Hopp til innhold

– Snakk med barna om døden

– Barn som veit at dei sjølv skal døy, sett seg ikkje ned og teiknar svarte bilete. Dei teiknar fargar, englefjær, håp og kjærleik, seier forfattar og sjukehusklovn Elisabeth Helland Larsen.

Elisabeth Helland Larsen

Sjukehusklovn Elisabeth Helland Larsen har jobba med barn i unntakstilstand i over 20 år. I fjor haust kom ho ut med barneboka «Jeg er døden» som ho har laga med illustratør Marine Schneider.

– Dei aller fleste ungane på sjukehuset blir friske igjen med ein gong. Men nokre blir ikkje friske. Nokre barn blir faktisk så sjuke at dei kan døy.

Elisabeth Helland Larsen har laga barneboka, «Jeg er døden», saman med illustratør Marine Schneider.

– Har nokon funne ein død tissemaur ein gong?

På Galleri Zink på Lillehammer sit 50 nysgjerrige barn på golvet framfor Elisabeth Helland Larsen for å høyre kva dama med den raude klovnenasen har å seie.

– Då eg var liten gret eg mykje når eg tenkte på døden, og det kan eg gjere enda. Men kanskje går det an å snakke om den likevel? Har nokon funne ein død tissemaur ein gong? spør Elisabeth ungane framfor seg.

– Jaaa! svarar barna i kor.

Noen tenner lys / når de ser meg komme. / Andre trekker gardinene for / og håper at jeg drar forbi.

Utdrag frå «Jeg er døden»

– Fin å ha når døden kjem og bankar på

Per Fugelli, professor i sosialmedisin ved universitet i Oslo, har avslutta kreftbehandlinga og førebur seg på døden. Han har lest boka «Jeg er døden», og seier den er ein fin inngang til å snakke om døden med barna.

Han trur likevel ikkje vi skal gjere døden til noka obligatorisk opplæring i barnehagen.

Jeg er Døden

Per Fugelli meiner at «Jeg er døden» er ein fin inngang til å snakke om døden med barna.

– Så lenge vaksne underslår døden, skal vi ikkje plage barna med den heller. Men eg trur boka er fin å ha når døden kjem og bankar på eit hus der det bur barn, seier Fugelli.

– Snakkar du sjølv med barn om døden?

– Ikkje anna enn med mine eigne barnebarn, men ikkje inngåande og vedvarande. Berre ei nøktern deklarering av at no er morfar alvorlig sjuk, og skal snart døy. Ja, det er trist som faen og vi er glade i livet, men sånn er det, døden kjem til alle, og vi skal ikkje gjere den meir forferdeleg og skremmeleg enn den treng å vere.

Per fugelli

– Så lenge vaksne underslår døden, skal vi ikkje plage barna med den heller. Men når døden først rammar kan «Jeg er døden» vere ein fin inngang til samtalar med barna, seier professor i sosialmedisin, Per Fugelli.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Nyttig for vaksne

Elisabeth Helland Larsen meiner barn har mange tankar rundt døden, og at dei ikkje er redde for å prate om den.

– Du skal ikkje vere lenge i barnehagen før du høyrer ordet «død». Barna leiker gravferd heile tida. Det er vi vaksne som tabuerer dei opp gjennom alderen.

– Barn som veit at dei sjølv skal døy, sett seg ikkje ned og teiknar svarte bilete. Dei teiknar fargar, englefjær, håp og kjærleik, seier Elisabeth etter høgtlesinga på Lillehammer.

– Kanskje boka di er like nyttig for vaksne?

– Ja, det trur eg absolutt. Men eg er ingen guru på liv og død, eg er berre ein klovn.

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP