Hopp til innhold

Bollestad seier unnskyld til skeive: – Driv ryddesjau

KrF-leiar Olaug Bollestad tar eit oppgjer med korleis partiet har behandla homofile. – Dette handlar om å opne opp partiet for alle, seier kommentatorar.

Olaug Bollestad

Olaug Bollestad seier at det har blitt gjort mange feil opp gjennom åra.

Foto: William Jobling / NRK

KrF-leiar Olaug Bollestad har gått ut og beklaga måten homofile har blitt behandla på. Dette gjorde ho i podkasten «Størst av alt? Samtaler om tro og legning».

– Eg kan ikkje anna enn å seie unnskyld. Eg synest berre det er trist, seier Bollestad.

I dag har ho vore på besøk i Herøy på Sunnmøre, der kristendomen står sterkt. Partileiaren er lei seg for at folk i KrF har opplevd at det ikkje har vore plass til dei.

– Det har vore for smalt og har du hatt ei seksuell legning som er homofil, så har dei opplevd at det ikkje er plass. Det er leit og eg har bedt om unnskyldning for det, seier Bollestad til NRK.

Også tidlegare partileiar og statsminister Kjell Magne Bondevik støttar unnskyldninga til Bollestad, skriv avisa Vårt Land.

Ryddar i skuffer og skap

Rettane til homofile har vore eit stridsspørsmål i partiet i fleire omgangar. På 1990-talet trekte KrFU sin homofile leiar seg. I 2018 vakte det sterke reaksjonar at familiepolitisk talsperson Geir Jørgen Bekkevold vigde eit lesbisk par som prest. Mange melde seg ut av partiet i protest, og meinte dette var i strid med partiprogrammet.

Emil Andre Erstad er kommentator i den kristne avisa Vårt Land og har sjølv vore medlem i KrF. I radioprogrammet «Kompass» på P2, seier han at Bollestad no ryddar opp for å opne partiet for fleire veljarar.

– Ho har ein stor ryddesjau på gang og har gjort det i lengre tid og kome med liknande signal i abortspørsmålet og skeive, seier Erstad.

Kva risikerer ho med ei slik unnskyldning?

– Alltid når ein Krf-leiar uttalar seg om skeive har ein del av partiet reagert negativt på det, fordi dei har eit annleis og meir konservativt syn på homofili, som eit teologisk fenomen, seier Erstad.

Politisk kommentator i NRK, Tone Sofie Aglen, trur unnskyldninga Bollestad kom med, gjer det enklare for både partiet og veljarane som er skeive.

– Eg trur også at KrF framstår som eit rausare parti, seier Aglen. Ho trur ikkje unnskyldninga er kontroversiell, men ein del kan nok bli bekymra for kva det neste KrF må gi etter på, slik som surrogati eller pride.

Bollestad er skeptisk til at barn skal eksponerast for pride

Var på tide

Leder i Skeivt Kristent Nettverk, Elisabeth Meling

Elisabeth Meling er leiar i Skeivt kristent nettverk

Foto: Privat

Elisabeth Meling, som er styreleiar i organisasjonen Skeivt kristent nettverk, meiner det var på høg tid å kome med ei unnskyldning.

Ho meiner både Bollestad og andre leiarar burde ha tatt eit tydelegare standpunkt då Bekkevold vigde eit lesbisk par.

– Og ei unnskyldning må følge ei handling. Dersom valde personar i KrF framleis held oppe mykje av dei same haldningane som dei har gjort før, så blir det ei hol unnskyldning, seier Meling.

Ho hevdar at det framleis finst folk i partiet som stiller seg negativt til skeive.

Generelt har det blitt lettare å vere kristen skeiv, men framleis opplever mange å bli stigmatisert i kristne samanhengar.

– Ein opplever eit sterkt kulturell press om å passe inn som heterofil.
Og dersom ein ikkje er heterofil, så opplever ein seg som den rosa elefanten i rommet, seier Meling.

Sprik blant medlemmane

Trude Brosvik, som er gruppeleiar i KrF i Vestland, er takksam for at Bollestad tar opp temaet.

Menneskeverd er ein av dei vesentlege verdiane som KrF byggjer politikken sin på. Programmet vårt har gode formuleringar og er klar på at ein ikkje skal diskriminere også ut frå seksuell legning, seier Brosvik.

Trude Brosvik

Trude Brosvik (KrF) sit i fylkestinget i Vestland.

Foto: Sondre Dalaker

Ho seier vidare at det heilt klart er eit sprik blant medlemmane om kva dei meiner er rett og gale. Då blir det ei oppleving av at ein ikkje godtek homofile og lesbiske.

VI har hatt ei utfordring. Eg trur bindingane til trussamfunn har gjort at ein har sett på dette med ulike auge og ikkje klart å skilje heilt mellom at du kan meine noko i trussamfunnet ditt, og meine andre ting politisk, seier Brosvik.

Skal ikkje endre politikk

Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Åse Kristin Ask Bakke, meiner ei unnskyldning for fortida ikkje er nok.

– Det held ikkje å seie unnskyld, og berre fortsette som før. Ein må endre politikken for at den unnskyldninga skal vere verdt noko. Dei har framleis homofiendtleg politikk i KrF. Seinast for tre månader sidan stemte dei ned forslag mot konverteringsterapi.

Bør ikkje dei få ha si tru?

– Det må dei gjerne ha, dei er jo eit kristeleg folkeparti, så dei skal få tru det dei vil. Men dette handlar om haldningane til homofile i 2024, seier Bakke.

Åse Kristin Ask Bakke, andrekandidat for Ap i Møre og Romsdal 2021

Åse Kristin Ask Bakke, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, seier det er fint at KrF seier unnskyld, men at dei i praksis må vise at dei meiner det.

Foto: Remi Sagen / NRK

Bollestad seier at ho er oppteken av at KrF er eit politisk parti som skal lage politikk for alle i samfunnet, og ho ønsker eit parti der alle er velkomne.

Så då skal de endre på partiprogrammet?

– Nei, det skal vi ikkje. Poenget er at vi skal lage politikk som er for alle. Det er det som er KrF sitt kristendemokratiske prosjekt, seier Bollestad.

Unnskyldninga hennar er for det som skjedde tilbake i tid, der det ikkje var plass til folk med ei anna legning.

Ho meiner at dagens partiprogram viser at det nettopp er rom for alle.

– Vi har ein breidde i parti, i politikk og i måten å møte folk på, seier partileiaren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL