Innspelinga av «The Many Saints of Newark» («Dei mange helgenane i Newark») startar i april, opplyste opphavsmannen David Chase under markeringa av 20-årsjubileet for premieren på TV-serien «Sopranos» i New York natt til torsdag norsk tid.
Alessandro Nivola får hovudrolla i den nye filmen. Han skal spele faren til ein av dei nærmaste medarbeidarane til Tony Soprano.
Foto: Joel C Ryan / APDen populære «Sopranos»-serien nærmast skreik etter ein oppfølgjar, men då hovudrolleinnehavar James Gandolfini døydde i 2013, meinte Chase at det ikkje var mogleg å gå vidare med TV-serien.
James Gandolfini berre var Tony Soprano, og umogleg å erstatte. I den planlagde filmen blir derfor klokka skrudd tilbake til 1960-talet.
Rollemodell for Tony Soprano
Hovudpersonen i filmen blir Dickie Moltisanti, ein mann som i TV-serien er nemnt som ein viktig rollemodell for Tony Soprano. Han er faren til Christopher Moltisanti, spelt av Michael Inperioli i TV-serien, ein av dei nærmaste mafia-medarbeidarane til Tony Soprano.
I TV-serien blir Dickie Moltisanti nemnt som ein del av bakgrunnshistoria til sonen. Her går det fram av at han vart skoten og drepen då Christopher var liten.
Det er umogleg å erstatte James Gandolfini i rolla som Tony Soprano. Derfor går den nye filmen tilbake til 1960-talet.
Foto: Scott Nelson / AFPMichael Imperioli hadde ei sentral rolle i TV-serien «Sopranos». Hovudpersonen i den nye filmen er faren til rollefiguren Imperioli spelte i TV-serien.
Foto: Theo Wargo / AFPMannen som skal gestalte Dickie Moltisanti i filmen, Alessandro Nivola, har letta litt på sløret om den nye filmen til nyheitsbyrået AP.
– Ein ung Tony Soprano er ein karakter i filmen. Karakteren eg spelar var ein viktig del av livet hans, og dette forholdet vil kome godt fram i filmen, seier han. Det er ikkje kjent kven som skal spele den unge Tony Soprano i filmen.
Tilbake til 1960-talet
Medan TV-serien Sopranos skildra mafiaen på godt og vondt i New Jersey på 1990- og 2000-talet, startar filmen si historie i 1967. Bakteppet for filmen blir dei store raseopptøyane i Newark dette året, og Nivola fortel at raseuroa blir ein viktig del av filmen.
Noregsvenen Steven Van Zandt var med på 20-årsmarkeringa i New York saman med kona Maureen.
Foto: Charles Sykes / APTV-serien «Sopranos» hadde premiere i USA 10 januar 1999. Det vart produsert 86 episodar av serien fordelt på seks sesongar på kanalen HBO. Serien vart ein stor suksess over store delar av verda.
NRK sende serien her i landet, og også her fekk mafiadramaet mange tilhengjarar.
Serieskaparen David Chase skal produsere spelefilmen. Han har også skrive manus saman med Lawrence Konner, som skreiv mange av episodane i TV-serien Sopranos. Alan Taylor, kjend for å ha regissert fleire episodar av «Sopranos», «Mad Men» og «Game of Thrones», skal regissere filmen.