Hopp til innhold

Slik har du ikkje sett McCartney før

Linda McCartney portretterte alle dei store rockestjernene på 60-talet og enda opp med å gifte seg med ei av dei. Sjå unike foto av Jimi Hendrix, Beatles og Rolling Stones.

Paul McCartney hyllar si avdøde kone med fotoboka «Linda McCartney; Life in Photographs». Saman med Taschen forlag har han og barna Heather, Stella, Mary og James sett saman ei bok med sine favorittbilete. Dei er tatt frå det store fotoarkivet til Linda McCartney som tel meir enn 200.000 fotografi.

Fotografi som fortel utviklinga ho gjekk gjennom, frå rock'n'roll-fotograf til Beatles-hustru til musikar i bandet Wings og husmor på landet.

Linda McCartney

Portrett av Linda McCartney i 1968 av ukjent fotograf. Det var året ho møtte Paul McCartney i London for første gong.

Foto: Ukjent

Søt blondine med kamera

Linda jobba som resepsjonist i eit magasin då ho fekk sitt gjennombrot som fotograf. Ho stal ein invitasjon til ein Rolling Stones-fest og fekk som einaste fotograf ta bilete av bandet på Hudson River i New York.

Det amerikanske magasinet Harper's Baazar har fått kommentarar frå dottera Mary om det legendariske biletet av Mick Jagger og Brian Jones i Rolling Stones.

– Dei hadde pressekonferanse på ein båt og kunne berre sleppe inn éin fotograf, fordi der ikkje var nok plass. Dei inviterte mamma ombord fordi ho var ei søt blondine med eit kamera. Ho var vettskremt, men du kan sjå at dei verkeleg poserte for henne, seier Mary McCartney.

Skaut Neil Young-cover

Linda McCartney

«Linda McCartney; Life in Photographs» kostar £44.99 og er publisert av Taschen.

Foto: Taschen

Linda byrja å jobbe som profesjonell fotograf på midten av 1960-talet og spesialiserte seg på rockedokumentarfoto. Ho portretterte den musikalske utviklinga og ein haug av dei nye banda som skulle bli så store: The Byrds, Jimi Hendrix Experience, Janis Joplin, Cream, Beach Boys, Otis Redding, B.B. King, The Grateful Dead, Frank Zappa, The Who, The Kinks og The Beatles.

Det var ikkje minst som husfotograf for den legendariske konsertscena Filmore East i New York at ho fekk tilgang til dei store namna.

I 1967 fotograferte ho Neil Young. Han likte fotoet så godt at han sette det på omslaget til plata «Sugar Mountain: Live at Canterbury House 1968».

Frå Clapton til McCartney

11. mai 1968 vart Linda den første kvinnelege fotografen med foto på coveret av musikkbibelen Rolling Stone. Motivet var Eric Clapton.

Det var under ein reportasjetur til London i 1968, der ho skulle dokumentere «The Swinging Sixities», at ho møtte Paul McCartney. Det tok berre eitt år før dei gifta seg i London.

No følgde ei tid som Beatles-hustru og mange av bileta i fotoboka viser det kjende rockebandet i uvante situasjonar. Linda McCartney viser oss også nye sider av ektemannen - på ferie i Jamaica, midt i stupet, og som familiefar i Skottland.

Ho tok også fotoet til singelen «The Girl Is Mine» med Paul McCartney og Michael Jackson.

(Artikkelen held fram under biletet)

LINDA MCCARTNEY

Linda og Paul McCartney opptredde saman i bandet Wings. Han lærte henne å spele keyboard og ho gav seinare ut fleire soloalbum.

Foto: J. GLANVILL / AP

Satsa på musikken

Då The Beatles vart oppløyst i 1970 starta Paul McCartney bandet Wings saman med kona. Han lærte Linda å spele keyboard, men det var det ikkje alle fansa som likte. Linda var fast med som vokalist og keyboardist, men innrømde seinare at ho song surt i starten av musikkarierra. Likevel heldt ho fram som musikar og gav ut fleire soloalbum.

Ho var vegetarianar og kjempa for dyrerettar. Då ho fekk diagnosen brystkreft i 1995 var det vanskeleg for henne å la seg behandle med medisinar som var testa på dyr. Linda McCartney tapte kampen mot krefta i 1998.

Sidan har bileta hennar blitt stilt ut mange plassar og fleire fotobøker er gitt ut. Det er Paul McCartney som sit på rettane til fotografia hennar.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.