Champagnen sprutar
Burlesque-artisten ertar publikum

Swing'it

Bandet som vil slå eit slag for jazzen og 1920-talet

«Vi ønsker at folk skal danse, drikke champagne og cocktails, og føle at dei er på ein hemmeleg fest i New York på 1920-talet.»

Martin Jarl, Swing'it

Swing’it har hatt over 600 konsertar i Europa.

Dei skolerte musikarane har spelt på jazzkafear, på hemmelege barar, og er sjølvskrivne på Kongsberg jazzfestival – Noregs største jazzfestival.

«Swing'it er improvisasjon, leikenheit og god stemning. »

Martin Jarl, Swing'it

Likevel har dei ofte falle mellom to stolar. Dei hardbarka jazzartistane meiner Swing'it er for kommersielle. Medan musikkbransjen meiner dei er for lite pop.

«Det er ingen som har hatt trua på oss. Sjølv om vi ikkje har fått noko anerkjenning, seier folk at dei synest musikken vår er gøy!»

Martin Jarl, Swing'it

«Vårt mål er å spreie jazzen ut til folket, og få mannen i gata til å avgjere sjølv om han likar det eller ikkje.»

Martin Jarl, Swing'it

Før pandemien laga dei det suksessrike konseptet «Prohibition». Det er eit show med 1920-tals dans, burlesque, kabaret og musikk i eit herskapeleg lokale med publikum kledd opp i Gatsby-stil.

«Dei glade 20-åra» fascinerer dei sju musikarane i Swing'it:

«Det er heile pakka. Dansen. Kleda. Frigjeringa. Det var ulovleg å feste, og likevel arrangerte dei hemmelege festar og fortsette å kjempe for fridom. »

Martin Jarl, Swing'it

«Prohibition» har verkeleg slått an, og for tida reiser dei rundt i Europa og spelar for fulle salar i byar som Berlin, London, Amsterdam og Paris.

«Vi treffer veldig bredt. Det er alt frå 20-åringar til 60-åringar som kjem på «Prohibition».»

Martin Jarl

Musikarane ser at interessa for jazz, swing og Lindy Hop har blomstra i Europa den siste tida.

«Vi kan kanskje kalle det for ein renessanse. Eg håpar i alle fall på full oppblomstring. »

På laurdag skal dei stå på scena i Melodi Grand Prix. Gladjazzen skal ut til massane.

«Mykje av dagens musikk er overprodusert med autotune og andre digitale hjelpemiddel. Vi vil ta tilbake det autentiske. »

Martin Jarl, Swing'it

Dei lovar eit MGP-show med mykje energi og glede.

«Eg håpar at spelegleda vår smittar gjennom skjermen.»

På spørsmål om kvifor dei fortener å gå vidare til finalen svarer dei:

«Fordi vi er mykje større i utlandet enn i Noreg. I tillegg brukar vi ikkje autotune.»

Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal