Hopp til innhold

Han ville «make America great again» – no vender folk han ryggen

Kanye West har hausta lovord både for musikk og design. No står han i ein skikkeleg hauststorm. Kva er det som har skjedd?

Kanye West

I HARDT VÊR: Lista over folk som har brote band med superkjendisen Kanye West har blitt lang.

Foto: Evan Vucci / AP

Kanye West (45), som no formelt heiter «Ye», har tidlegare stilt som presidentkandidat og kalla slaveriet for «eit val».

Han er med andre ord ikkje framand for å skapa overskrifter. Denne hausten er utan unntak.

Her er fem grunnar til at det har storma rundt artisten.

White Lives Matter

Det starta på moteveka i Paris, skriv The New York Times.

Kanye West opna moteframsyninga for sitt eige klesmerke «Yeesy» kledd i ein genser med setninga «White Lives Matter» på ryggen.

Kanye West med "White lives Matter" på ryggen.

Kanye West med «White Lives Matter» på ryggen

Foto: Skjermdump tatt 05.11.22

Uttrykket byrja å florera i 2015 som eit motsvar til Black Lives Matter-rørsla.

Kolleksjonen til West i Paris blei ikkje tatt varmt i mot. På sosiale medium byrja det å koka.

I eit intervju med Fox News skal Kanye West ha sagt at han tykkjer T-skjorta er «morosam».

– Svaret på kvifor eg skreiv «White Lives Matter» på T-skjorta er fordi dei gjer det, sa han og forklarte ifølgje CNN at stuntet skapte sterke reaksjonar fordi han ikkje opptredde på ein måte som media godkjenner.

Kanye West under moteveka i Paris.

Kanye West under moteveka i Paris.

Foto: JULIEN DE ROSA / AFP

Ifølgje TMZ er Kanye West også saksøkt av familien til George Floyd for 250 millionar dollar.

I podkasten «Drink Champs» hevda West at det var ein fentanyloverdose og underliggjande sjukdom, heller enn politivald, som førte til George Floyds død.

Låste kontoar

Stormen rundt Kanye West tok seg opp på sosiale medium då Sean Combs, rapparen som blant anna er kjent under namnet Puff Daddy, posta ein video på Instagram.

Der sa han at han ikkje støtta T-skjorta. Han oppmoda også folk til å ikkje kjøpa T-skjorta.

Sean Combs

Rapparen Sean Combs, som blant anna kjent under artistnamna P. Diddy og Puff Daddy, har kritisert Kanye West.

Foto: ANGELA WEISS / AFP

Seinare posta West eit skjermbilete av ein samtale med Combs der han antyda at Combs blei kontrollert av jødar.

Instagram sette restriksjonar for West.

Det fall tydeleg ikkje i god jord hjå den kjende rapparen. Då tok han i bruk Twitter der han la ut eit bilete av han og Meta-sjef Mark Zuckerberg.

– Sjå på dette, Mark. Korleis kan du kasta meg ut av Instagram? skreiv han.

Det var då første gongen på to år at Kanye West ytra seg på Twitter.

Elon Musk ynskte han varmt velkomen tilbake på plattforma:

– Velkomen tilbake til Twitter, min ven!

Elon Musk om Kanye West på Twitter.

Elon Musk ynskjer Kanye West velkomen tilbake på Twitter.

Foto: Skjermdump tatt 05.11.22

Det tok ikkje lang tid før også Twitter låste kontoen hans. I ein twittermelding skreiv Ye at han «snart vil gå death con 3 mot jødiske folk». Meldinga blei sett på å spela på omgrepet defcon, som er namnet på ein forhøgja beredskapsstatus som blir brukt av dei væpna styrkane i USA.

Restriksjonane på Instagram og Twitter gjorde at artisten ikkje kunne leggja ut innlegg for ein bestemt periode.

Kjøper Parler

Berre ei veke etter at Instagram og Twitter låste kontoane hans, blei det kjent at West kjøper det sosiale nettverket Parler.

Parler er kjent for å vera populær på den ytre høgre fløya i USA. Plattforma definerer seg sjølv som ein stad der konservative skal få snakka fritt.

Kanye West og Donald Trump.

Kanye West og Donald Trump i 2018. Ifølgje magasinen Rolling Stone meiner til og med Trump at Kanye er gal.

Foto: SEBASTIAN SMITH / AFP

Mange av tidlegare president Donald Trump sine tilhengarar bruker nettverket.

Nettverket blei kasta ut av appbutikkane til både Google, Apple og Amazon etter storminga av Kongressen 6. januar i fjor.

Parlers handtering av innlegg som eggja opp til vald, blei gitt som årsak.

Parler gjorde likevel comeback i februar i fjor.

Kanye West kjøper Parler.

Parler er kjent for å vera populær på den ytre høgre fløya i USA.

Foto: CHRIS DELMAS / AFP

Brotne band

Balenciaga, Gap, JPMorgan Chase og agentfirmaet CAA er blant dei som har tatt avskjed med Kanye West som samarbeidspartnar og klient, blant anna etter dei antisemittiske kommentarane frå rapparen.

Det har kosta.

– Kanye West er ikkje lenger milliardær, skreiv det amerikanske forretnings- og finanstidsskriftet Forbes i slutten av oktober.

Også den amerikanske fotballspelaren Aaron Donald og basketspelar Jaylen Brown har avslutta kontraktane sine med Kanye West sitt agentselskap Donda sports.

Adidas har brote samarbeidet med Kanye West.

Adidas har òg brote samarbeidet med rapparen.

Foto: Seth Wenig / AP

Adidas, som tidlegare har karakterisert Kanye West-samarbeidet som «eitt av dei mest suksessfulle i skobransjens historie», har òg brote samarbeidet med rapparen.

I eit utsegn skreiv det tyske selskapet at dei ikkje tolerer antisemittisme eller andre former for hatprat.

No risikerer selskapet å gå på ein smell på opptil 250 millionar euro i mogleg nettoinntekter i 2022.

Samstundes steig Adidas-aksjen brått, då det fredag blei kjent at nordmannen Bjørn Gulden kan bli ny toppsjef i Adidas.

I tillegg er ein sendeklar dokumentar om Kanye West lagt vekk og vil ikkje bli sendt, rapporterer Varierty. Til og med Madame Tussauds har fjerna voksfiguren av Kanye West, skriv The Guardian.

Kanye West, Anna Wintour og Kim Kardashian.

Kanye West med Vogue-redaktør Anna Wintour og ekskone Kim Kardashian. Dei begge har brote band med artisten.

Foto: Lucas Jackson / Reuters

Lista over dei som kuttar band til artisten blir altså stadig lengre.

Sjølv Kim Kardashian, ekskona til Kanye West, tok til motmæle mot eksmannen i eit Twitter-innlegg.

Ho har tidlegare snakka ope om at eksmannen er diagnostisert med bipolar liding.

Også Donald Trump skal ha sagt at Kanye West er «gal og treng hjelp», skriv magasinet Rolling Stone.

Verbal faste

Overskriftene som handlar om Kanye West denne hausten er altså mange.

Seinast denne helga skapte han overskrift då han annonserte at han kjem til å ta ein «verbal faste».

Ifølgje Sky News har Kanye West sagt på Twitter at han «ikkje kjem til å snakka med nokon, drikka alkohol, sjå vaksenfilmar eller ha sex på ein månad».

Samstundes skriv han at den «verbale fasta» ikkje råkar aktiviteten hans på Twitter.

Heilt stille blir det truleg difor ikkje frå den kontroversielle artisten.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober