Hopp til innhold

Aprilspøken i avisene er nesten vekke – men nokre gir seg ikkje

Avisa Klassekampen rundlurte medie-Norge 1. april, men dei fleste avisene er redde for sitt eige truverd og droppar aprilsnarren.

Mari Skurdal fra Klassekampen leser avisa

– Det får bli opp til dykk å oppdage i morgon, sa Mari Skurdal i Klassekampen, på spørsmål om det blir aprilsnarr også i år.

Foto: Heiko Junge / NTB

I mange år har det vore tradisjon i pressa å lure inn ei tullenyheit på 1. april for å lure og more lesarar, lyttarar og sjåarar.

Ei av dei mest kjende spøkane stod på trykk i Aftenposten, der folk blei lokka til Vinmonopolet med tomme spann og bøtter for å få nesten gratis vin.

Men fleire presseaktørar har lagt tradisjonen på hylla fordi falske nyheiter gjer det vanskeleg å sjå kva som er sant og ikkje.

Men ein kan vente seg aprilsnarr blant aviser i år også, ifølge ei undersøking gjort av NRK og Landslaget for lokalaviser (LLA).

Klassekampen: – Trener opp evna

Ei av dei er Klassekampen, som i dag melde at Høgre-politikar Nikolai Astrup flyttar til Sveits etter at regjeringas varsla au-pair-forbud.

Nettavisen, VG, NTB, Avisa Oslo, BT og Adresseavisen melde nyheten like etter midnatt. Nokre timar seinare blei nyheitsmeldinga trekt tilbake.

I fjor hadde verken NRK, TV 2, VG, Aftenposten, Dagbladet eller Dagens Næringsliv aprilsnarr.

Men Klassekampen var ein av dei som leika seg også i fjor. Det var altså ein spøk at dei skulle endre namn til KK24 og droppe leiarartiklar.

Mari Skurdal
Foto: Siv Dolmen / Klassekampen

Men det at fleire aktørar i pressa har lagt tradisjonen på hylla, hindra dei ikkje i fjor.

– Eg tenker at viss det er noko som trener opp evna til å kjenne igjen formaliteten i ei sak og at det er tull, så må det jo vere at ein har nokre slike dagar der ein skal vere litt ekstra obs, seier redaktør i Klassekampen, Mari Skurdal.

Og legg til:

– Kanskje det kan bidra til det motsette, at ein blir litt meir årvaken, seier Skurdal.

VG: – Gjer lurt i å halde seg unna

VG har ikkje tradisjon for å lage aprilsnarr forkledd som nyheitssak i VG, fortel nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken.

– I ei tid med stadige diskusjonar om falske nyheiter, tenker vi at VG som ein nyheitsformidlar gjer lurt i å halde seg unna.

Les også De mest utrolige aprilsnarrene i norsk presse

Komno

Fordi det kan påverke VG sitt truverd, har dei valt å overlate aprilsnarren til andre moroklumpar.

– Sjølv om aprilsnarr er heilt ufarleg moro og som oftast treffer planken, risikerer vi uansett at enkelte lesarar ikkje skjønar spøken eller at vi bommar med bodskapen, seier Håndlykken.

Lagar framleis aprilsnarr

NRK har i samarbeid med Landslaget for lokalaviser spurt flere aviser om dei framleis lagar tullesak til første april.

Av 110 spurte svarte 10 at dei framleis lagar 1. april-spøk.

Ifølge Mari Velsand i Medietilsynet er det mange som slit med å skilje falske frå ekte nyheiter.

Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
Foto: Mathias Fossum / Medietilsynet

Ifølge deira undersøkingar har sju av ti opplevd å kome over informasjon på nett som dei var i tvil på om var sann. Eldre og yngre er mest utsette.

Velsand har forståing for at presseaktørar vel å ikkje lage aprilspøkar, fordi redaktørstyrte medium er avhengig av å ha publikum sin tillit.

– Det kan vere vanskeleg å skilje sant frå usant, og aprilspøkar kan gjere det endå meir krevjande å navigere i nyheitsbildet.

– Vil medietilsynet åtvare norske medium mot å lage eigne 1. april-spøkar for publisering digitalt og på papir?

– Dette er eit spørsmål media sjølv må ta stilling til. Nordmenn har høg tillit til redaktørstyrte medium. Medietilsynet si siste undersøking om folk sine nyheitsvanar viser at 73 prosent har ganske høg tillit til norske nyheitsmedium generelt.

Les også Dropper aprilsnarr etter «fake news»-frykt

Avisene dropper aprilsnarr

Eit viktig bakteppe, forklarar Velsand, er at redaktørstyrte medium er truverdige og publiserer kvalitetssikra informasjon som er til å stole på.

– Generelt kan falske nyheiter svekke tilliten, sjølv om intensjonen og tanken bak i utgangspunktet er harmlaus.

– Falske nyheiter er eit problem

For mange har falske nyheiter, hacking og kunstig intelligens blitt uttrykk ein er godt kjende med. Samtidig har faktasjekking og kvalitetssikring av informasjon blitt endå viktigare.

Sjefredaktør i Store norske leksikon, Erik Bolstad, meiner falske nyheiter er eit problem. Men det er meir nyansert enn som så.

Erik Bolstad
Foto: Arild Sandsvik / NRK

– Vi ser at bruken av SNL er veldig mykje høgare no enn nokon gong tidlegare, seier Bolstad.

Ifølge Bolstad blei det i løpet av tretti år selt 270.000 sett av papirleksikonet. I dag har SNL 600.000 leste artiklar kvar dag.

Dei yngre mest kjeldekritisk

– Så vilja til å sjekke fakta og kunnskap er no utruleg mykje høgare enn før fordi det er så lett tilgjengeleg. 85 prosent av oss som ser TV ligg med mobilen i handa og sjekkar noko vi har sett samtidig.

For eksempel eksploderte lesinga om norsk oljehistorie på SNL då TV-serien Lykkeland gjekk på NRK.

– Vi slår opp ting og sjekkar ting heilt tida. Så bevisstheita rundt det å lese og tileigne seg kunnskap er høgare no enn før. Det er utruleg fint, eigentleg.

Når SNL måler kjennskapen folk har til SNL, ser dei at den er svært høg blant dei yngste.

Blant 15 til 18-åringar har SNL vore oppe i 90 prosent kjennskap. Blant dei eldste er det derimot færre som veit at dei finst.

– Det er definitivt ei generasjonskløft. Den er motsett enn det mange trur. Dei yngste er absolutt dei mest kjeldekritiske.

Les også Sandra gikk fem på Sp-spøk om billigere drivstoff: – Nei, seriøst er det en aprilspøk?

Sandra Gaup jobber på bensinstasjon og gikk rett på limpinnen da hun leste nettsaken til avisa Ságat om billigere drivstoff.