Hopp til innhold

Jente (10) skal ha døydd etter TikTok-utfordring

På den italienske øya Sicilia skal ei ti år gamal jente ha døydd etter å ha utført ein sokalla «Blackout-challenge», ei utfordring der ein skal filme seg sjølv svime av, for så å dele det på TikTok.

Portrett av ei ti år gamal jente som døydde etter å ha prøvd seg på ein TikTok-challenge

Den ti år gamle jenta Antonella Sicomero døydde etter å ha prøvd seg på ein TikTok-challenge.

Foto: Fotogramma / Zuma Press

– Dette er utan tvil eit eksempel på at det kan vere livsfarleg, seier lege Kaveh Rashidi til NRK.

Lege og forfattar Kaveh Rashidi

Lege og forfattar Kaveh Rashidi.

Foto: Kristoffer Myhre

Søstera til den ti år gamle jenta skal ha fortald foreldra sine at Antonella prøvde seg på «the blackout game» før ho døydde, skriv The Guardian. Saka blir no etterforska av italiensk politi.

Mange brukar TikTok for å legge ut korte filmar av at dei syng og dansar. Men appen blir også brukt til å gjere forskjellige utfordringar.

Utfordringa der ein skal svime av har sirkulert på det sosiale mediet det siste året, skriv EBU.

– Å forsøke å svime av er risikosport, og det skal som vi på tragisk vis har sett, relativt lite til før det går for langt, seier Rashidi.

Sosiale medium kan vere farlege

På torsdag blei den vesle jenta erklært hjernedød ved sjukehuset i Palermo i Italia. Livet hennar stod ikkje til å redde.

– Vi kan ikkje forvente at ein tiåring skal forstå konsekvensane av dette, eller den medisinske risikoen det inneber, seier legen.

Folk er samla i gatene i Palermo for å minnast den ti år gamle jenta som døydde torsdag førre veke.

Folk er samla i gatene i Palermo for å minnast den ti år gamle jenta som døydde torsdag førre veke.

Foto: Torretta/Fotogramma / Zuma Press

Rashidi synest det er ufatteleg trist at eit barn har døydd av dette og understrekar at samfunnet og barnefamiliar må vere bevisste på at sosiale medium potensielt kan vere skadelege.

– Døden er uhyre sjeldan, men små og store negative effektar er til stades heile tida.

– Sikkerheit er vår høgste prioritet

TikTok som er eigd av det kinesiske firmaet ByteDance, har sagt at dei ikkje har klart å finne noko innhald på appen som kan ha oppmoda jenta til å delta i ei slik utfordring, skriv The Guardian.

TikToks logo. Illustrasjonsfoto.
Foto: AP

Men dei hjelpte myndigheitene i søket etter mogelege oppmodingar til sjølvmord.

Ein talsperson for TikTok har svart dette på kritikken som har kome mot dei etter dødsfallet til tiåringen:

«Sikkerheita til TikTok-samfunnet er vår høgste prioritet. Difor tillèt vi ikkje innhald som oppmodar, promoterer eller glorifiserer oppførsel som kan vere farleg.»

Ber regjeringa ta grep

Saka har vekt sterke reaksjonar i Italia, der dei har blokkert brukarar dei ikkje kan verifisere alderen til.

TikTok

I Noreg ønskjer stiftelsen Barnevakten at ein skal ta grep når det kjem til born sin bruk av sosiale medium. Dei er ein ideell stiftelse som formidlar fakta om born og unge, og sosiale medium.

Dagleg leiar Leif Gunnar Vestbøstad Vik vil utfordre regjeringa til å ta opp dette som eit tema i den kommande valkampen.

Leif Gunnar Vestbøstad Vik, dagleg leiar i Barnevakten.

Leif Gunnar Vestbøstad Vik, dagleg leiar Barnevakten.

Foto: Studio 1 fotografene

– Vi trur at norske myndigheiter kan påverke teknologiaktørane til å leggje inn teknologi som gjer at appane kan lese barnet sin alder og kor modne dei er. Og på det viset automatisk innstille det slik at dei passar til ulike born.

Aldersgrensa for bruk av appen TikTok i Noreg er 13 år, men mange foreldre lar borna bruke appen før det, for at dei skal få vere ein del av det sosiale samspelet blant vener og medelevar.

Vestbøstad påpeiker at TikTok nyleg har lansert innstillingar som gjer at foreldre kan sette avgrensingar inne i appen saman med borna.

– Det gjer at born, ikkje berre i Noreg, men i heile verda kan få eit tryggare liv på sosiale medium i åra som kjem.

ENDRING: 25:01:21: Klokkeslett 14:18. Vi har teke atterhald om at dødsfallet skuldast TikTok-utfordringa og presiserer at kjelda til dette er foreldra hennar sine uttalelsar til italienske medium.

Kulturstrøm

  • Taylor Swifts «reklamefilm» for det nye albumet inn på kinotoppen i USA

    To uker før utgivelsen av Taylor Swifts nye album, «The Life of a Show Girl», ble det offentliggjort at albumet ville få følge av en 89 minutter lang kinofilm med musikkvideoer, bak scenen-filmer og låttekster.

    På tre dager – 3. til 5. oktober – som filmen «The Official Release Party of a Show Girl» var å se på 3702 amerikanske kinoer, spilte den inn 33 millioner dollar, ifølge Deadline. Det tilsvarer nærmere 330 millioner norske kroner.

    (NTB)

    Taylor Swift - nært kvinne med mørk blondt langt hår, rød leppestift og vi ser kanten på en rød kjole
    Foto: Jordan Strauss / AP
  • Robbie Williams-konsert i Tyrkia avlyst

    En kilde ved provinsmyndighetene i Istanbul oppgir «sikkerhetsbekymringer» som årsak overfor nyhetsbyrået AFP uten å utdype. Williams skriver også på Instagram at sikkerhet er årsaken til at konserten blir avlyst, og beklager sterkt for at han ikke får opptrådt.

    Konserten i Istanbul ville funnet sted på samme dato som Hamas-angrepet mot Israel i 2023 som førte til krigen i Gaza. I forkant av konserten hadde mange aktivistorganisasjoner tatt til orde for at den måtte avlyses, og Williams ble omtalt som «sionist». Det var også planlagt demonstrasjoner.

    Williams, som har en kone som er jødisk, opptrådte i Israel både i 2015 og 2023. Han måtte tåle mye kritikk for at han gjorde det.

    (NTB)

    Robbie Williams - nærbilde av mann med mørk grått hår og rosa dress
    Foto: Chris Pizzello / AP