NRK Meny
Normal

Fotografen som vart gløymt

Ho portretterte Gandhi og var den første vestlege kvinna som reiste gjennom Iran i 1929. Dei 37 000 fotoskattane til norske Elisabeth Meyer har vore skjult fram til no.

Ho var kvinneleg pressefotograf på ei tid då omgrepet knapt eksisterte. Elisabeth Meyer leika med løver, fotograferte maharajaer og alligatorar, jakta hjort i Alaska og levde eit eventyrliv.

Trass i dette har fotografen lenge vore eit gløymt kapittel i norsk fotohistorie. Bileta hennar stod forlatt i ein garasje i over 30 år, og ingen har den fulle oversikta over hennar liv og arbeid.

Elisabeth Meyer

Portrett av Elisabeth Meyer i 1924. Fem år seinare skulle ho bli den første vestlege kvinna som reiste gjennom Iran, då Persia.

Foto: Ernest Rude / Preus museum

Men ein dag i 2000 fekk Preus museum i Horten og kurator Hanne Holm-Johnsen eit tips som skulle få historia om Elisabeth Meyer fram i lyset.

I garasjen til ein privatperson stod 14 medtatte kartongar og eit par koffertar. I 13 av dei var det fotografi. 37 000 negativar og positivar, for å vere meir nøyaktig.

Ein uvanleg fotograf

– Førsteinntrykket var kaos. Men det var tydeleg at dette var ein kjempespennande fotograf, seier Hanne Holm-Johnsen til nrk.no.

Fotomuseet arbeider no med å gå gjennom fotografia. Mange av dei er i dårleg stand, men fortel ei fascinerande historie om ein uvanleg fotograf.

15. november 1899 får Samuel og Bertha Margaretha Meyer sitt første og, mest truleg, einaste barn. Johanna Elisabeth Meyer veks opp i ein velståande familie i Tønsberg. Far Samuel er overrettssakførar og det er han som gir Elisabeth sitt første kamera, ei stund før han døyr i 1920.

– Elisabeth og mor hennar flytta til Oslo, dei hadde god råd og reiste mykje. Far hennar hadde mange kontakter i shippingbransjen, og vi reknar med at det er slik ho fekk kontakter rundt om i verda og interesse for å reise, fortel Holm-Johnsen.

Reiser til Iran

Fotokarriera til Elisabeth byrjar i Oslo Kameraklubb, der ho er medlem fram til sin død i 1968.

– Det er tydeleg at ho har lært om det gyldne snitt og balanserte utsnitt. Ho er veldig bevisst på kva ho fotograferer, seier Holm-Johnsen.

Ho skal ha vore gift mellom 1922 og 1925, ifølgje D2-artikkelen «Overklassefotografen» som tok for seg historia til Elisabeth Meyer, 18. mars i år. Kven ektemannen var er foreløpig ikkje kjent.

(Artikkelen held fram under biletet)

Elisabeth Meyer i oksekjerre i omegnen av Puri

Elisabeth Meyer i oksekjerre i Puri.

Foto: Elisabeth Meyer / Preus museum

I 1929 reiser Elisabeth Meyer, truleg som første vestlege kvinne, inn i Iran. Fleire aviser omtaler den oppsiktsvekkjande ferda. Det er usikkert kva som fører til denne avgjerda, og om det er hennar første reportasjetur.

I 1930 gir ho ut boka «En kvinnes ferd til Persia» på Gyldendal Norsk Forlag. I forordet til boka skriv ho:

«Det lot til at dette land av en eller annen mystisk grunn var tabu for reisende, og så bestemte jeg meg da for alvor å reise til Persia for å finne ut hvorfor man ikke skulde dra dit.»

Tett på Gandhi

Gandhi omgitt av tilhengere

Elisabeth Meyer kom tett på Gandhi-familien i India. Her er Gandhi omgitt av tilhengarar.

Foto: Elisabeth Meyer / Preus museum

Seinare skulle ho reise til India, Mexico, USA, Canada, Palestina og Tibet. I 1933 kjem reiseskildringa «En kvinnes ferd gjennem India» ut. Eksklusive bilete frå turen viser mellom anna Gandhi-familien, som Meyer kom tett på.

– Det var gjennom kontakter at ho traff dei og den indiske visekongen. Meyer jobba som journalist og søkte opp dei menneska som ho trudde var interessante for eit europeisk publikum, trur Holm-Johnsen.

Den uredde kvinna skreiv for Urd, Magasinet For Alle, Billedbladet Nå og Aftenposten.

– Visum-søknaden til Amerika på 50-talet viser at ho reiste åleine. Ho var ikkje skvetten, ho reiste inn i land der ho berre hadde ei kontakt, og skapte seg eit nettverk gjennom det, fortel Holm-Johnsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Omreisande

For å drive onde ånder på flukt oppfører folk i Sikkim og Tibet noen merkelige danser med fargerike masker. (Bilettekst signert Elisabeth Meyer)

Foto: Elisabeth Meyer / Preus museum

«Hva orientalerne ler av»

Elisabeth Meyer er nemnt i mange aviser mellom 1929 og 1950, og får mange artiklar publisert i Aftenposten. 10. august 1935 spør ho «Eksisterer Mowgli og Tarzan i virkeligheten?» i ein artikkel i A-magasinet. 11. januar 1936 står artikkelen «Hva orientalerne ler av» på trykk same stad.

– Ho kjem med påstandar som i dag ville blitt sett på som fordomsfulle og merkelege, men som var vanlege i samtida hennar. Det var sjølvsagt for henne å besøke overklassa. Ho såg på landa ho reiste til med eit utanfråblikk, seier Holm-Johnsen.

Men fleire av bileta hennar kommenterer også korleis folk hadde det i forhold til fattigdom. Ho portretterer mellom anna unge mødrer i 12-årsalderen i India både i bilete og tekst.

I 1937 studerer ho ved kunstskulen Reimann i Berlin. Deretter går ho i lære hos den ungarske fotografen Joszef Pécsi i Budapest.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mann

En eldre mann peker på menyen. Alaska 1950 tallet. (Bilettekst signert Meyer sjølv.)

Foto: Elisabeth Meyer / Preus museum

Distansert

Fotograf i Morgenbladet, Ellen Lande Gossner, synest bileta signert Meyer er historisk interessante, men ikkje spesielt godt fotografert.

– Som fotograf blir eg veldig nysgjerrig på reisene, dei ho har møtt og sjølvsagt at ho som kvinne på denne tida reiser åleine, seier Lande Gossner.

Ho påpeiker at Meyer har motiva på ein armlengdes avstand, distansert, men at dei som blir tatt bilete av tydeleg har tillit til fotografen.

– Ein del av bileta kunne vore turistfotografi, det er rett og slett knipsing. Men ho jobbar bevisst og ein ser at ho er skolert. Det er slentrande, ho er heile tida på tur, på veg vidare, men det kan også vere positivt, meiner Ellen Lande Gossner, som vann Årets Bilde i 2007.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alaska

En grønnsakshave i Anchorage. Solen, døgnet rundt, driver frem blomster og grønnsaker av utrolig størrelse i Alaska. Kålhoder kan veie 25 kilo. (Elisabeth Meyer)

Foto: Elisabeth Meyer / Preus museum

Vinn konkurransar

I 1941 skriv Elisabeth Meyer fleire artiklar frå Finnmark for Aftenposten. Ho tek sjeldne bilete av fylket, før det blir brent av tyskarane under krigen. Finnmark fylkesmuseum har fått overlevert desse bileta.

Fotografen vinn fleire konkurransar i Oslo Kameraklubb og held fram med å reise. I 1950 gir ho ut barneboka «De små og store dyra våre».

Ho blir nemnt i VG i 1956, som skriv at det var få som tok båten heilt frå New York til Stavanger, dei fleste gjekk av i Bergen:

Vi etterlyste Elisabeth Meyer, som er Journalist og fotograf i den store stil og nettopp har vært i Alaska og Yukon. Alle trodde jo at hun ville ha en masse spennende å fortelle. Men så var hun også gått i land i Bergen.

VG, 7. februar 1956

Meyer er då på veg heim frå reportasjetur i Alaska, der ho mellom anna har vore med på hjortejakt og fotografert kvardagslivet til menneska som bur der.

Ingen arvingar

Etter dette blir det stilt rundt Elisabeth Meyer. Ho giftar seg ikkje fleire gongar, og døyr i 1968 utan arvingar. Fotografia og eigendelane donerer ho til Oslo Kameraklubb, og etterkvart hamnar dei i garasjen til ein privatperson, der dei skal liggje i 32 år.

No er ein del av bileta frigitt på fotodelingsnettstaden Flickr. Før alle fotografia er gjennomgått, veit ein ikkje omfanget av produksjonen hennar. Preus museum har stilt ut bileta hennar to gongar; som ein del av ei utstilling om kvinnelege fotografar i 2009 og India-bileta hennar i samarbeid med Arkitekturhøyskolen i Århus.

Det finst ingen biografi om henne, men Preus museum håpar å byrje arbeidet med den snart. Den vil nok avsløre meir om det mystiske eventyrlivet til ein av dei første kvinnelege pressefotografane i Noreg.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.