Hopp til innhold

Desse vil bli ny direktør for Nasjonalmuseet

Blant søkarane er Stina Högkvist som skapte debatt i vår då ho kalla eitt av Christian Krohgs måleri for «kolonialistisk».

Stina Högkvist

Stina Högkvist er ein av 30 som har søkt på stillinga som for direktør ved Nasjonalmuseet.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

I januar vart det kjent at Karin Hindsbo gir seg som direktør for Nasjonalmuseet når åremålsperioden er ferdig i juni.

Hindsbo har vore direktør for Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design sidan 2017, og er tilsett i ei åremålsstilling på seks år.

– Mest oppsiktsvekkande

I utgangspunktet var det 33 søkarar til saman, men tre har trekt seg.

Blant søkarane er Stina Högkvist, nåverande samlingsdirektør ved Nasjonalmuseet.

Stina Högkvist

Stina Högkvist har vore samlingsdirektør ved Nasjonalmuseet sidan 2018.

Foto: NTB

– Det er ein fantastisk spanande jobb, og eg ser fram til prosessen, skriv Högkvist på SMS.

I vår var ho under hardt vêr for å ha kalla måleriet «Leiv Eiriksson oppdagar Amerika» av Christian Krohg for «kolonialistisk».

Högkvist har seinare beklaga formuleringa. Ho brukte dette som ei forklaring på at det ikoniske bildet var fjerna frå utstillinga, for å via plass til annan kunst.

– Det mest oppsiktsvekkande er at Högkvist er blant søkarane, seier kulturkommentator i NRK Inger Merete Hobbelstad.

Christian Krohgs kjente maleri av Leiv Eiriksson som oppdager Amerika.

Nasjonalmuseet fekk måleriet i gåve frå The Leif Erikson Memorial Association i Chicago i 1900.

Illustrasjon: CHRISTIAN KROHG.

– Då fekk ho sakleg mykje kritikk, men også hets. Ingen av delane har avskrekka ho. Ho er ein kandidat med eit veldig klart syn på kva eit nasjonalmuseum skal vera, og dette er eit syn som er omstridt. Ho ynsker nok å bryta med gamle normer og tradisjonar i større grad enn mange andre kandidatar.

Internasjonale søkarar

I tillegg til etablerte norske namn, er det også ein handfull internasjonale søkarar på lista.

– I debatten rundt Leiv Eiriksson-måleriet var det fleire som spurte om det var ei ulempe å koma frå eit anna land og skulle leia Nasjonalmuseet, fortel Hobbelstad.

Den gongen spurde blant Mímir Kristjánsson (Raudt) på Facebook «med kva for ein rett ein dansk museumsdirektør og ein svensk avdelingsleiar i postkolonialismens namn skal få lov å redigera den norske kunstnariske kanon».

Karin Hindsbo - direktør Nasjonalmuseet

Karin Hindsbo går av i juni som direktør for Nasjonalmuseet etter seks år i stillinga.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

– Det blir interessant å sjå om dette påverkar denne prosessen på nokon måte, og om styret vil føretrekka ein norsk leiar denne gongen, seier Hobbelstad.

– Tunge, norske namn

Ifølgje Aftenposten er KODE-direktør Petter Snare og direktør Solveig Øvstebø ved Astrup Fearnley Museet blant favorittane som er vorte nemnde til stillinga, men verken Snare eller Øvstebø står på den offentlege søkarlista.

– Elles finst det tunge norske namn på lista. Blant dei er Jarle Strømodden, sjef for Vigelandmuseet, og Hanne Beate Ueland, avdelingsdirektør ved Stavanger kunstmuseum.

Hobbelstad nemner også Sigurd Sverdrup Sandmo, som for ikkje så lenge sidan gjekk frå å ha ansvaret for Dei kongelege samlingar til å verta sjef for Kunst i offentlege rom (KORO).

–Nasjonalmuseet er ein heilt spesiell institusjon som forvaltar store verdiar på fellesskapen sine vegner. Då følast det riktig å bidra til ein open prosess og ikkje søke om konfidensialitet, seier Sandmo.

Håper å ha klar ny direktør før sommaren

Styreleiar Maria Moræus Hansen seier ho er godt nøgd med søkarlista dei har fått til direktørstillinga, og gler seg til å ta til på arbeidet med å vurdere kandidatane.

Maria Moræus Hanssen - styreleder i Nasjonalmuseet

Maria Moræus Hanssen – styreleiar

Foto: Lise Åserud / NTB

– Vi er tidleg i vurderingsfasen, men vi synest vi har fått ei spennande liste. Mange søkarar med forskjellig bakgrunn og kompetanse.

Ambisjonen er å kunne tilsette og annonsere ny direktør for Nasjonalmuseet før sommaren.

Når det gjeld kva nasjonalitet den nye direktøren bør ha, er det eitt av fleire omsyn styreleiaren skal ta med i vurderinga

– Det er mange omsyn som kjem til å vege tungt i prosessen. Det er kompetanse, det er erfaring og det er nasjonalitet. Eg prøver å ha eit veldig ope sinn, meg høyrer kva alle seier.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters