Hopp til innhold

David Chase avslører kva som skjedde med Tony Soprano

Over 14 år etter at den siste episoden av «The Sopranos» blei sendt på TV, gir serieskapar David Chase svaret på det «alle» lurte på.

James Gandolfini som Tony Soprano i et svømmebasseng mens han røyker sigar.

Siste episode av TV-serien «The Sopranos» blei sendt i 2007. No avslører serieskapar David Chase korleis det gjekk med den plaga mafiabossen Tony Soprano, spelt av James Gandolfini.

Foto: HBO Max

Dersom du er ein av dei (få) som framleis ikkje har sett TV-serien «The Sopranos», men har planar om det, bør du ikkje lese lenger. Denne saka inneheld handlingsreferat frå avgjerande delar av serien.

«The Sopranos» er stadig å sjå mot toppen av listene over dei beste TV-seriane gjennom tidene, og var også favorittserien til dåverande statsminister Jens Stoltenberg.

Serien handlar om mafiabossen Tony Soprano som går til psykolog for å klare å handtere problema han møter både på heimebane og på jobben.

TV-serien fekk blant anna 21 Emmy-prisar og fem Golden Globe-prisar.

Tony Soprano blei spelt av James Gandolfini, som døydde i 2013. 51 år gammal.

David Chase

«The Sopranos» er den største suksessen til David Chase. Han prøvde å tilby serien til fleire TV-kanalar før HBO nappa på serien i 1999.

Foto: ANGELA WEISS / AFP

Omdiskutert avslutning

Siste episode av serien gjekk på lufta i 2007. I sluttscena har Tony Soprano samla familien til middag på ein «diner». I lokalet lurer det fleire menn som kan vere leigemordarar. Ein av dei er snarlik ein ung Al Pacino.

Dottera Meadow er den siste som kjem. Etter å ha lukeparkert utanfor spring ho mot døra. Og i det døra går opp, stoppar musikken og skjermen går i svart.

Scene fra the Sopranos

«The Sopranos» blir framleis nemnd som ein av dei beste TV-seriane gjennom tidene. Serien var populær både blant kritikarar og publikum. Serien sanka også mange prisar.

Foto: HBO Max

Fansen har spurt seg om Soprano, og kanskje også familien hans, blei drepne på vegkroa.

«Sopranos»-skapar David Chase avviste, rett nok noko motvillig, dette i eit intervju i 2014. Mens han under eit arrangement i fjor sommar ifølge New York Post forsnakka seg, og sa at han hadde hatt dødsscena i tankane i to år før ho blei spelt inn.

Då han blei spurt om han hadde avslørt det alle lurte på, prøvde han å tøyse det bort.

Avslører kva som skjedde

Men no stadfestar Chase endeleg at Tony Soprano måtte bøte med livet med Journey og «Don't Stop Believin'» på jukeboksen.

I eit intervju med The Hollywood Reporter seier han samtidig at planen var å lage ei anna sluttscene.

– Kvar episode startar med at Tony Soprano køyrer bil frå New York til New Jersey. Planen var at han i den siste scena skulle køyre tilbake til New York til eit møte der han blir drepen, seier Chase.

Holsten's i New Jersey

Restauranten «Holsten's» i New Jersey heidra James Gandolfini då han døydde i 2013. Det var her den siste scena i serien blei spelt inn. Det blei sett fram blomar og lokalavisa i båsen der Tony Soprano sette til livs sine siste laukringar.

Foto: CARLO ALLEGRI / Reuters

To år før siste episode skulle på lufta åt han frukost på ein restaurant som låg langs vegen, og tenkte at dette var staden å avslutte serien.

Plaga av reaksjonen til fansen

Men det som overraska Chase mest var måten fansen reagerte på, og nærast kravde biletbevis på at Tony Soprano var død.

– Det plaga meg. Dei ville vite at Tony var drepen med ansiktet grave ned i linguini.

Han seier han kjende seg plaga over dette kravet, og meiner fansen var urimeleg.

– Eg tenkte:«Herregud! De har følgd denne fyren i sju år, og eg veit at han er ein kriminell. Men ikkje fortel meg at de ikkje elskar han på ein eller annan måte, og at de har vore på hans side. Og no vil de sjå at han blir drepen?» Det plaga meg verkeleg, seier han.

The Many Saints of Newark

I filmen «The Many Saints of Newark» spelar Michael Gandolfini den unge Tony Soprano.

Foto: AP

Fansen veit med det korleis sagaen om Tony Sopranos slutta. Men nyleg kom filmen «The Many Saints of Newark», der Michael Gandolfini, sonen til James Gandolfini, spelar unge Tony Sopranos.

Og no er David Chase i samtalar om å lage ein TV-serie om dei unge åra til Tony Soprano, ifølge Deadline.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters