Hopp til innhold

Deltek på Pride for fyrste gong

OSLO (NRK): Ut av skapet-deltakar Jonathan Kongsbak Jæger skal gå i Pride-paraden for fyrste gong laurdag. Med seg har han ein viktig støttespelar.

Jonathan Jæger

GODTA SEG SJØLV: – Den viktigaste delen av prosessen med å koma ut av skapet er å godta seg sjølv, da har det ikkje så mykje å seia kva andre meiner, seier Jonathan Kongsbak Jæger.

Foto: NRK

– I dag har eg smilt frå øyre til øyre. Eg har vore på Pride Park i Spikersuppa, og det var så mykje openheit og kjærleik.

Det seier Jonathan Kongsbak Jæger (23), som deltek på Pride-festivalen i Oslo for fyrste gong. I fjor haust var Jæger ein av deltakarane i NRK-serien Ut av skapet, ein dokumentarserie som følgde fem ungdommar som ville bli opne om legninga si.

Samisk flagg på Oslo Pride 2016

I FJOR: Det samiske flagget var med på Oslo Pride i fjor.

Foto: Mette Ballovara, NRK

Jæger fortel at det var vanskeleg å fortelja foreldra sine at han var homofil fordi han samtidig måtte vera ærleg mot seg sjølv.

– Den viktigaste delen av prosessen med å koma ut av skapet er å godta seg sjølv. Nå gler eg meg til paraden på laurdag, eg har ganske høge forventningar.

Og i paraden skal Jæger gå i lag med mora.

– Det betyr mykje at mamma skal gå i lag med meg. Ho er så open, og det er viktig for meg at eg kan snakke med ho om alt.

Mamma kunne jo vore homofob, det er ho heldigvis ikkje.

Jonathan Kongsbak Jæger

Ventar rekordoppmøte

Ingvild Endestad

STOR ENGASJEMENT: Leiar i FRI, Ingvild Endestad, fortel at homofile sine vanskelege situasjonar i mellom anna Indonesia og Tsjetsjenia er éin grunn til at folk engasjerer seg ekstra mykje i år.

Foto: FRI

Det er foreininga FRI som står bak pridearrangementa i Noreg. Leiar Ingvild Endestad seier at Pride-festivalen i Bergen tidlegare i juni hadde stor deltaking.

– Det var ei dobling av talet på deltakarar frå i fjor. Vi forventar same tendens i Oslo.

– Kvifor har det vore så stor interesse for paraden i år?

– Eg trur det har vore litt uklart kvifor ein treng ein slik parade. Men folk har kanskje fått ei ny forståing for kor vanskeleg det framleis er for mange etter at vi lanserte kampanjen vår.

I mai lanserte FRI kampanjen #gåformeg, der dei samlar anonyme historier frå folk som ikkje tør å delta på Pride.

Kjende personar fortel historiene vidare og oppfordrar alle til å gå i paraden for dei som ikkje tør. Statsminister Erna Solberg er blant dei stilte opp.

Sidan mai har FRI motteke nesten 400 nye historier, og det tikkar framleis inn fleire.

– Det er sårt å lesa om folk ikkje kan leva livet sitt fritt, seier Endestad.

Det verste er folk som fortel at dei har gjeve opp tanken om å vise fram kven dei eigentleg er. Men eg håpar at det store engasjementet kan gjera det lettare for dei.

Ingvild Endestad

Eit spesielt år

Isak og Even i serien SKAM

HAUSTA ROS: Tredje sesong av «Skam» fekk mykje ros for måten dei fortalde om ung, homofil kjærleik mellom Isak og Even.

Foto: NRK

I tillegg til #gåformeg og Ut av skapet, er det fleire hendingar det siste året som kan ha bidreg til auka interesse for homofiles rettar.

Førre sesong av nettdramaserien «Skam» hausta mykje merksemd rundt kjærleiksforholdet mellom Isak og Even.

Dokumentarprosjektet «Jævla homo» skapte òg mykje liv på sosiale medium, etter at ei rekkje kjende folk stilte opp i ein genser med same skrift.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.