Hopp til innhold

Blei samanlikna med rusavhengige og prostituerte – så blei ordlyden endra

Christian Unosen (31) i Bodø blei provosert over å bli sett i same bås som prostituerte. No endrar Helsedirektoratet på retningslinjene.

Christian Unosen

Christian Unosen seier det er sårt og provoserande å ikkje få gi blod.

Foto: Sondre Skjelvik / NRK

– Eg ville vere blant dei første, stilte meg først i køen og meldte meg opp første januar.

Det seier Christian Unosen frå Bodø.

I fjor sommar sa nemleg Helsedirektoratet homofile skulle få gi blod frå nyttår, på lik linje med heterofile. Unosen kom til timen i god tru, men blodbankene hadde endra meining.

Blodbank - skilt

Blodbank, men berre om du er heterofil i Noreg i 2024.

Foto: Sondre Skjelvik / NRK

I februar snudde dei og sa at homofile likevel ikkje får gi blod.

Det var ikkje berre avvisninga som var sårande for Unosen. Han reagerer òg på formuleringa i Helsedirektoratet sine retningslinjer.

Der blei homofile sett i same bås som prostituerte og rusavhengige.

Samanlikna med prostituerte

– Eg er i den beste forma eg har vore i heile mitt liv. Eg er frisk, rask og har sunt blod som kan hjelpe mange.

Men det er ikkje godt nok for Helsedirektoratet. Fordi Unosen er homofil og i eit fast forhold seier dei at det er for mykje usikkerheit knytt til blodet hans.

Christian Unosen

– Det er mange som har ønska å gi blod i lang tid. Det er ein kamp som har vore kjempa lenge, seier Christian Unosen i Bodø.

Foto: Sondre Skjelvik / NRK

Det aller viktigaste må vere at blodet som blir gitt er trygt for dei som skal ta imot det. Kriteria for kven som kan gi blod tar utgangspunkt i dette; ingen har rett til å gi blod.

Det seier seniorrådgivar Ingeborg Hagerup-Jenssen i avdeling for helserett og bioteknologi i Helsedirektoratet.

Men det er ikkje berre det at han ikkje får gi blod fordi han er homofil Unosen reagerer på.

– Slik det står i dei offisielle retningslinjene til helsedirektoratet blir eg og andre homofile jamstilt med prostituerte og rusavhengige.

Helsedirektoratet: – Uheldig

Før hadde dei nemleg prostituerte, rusavhengige som brukar sprøyter og menn som har sex med menn i same setning.

Etter at Helsedirektoratet fekk tilsendt kritikken frå Unosen seier dei seg einig i at det blir feil.

– Vi har allereie sett at enkelte formuleringar på nettsida er uheldige og vil rette opp i desse, skriv Hagerup-Jenssen i ein e-post til NRK.

Ho viser til formuleringa om bruk av dop eller narkotika via sprøyte, prostituerte og menn som har sex med menn lista i same setning:

– Det er ei uheldig forenkling av dei meir detaljerte kriteria slik dei er beskrive i dei offisielle retningslinjene frå Helsedirektoratet.

No gir dei eit avsnitt til kvar enkelt gruppe permanent eller mellombels ekskludert frå å gi blod.

– Handlar om å bli inkludert

31-åringen frå Bodø synest det er heilt på sin plass at dei gjer desse endringane.

– Det skulle berre mangle. At det ikkje er gjort før, sjokkerer meg.

Samstundes er det viktig for han å understreke at dette på langt nær er nok.

– Berre endring i ordlyd eller kriterium gjer diverre ikkje noko med at vi fortset å stenge ute ei stor givargruppe med friske menn, som meir enn gjerne vil bidra til andres liv og helse ved å gi blod.

Nordlandssykehuset i Bodø

Einingsleiar for Blodbanken i Bodø, Birgit-Maria Andersen, seier dei ikkje moglegheit til å melde ifrå til Unosen om at han framleis ikkje kunne gi blod fordi dei ikkje kunne vite om han var homofil.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell

For han sin del handlar det både om å hjelpe, og om å bli inkludert og vere likeverdig dei heterofile.

– Eg kjenner eg blir provosert av å snakke om det. Vi diskriminerer ei gruppe menneske som berre ønsker å hjelpe andre.

I 2017 fekk homofille menn lov til å gi blod i Noreg for første gong. Men berre om dei ikkje hadde sex med nokon på eitt år.

I praksis blei det då umogleg for homofile å gi blod.

Noreg er òg strengare enn dei fleste andre. Mellom anna i Storbritannia får homofile gi blod på linje med andre.

Les også Det er lettere for Simon (33) å si at han er homofil enn at han er kristen

Simon Stisen

FHI: – Ikkje auka risiko for homofile menn

Men noko har òg endra seg i Noreg.

FHI vurderte tidlegare at homofile var meir utsett for seksuelt overførbare infeksjonar enn heteroseksuelle.

Men då dei gikk igjennom dei smittevernfaglege instruksane på nytt før sommaren, kom dei fram til at seks månadar karantenetid ved byte av partnar er nok, også for homofile.

Blodgiver gir blod

FHI har kome fram til at det ikkje er naudsynt med meir enn seks veker karantenetid ved byte av partnar – også for dei homofile. Men det er ikkje tryggande nok for Blodbanken.

Foto: Helse Bergen

– Vår vurdering er basert på at monogame homofile menn ikkje har spesielt auka risiko for seksuelt overførbare infeksjonar samanlikna med personar i stabile, heterofile forhold, seier avdelingsdirektør Anne-Marte Bakken Kran i FHI.

Testane som allereie blir gjort av blodet er òg nok til å avsløre til dømes hivsmitte.

Men Blodbankene på sin side meiner det ikkje er nok.

Lise Sofie Haug Nissen-Meyer

Lise Sofie Nissen-Meyer, leiar for seksjon for blodgiving ved blodbanken i Oslo, seier at pasientar ikkje bør bli utsett for ein eventuell auka smitterisiko for å gjere ei ny gruppe til moglege blodgivarar.

Foto: Trine Bråthen, NRK

– Det er i strid med det vel etablerte «føre var»-prinsippet i Blodbanken.

Lise Sofie Nissen-Meyer, leiar for seksjon for blodgiving ved blodbanken i Oslo, seier dei som får gi blod i Noreg er vald ut fordi dei er spesielt friske og har låg risiko for smitte i blodet.

Difor meiner ho dei burde ha blitt spurt før Helse- og omsorgsministeren og helsedirektøren avgjorde at homofile skulle kunne gi blod.

– Avgjerda er tatt på eit politisk grunnlag.

Ho og tre kollegaer frå blodbankane har laga ei fagleg vurdering av moglegheita for å la homofile gi blod.

Førebels råder dei å vente med å innføre dette i Noreg til ein har data frå andre land.

NRK forklarer

Kva skal til for at det blir like trygt at homofile menn gir blod som heterofile?

Kva skal til for at det blir like trygt at homofile menn gir blod som heterofile?

Fleire spørsmål i forkant

Dette svarer Lise Sofie H. Nissen-Meyer:

Ein moglegheit er innføring av standardiserte spørsmål som i store studiar viser seg enga til å skilje mellom blodgivande homofile menn med høg og låg risiko.

Kva skal til for at det blir like trygt at homofile menn gir blod som heterofile?

Sjå korleis det går andre stader

Ein annan moglegheit er å sjå på fleire forskingsstudiar frå land som har opne opp som gir kunnskap om kor viktig ekstra testing kan vere. Syfilis-test er ein mogleg markør for blodsmitte med virus eller bakteriar ein ikkje testar for.

Kva skal til for at det blir like trygt at homofile menn gir blod som heterofile?

Teste meir

Ein kan innføre intensivert testing (for hiv og hepatitt) for å redusere den auka risikoen for kjente virus. Ein må òg gjere ein vurdering av kostnad for totalgruppa av blodgivarar mot nytte for pasientane.

Kva skal til for at det blir like trygt at homofile menn gir blod som heterofile?

Virusdrepande behandling

Eller ein kan innføre andre tiltak som reduserer smitterisiko til pasientar, som virusdrepande behandling av blodet.

– Det følast som du blir møtt i døra av eit gufs frå fortida. Er det stigma frå 80-talet som henger igjen? spør Unosen.

– Det er ingen god kjensle å bli nekta å hjelpe andre fordi ein er homofil. At du ikkje er helsemessig skikka til å hjelpe andre fordi du har den legninga du har.

Blodbanken - skilt

Unosen i Bodø meiner svaret han får om kvifor han og andre homofile ikkje får gi blod er diffust og på svakt grunnlag.

Foto: Sondre Skjelvik / NRK

Men helsedirektør Bjørn Guldvog seier han no vil følge råda frå blodbanken om å vente.

– Vi trudde kanskje at jobben blei enklare enn den viste seg å vere, seier han.

Guldvog tør heller ikkje svare på når homofile som Unosen i Bodø kan gi blod på lik linje med heterofile.

– No har eg gått for langt i å love det ein gong. Eg kjem ikkje til å gjere det igjen.

Les også Ble filmet da han hetset homofilt par: – Det jeg gjorde er forkastelig

Blir hetset på utested i Bodø

Les også Ole (29) var redd for å kysse kjæresten på ferie: – Jeg følte meg truet

Ole Larsen Winge på ferie i Italia.