Hopp til innhold

Datatilsyna i Europa vurderer tiltak mot TikTok

Dei europeiske datatilsyna granskar og vurderer å stramme inn overfor TikTok. Dei er særleg uroa for personvernet til mindreårige. – Foreldra bør sikre seg mot at barna ser feil ting, seier norsk TikTok-profil.

Jenter på byen

TikTok er ein populær app blant barn og ungdom. Men dei europeiske datatilsyna er uroa for kva opplysningar selskapet samlar inn. Illustrasjonsfoto.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

I aldersgruppa 9–18 år er det berre YouTube og Snapchat som er meir populært enn TikTok, viser ei undersøking frå Medietilsynet.

Aldersgrensa på TikTok, og fleire andre tenester og sosiale medium, er 13 år. Likevel bruker fire av ti av dei som er 9–10 år appen, ifølge undersøkinga.

– På TikTok deler dei videoane sine og taggar kvarandre. Og spesielt no under koronapandemien er det mange som er inne, og då er dette ein måte å dele videoar på, seier Kristoffer Kaayne Kaalsaas.

Han er ein av dei store norske på TikTok med til saman over 400.000 følgarar. Han er oppteken av at barna må lære seg nettvett tidleg, og skjermar eige barn mot appen.

– Eg meiner foreldre burde respektere aldersgrensene. Men dersom det er slik at dei vil at barna skal vere på TikTok, må dei sikre seg mot at barna ser feil ting, seier han.

Det kan vere å sette opp ein privat profil, og gjere slik at barna berre får sjå filmar frå dei brukarane dei følger.

@kaaynelagermat

Reply to @kevin.sktm Sånn her lager du surt godteri milkshake 🍭🍬🥤

♬ original sound - Munchies med Kaayne

Fryktar for personvernet

I fleire europeiske land ser dei no med uro på at så mange barn bruker TikTok. Gjennom Det europeiske Personvernrådet samarbeider datatilsyna om kva opplysningar som blir samla inn om barn.

– Arbeidsgruppa ser nærmare på appen, spesielt forholda som gjeld behandlinga av personopplysningar til mindreårige og overføringar av opplysningar til tredjeland, altså Kina, seier juridisk rådgjevar Trine Smedbold i Datatilsynet til NRK.

Fleire land er allereie i gang med å gjere undersøkingar, som blir rapportert inn til tilsynet i Irland fordi det er der TikTok har hovudetableringa si.

I tillegg har Italia allereie lagt restriksjonar på TikTok etter at ei ti år gammal jente i januar skal ha døydd då ho gjorde ei utfordring på TikTok.

Medan eit tidlegare barneombod i England har saksøkt selskapet for innsamling av personopplysningar frå barn. Ho meiner innsamlinga av data er eit brot på britisk og europeisk personvernlovgjeving, og at TikTok må betale ein kompensasjon som kan kome på fleire milliardar pund, skriv The Guardian.

Vil sette ny standard

Det blir truleg samla inn store mengder informasjon om mindreårige, utan at vi er klar over det. Kaalsaas synest difor det er positivt at dei europeiske tilsyna no ser nærmare på TikTok.

– Det er mange appar som retter seg mot barn, som spillappar, som har fått kritikk for å samle inn informasjon og selje det vidare. Det er difor viktig å sette seg inn kva informasjon vi sender vidare, seier han.

Kristoffer Kaayne Kaalsaas

Den norske TikTok-profilen Kaayne har til saman over 400.000 følgarar. Han meiner det er viktig at barna lærer nettvett tidleg.

Foto: Kristoffer Myhre

I ein e-post til NRK seier ein talsperson for TikTok at dei opptekne av personvern og sikkerheit, og at dei har retningslinjer, prosessar og teknologi på plass for å beskytte brukarane, og då spesielt dei yngre brukarane.

– Å følge lovene der vi opererer er eit ansvar vi tek på alvor. Vi er forplikta til å samarbeide med det irske datatilsynet, og strevar etter å sette ein ny bransjestandard for personvernet til brukarane våre.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters