Hopp til innhold

Dette biletet er tatt av den beste fotografen i verda

Alejandro Chaskielberg vann den gjevaste prisen under Sony World Photo Awards 2011. Blant dei andre vinnarane er ein smykkeprodusent frå Hong Kong som er sjølvlært fotograf.

34 år gamle Alejandro Chaskielberg vart kåra til den beste fotografen i verda i går. Han vann for serien «High Tide», som han tok medan han budde hjå innbyggjarane ved elvedeltaet Parana i Argentina. Det er ein portrettserie som er tatt om natta, over to år.

Juryen syntest ikkje det var vanskeleg å kåre Chaskielberg til vinnar av konkurransen.

Desse nøye regisserte bileta fortel solide sanningar om slit, felleskap og å overleve på minst mogleg, på ein strålande antydande måte.

Sony World Photo Awards-juryen

Brukte fullmånen

Alejandro Chaskielberg har jobba som fotograf sidan han var 18 år, då han byrja i lokalavisa.

«Eg brukte fullmånen som eit nøkkelelement i komposisjon og lyssetting, medan innbyggjarane heldt seg i ro i opptil ti minutt. Lang eksponeringstid kombinert med fullmånen gjer at eg kan kunstig lyssette delar av landskapet», seier Chaskielberg sjølv om vinnarbileta i ei pressemelding.

Intensjonen hans var å presentere ein annan versjon av Parana-deltaet og samfunnet der, som han meiner er blitt ignorert. Fotografen er sjølv frå Argentina.

Førsteprisen er på 25.000 amerikanske dollar og vart delt ut på ein seremoni i London onsdag kveld.

Alejandro Chaskielberg vant den prestisjetunge L'Iris d'Or. Dette bildet er kalt "The Captain".

Eit av vinnarbileta Chaskielberg tok i Argentina.

Foto: Alejandro Chaskielberg / Sony World Photo Awards

Kjøpte første kamera i 2006

Chan Kwok Hung vart beste fotograf i open klasse for det dramatiske biletet «Buffalo Race».Den 37 år gamle smykkeprodusenten frå Hong Kong kjøpte sitt første kamera i 2006 og lærte seg sjølv å fotografere gjennom bøker og Internett.

Biletet er tatt i Indonesia, der det kvart år blir arrangert okselaup før innhaustinga byrjar. Om oksen din vinn er det eit teikn på at det blir ein god sesong.

Chan Kwok Hung fra Hong Kong ble kåret til årets fotograf i åpen klasse for dette fotografiet.

Han kjøpte sitt første kamera for fem år sidan. I dag er han ein av verdas beste fotografar: Chan Kwok Hung.

Foto: Chan Kwok Hung / Sony World Photography Awards 2011

Sjå fleire fotosaker frå NRK.no:

Våpenindustrien i Latin-Amerika

Spanjolen Javier Arcenillas vann i to klasser, både for beste profesjonelle samtidsfoto og nyheitsfoto. Han har mellom anna dokumentert eit av dei mest populære og profesjonaliserte yrka i Latin-Amerika: Våpenmenn, ifølgje Arcenillas.

Inntektene varierer, men drap i Guatemala, Salvador, Honduras og Mexico rekrutterer mange folk, inkludert mindreårige, til våpenindustrien. Dei blir frista av kor enkelt det er å tene pengar som gir dei respekt og frykt.

Javier Arcenillas
Sicarios

Eit av bileta Arcenillas vann beste nyheitsfoto for. Han dokumenterte våpenindustrien i Latin-Amerika.

Foto: Javier Arcenillas/ Sony World Photo Awards

Noreg nådde ikkje opp

Den amerikanske fotografen Bruce Davidson fekk pris for framifrå innsats gjennom ei årelang fotokarriere. 77-åringen følgde mellom anna ein Brooklyn-gjeng på 1950-talet og dokumenterte borgarrettigheitskampen på 1960-talet. Han har vore medlem av fotobyrået Magnum sidan 1958.

I tillegg vart det delt ut prisar for beste profesjonelle fotograf i klasser som sport, reise, livsstil, portrett, arkitektur og konseptfoto.

Over 105.000 fotografi var med i konkurransen, frå 162 land. Frå Noreg var Espen Rasmussen representert, men han nådde ikkje opp blant dei fremste fotografane i verda.

Pavel Wolberg

Pavel Wolberg vann i klassa for beste sportsfoto. Han har base i Israel til vanleg.

Foto: Pavel Wolberg/ Sony World Photo Awards

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters