold

Facebook droppar «falske nyheiter»-åtvaring

Seier verkemiddelet ikkje har hatt den effekten plattforma hadde håpa.

Mark Zuckerberg

ENDRAR STRATEGIEN: Mark Zuckerberg endrar strategien etter at falske nyheiter-åtvaring ikkje har hatt den effekten dei håpa.

Foto: Eric Risberg / Ap

I desember 2016, starta Facebook ein offensiv, der nyheiter som blei avslørt som falske skulle bli markert som «omstridt», noko som gjorde at sakene hamna lenger ned i nyheitsfeeden du har som brukar.

Men dette har ikkje hatt den effekten Facebook hadde håpa på, skriv BBC.

Facebook innfører varsling for tvilsomme nyheter

ÅTVARING: Dersom nyheiter blei avslørt som falske dukka det opp eit åtvaring som såg slik ut.

Foto: Facebook

Motsett effekt

Målet var, ifølgje Mark Zuckerberg, at desse tiltaka ville bidra til å gjere det mindre lønsamt å spreie desinformasjon for dei som stammer og tener pengar ved å få fleire folk til å besøke nettstadene sine.

LES OGSÅ: Her er sakene Facebook vil stoppe

«Forsking, som tek for seg retting av feilinformasjon, har derimot vist at det å ha eit tydeleg varsel, som eit raudt flagg, ved sida av ein artikkel, vil forsterke ei allereie djupt forankra tru – altså motsett effekt enn det som var tiltenkt», skriv Tessa Lyons i Facebook i eit blogginnlegg.

Endrar strategien

Facebook går difor over til å vise «relaterte artiklar» ved sida av omstridde nyheiter.

Plattforma har testa denne framgangsmåten og funnet at sjølv om dette ikkje reduserer klikk-talet på omstridde artiklar, så fører det til at artiklane blei delt færre gonger.

Dersom folk forsøker å dele ei omstridt nyheit, dukkar det lenker til faktasjekka kjelder, skriv BBC.

– Eit bra initiativ

Høgskulelektor ved BI, Cecilie Staude, meiner Facebook er tent med å fjerne falske nyheiter-varselet.

– Facebook er avhengig av at folk har tillit til den digitale plattforma. Facebook har hatt store problem med falske nyheiter, og når det viser seg at tiltaket med varsling verkar mot si hensikt, så er dei tent med å sjå på andre løysingar, seier Cecilie Staude.

At Facebook heller går over til å plassere relaterte artiklar ved sida av falske nyheiter meiner Staude er ein god idé.

– Det er eit bra initiativ fordi det skaper truverd. Facebook er ein så viktig kanal for det brede lag av folket, og det er ein enormt viktig marknadsføringskanal som lever av annonseinntekter. Difor er Facebook heilt avhending av tillit hos folk. Så får vi sjå kva effekt dei nye tiltaka har, seier Staude.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters