Hopp til innhold

Sceneskrekken heldt talentet borte frå scena i åtte år

Eline Thorp fekk endeleg sitt gjennombrot i musikkbransjen. Så kom sceneskrekken. Det tok åtte år før ho nå er klar for å stå på scena igjen.

Artist Eline Thorp står i Tøyenparken og ser alvorleg mot kamera mens ein ser snøen i bakgrunnen

Eline Thorp var ein lovande artist, men merka at nervane tok overhand.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Eg var ikkje kontakt med meg sjølv om det eg skulle formidle. Eg klarte ikkje å eta. Eg hadde veldig vondt i magen, og vart fysisk uvel.

Vi møter artist Eline Thorp (29) heime i leilegheita hennar i Oslo.

Det er i slutten av januar, og om berre nokre få dagar skal ho stå på det mange vil kalle Noregs største scene: Melodi Grand Prix.

For åtte år sidan var den tanken utenkeleg.

Da var sceneskrekken så intens at den tok plass i kroppen hennar og gjorde ho om til ein ho ikkje kjente att.

Nervane tok overhand. Moduset vart plutseleg «å kome seg gjennom», i staden for å ha det moro på scena, og vere til stades i augeblikket saman med publikum.

Det er jo aldri bra. Ein skal aldri gå ut på scena med den kjensla. For det trur eg også publikum merkar, seier Hamarøyværingen.

Eline Thorp heime i leiligheita si ved sidan av ein grøn blomst
Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Vanleg for scenekunstnarar

Eline Thorp er ikkje den einaste artisten som slit med sceneskrekk.

Anna of The North har vore open om scenenervane. Det same har den britiske verdsstjerna Adele, som ofte kasta opp før ho skulle på scena.

Også heile Noregs Rolv Wesenlund hadde så alvorleg prestasjonsangst at han vart innlagt på sjukehuset før teaterframsyning.

Adele i forbindelse med Brit Awards 2022

Adele har slite mykje sceneskrekk, og skal visstnok ha gått i hypnosebehandling for å dempe nervene.

Rolv Wesenlund

I ein biografi om Rolv Wesenlund, ein av Noregs fremste komikarar, kjem det fram at tanken på «scena» tok frå han all søvn og matlyst.

Anna of the North er klar for VG-lista Rådhusplassen 2022

Anna of The North har vore ærleg om at ho har prestasjonsangst, og at det har vore vanskeleg å halde konsertar.

Hugh Grant

Hugh Grant har fleire gongar uttrykt at han vil slutte med skodespel fordi han har problem med panikkanfall når kameraet rullar.

Barbra Streisand attends the Hand in Hand: A Benefit for Hurricane Harvey Relief in Universal City, Calif. on Sept. 12, 2017.

På toppen av karrieren sin fekk Barbra Streisand sceneskrekk. I 27 år lot ho vere å spele på store offentlege samankomstar.

Angst for å prestere

Ifølgje psykolog Tommy Sotkajærvi er sceneskrekk ikkje ein diagnose, sjølv om det kan opptre som ein underkategori av sosial angst eller annan angstliding.

– Sceneskrekk er ei form for prestasjonsangst. Angst for å prestere ei oppgåve, forklarar han.

Sotkajærvi peiker vidare på at prestasjonsangsten fort kan bli ein sjølvoppfyllande profeti.

Du blir redd for at du ikkje skal prestere, noko som fører til at du får ein angstaktivering rett i forkant. Som igjen vil påverke prestasjonen.

Psykolog Tommy Sotkajærvi

Psykolog Tommy Sotkajærvi rår deg til å akseptere angsten, og bli ven med den.

Foto: GEIR SYVERSEN / GEIR SYVERSEN

Angst er fryktsystemet vårt som førebur oss på noko skummelt som kan skje. Da blir kroppen stressaktivert, og du kan byrje å skjelve på stemma, du kan bli tørr i munnen, bli svimmel eller det kan bli vanskelegare å ta dei gode magedraga, forklarar han.

Slik var det også for Eline Thorp.

Rockefeller og Hovefestivalen

I 2011 kom gjennombrotet for den talentfulle musikaren frå nord.

Eline vart Ukas Urørt. Ho vart bedt om å vere oppvarmingsartist for Kråkesølv, hennar største forbilde på den tida, på Rockefeller i Oslo. Det var Bylarm, Hovefestivalen og Slottsfjellfestivalen i løpet av sommaren.

Da var ho berre 17 år, og slapp i utgangspunktet ikkje inn på dei stadane ho spelte.

Det var ei veldig fin, men merkeleg tid. Eg reiste rundt med bestekompisen min, og vi hadde det veldig artig, fortel ho.

Men allereie da kjente ho på ei uro. Ei uro som skulle vekse seg større og større. Da ho gav ut debutalbumet i 2014 var spenninga på brestepunktet.

Eline Thorp under ein konsert

Eline Thorp under ein konsert i 2014.

Foto: Lela Nivanov / NRK

Mareritt og katastrofetankar

– Eg kjente på ei uro over det å vere ein utøvande artist.

Det kjentest ut som at meir og meir stod på spel. Nå var det fleire involverte. Da ville eg prestere på øvste nivå, slik at folk skjønte at det lønte seg å satse på meg, legg ho til.

Kvar konsert la ho meir og meir press på seg sjølv.

– Det enda med at eg fekk veldig mykje mareritt og katastrofetankar den siste turneen eg hadde hausten 2014, fortel ho.

«Fake it til you make it»

For Eline vart det verre og verre. Ho syntest også det var vanskeleg å snakke høgt om det.

– Det var nok på grunn av skuldfølelse og skam at eg ikkje snakka om det til nokon.

Eg trur eg tenkte «fake it til you make it» til vi når punktet der vi kan puste.

Men punktet kom ikkje, og etter turneen i 2014 bestemte Eline seg for å ta eit halvt års pause.

Eline Thorp under konsert

Eline Thorp merka at stresset rundt konsertane tok meir og meir over kroppen hennar i 2014.

Foto: June Hammer Iversen

Pause på åtte år

I løpet av denne tida innsåg Eline kor mykje sceneskrekken og stresset hadde kosta.

Det var veldig godt å sleppe uroa, og angsten rundt spelinga. Da merka eg kor mykje det hadde slite på meg.

Plutseleg vart det halve året til åtte år.

Hamarøyværingen byrja å studere, og har nå ein master i samfunn og religion. I tillegg har ho tatt pedagogikk, og er med det også utdanna lærar.

Men nå har ho bestemt seg for å kome tilbake til scena i årets Melodi Grand Prix.

Ville ikkje gi opp

For etter at ho slutta å opptre for åtte år sidan var det fleire som lurte på om ho hadde lagt frå seg musikken. Om ho hadde gitt opp.

Sjølv om ting blir sagt med beste intensjon, og med kjærleik, har dei spørsmåla vore veldig vanskeleg å ta i mot. For eg har kjent inni meg at eg er ikkje ferdig, seier Eline.

For å kome tilbake til scena har ho utfordra seg sjølv på mange ulike vis.

Ho har blant anna gått på impro-kurs for å eksponere seg sjølv for frykta.

Det er viktig å lære seg å kjenne på det fæle, utan å skyve det frå seg, og på den måten kome seg ut av det, seier ho.

Eline Thorp står i Tøyenparken med snøen i bakgrunnen. Ho smiler.
Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Det er også psykolog Sotkajærvi positiv til:

– Det å invitere inn angsten, og erfare at det går bra trass i at den er der, er viktig for å kunne meistre den. Nokre gongar kan sceneskrekken endre seg slik at det blir noko positivt.

– Å bli redd eller stressa er også eit signal fra kroppen din på at du er i ferd med å gjennomføre ei oppgåve som betyr noko for deg. Om man ein blir ven med redselen kan den bli ein styrke, noko du hentar energi og driv frå. Noe ein kan oppleve som eit kick, fortel han.

Finn trygge haldepunkt

Eline Thorp har råd til deg som slit med det same:

Den tala, den framføringa, den songen er ein så liten del av livet om ein skal sjå det i den store samanhengen. Finn dei trygge haldepunkta. Finn dine ritual og mantra før du gir deg ut på det, oppmuntrar ho.

For Eline har det vore det at «dette kan eg». Om det går litt skeis så har ikkje det noko å seie for ho som artist eller for kven ho er som person.

Ho gjekk mange rundar med seg sjølv før ho takka ja til Melodi Grand Prix, og 29-åringen trur det kjem som ei overrasking at ho er med i Noregs største musikkonkurranse.

Men for meg er det veldig riktig steg å ta. Dei som jobbar med det er også klare over at det framkallar nervar i kvar og ein artist, og det er heilt greitt om eg dummar meg ut, eller gløymer teksten.

Eline Thorp i profil

Eline Thorp har jobba med seg sjølv for å kome tilbake til scena.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Les også Slik blir rekkefølgen i siste delfinale!

Melodi Grand Prix 2023: Delfinale 3

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters