Jonina (Nina) Reynyssdottir lærer unge om økonomi på Tik Tok.

Nina (25) synest økonomi er kjempegøy

Jonina (Nina) Reynyssdottir lærer unge om økonomi på Tik Tok.

Ho brenn for å lære andre korleis dei skal investere pengane sine

Jonina (Nina) Reynyssdottir lærer unge om økonomi på Tik Tok.

No deler ho sine beste økonomiske tips på TikTok

Brukar Tik Tok til å lære ungdom å investere i aksjar

«Kvar har du sparepengane dine?» spør Nina i ein video. Ho heiter eigentleg Jonina Reynisdottir, men går under namnet «Invester med Nina» på sosiale medium.

Videoen held fram med å vise at nokre bankar har veldig låg rente på sparekontoane sine. Ho vil gjere publikum bevisst på kvar dei puttar sparepengane sine.

Den mest sette videoen til Nina er korleis ein får gratis straum. Den har over 230.000 visningar.

På to månadar har ho fått 15.000 følgjarar. Innhaldet ho legg ut handlar om investering og sparing.

– Responsen har vore ekstremt bra. Eg er veldig overraska over det. Eg har fått mange meldingar der unge spør meg om tips og kommenterer at dette er noko dei verkeleg treng, seier Nina.

TIKTOK: Videoane til TikTok lagar ho sjølv på mobilen.

På under eitt minutt forsøker ho å lære folk om aksjar, fond, BSU og passiv inntekt.

– Eg syns det er kjempegøy. Eg brenn for å snakke med unge menneske om økonomi. Det er så mange unge jenter og gutar som kan gjere små enkle grep, for å få ein mykje betre økonomi. Dette er noko dei ikkje lærer på skulen.

Ungdommen sjølv meiner dei bør lære meir om personleg økonomi.

– Det er veldig dumt at vi ikkje har lært meir om dette på skulen. Alle treng å ha ein basiskunnskap om økonomi når ein blir vaksen, seier Lise Østrem Furevik (16).

Ungdommar ved Fagerlia vidaregåande skule i Ålesund.

VIL HA MEIR UNDERVISING: F.v. Filip Framstad , Lise Østrem Furevik, Eirik Lorgen og Sander Saltre Andreassen. Dei vil ha meir undervising om personleg økonomi i skulen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Alle fire ungdommane vi treff på Fagerlia vidaregåande i Ålesund seier seg einig. Dei saknar å få undervising om enkle tips og triks.

– Vi lærer til dømes ikkje korleis ein betalar ei rekning på skulen. Det kunne ha vore ein del av undervisinga, seier Eirik Lorgen (18).

Treff eit vanskeleg publikum

Professor ved Noregs handelshøgskule, Trond Døskeland, meiner det er veldig bra at Nina når fram med sitt bodskap til eit publikum det er vanskeleg å nå.

– Økonomi er komplisert, og det å få inn kunnskap om den er viktig for at folk skal gjere gode val. At ho når eit ungt publikum gjennom TikTok er veldig positivt, seier Døskeland.

Han meiner skulen bør ha meir fokus på å handtere personleg økonomi.

– Personleg økonomi er veldig viktig for å utjamne forskjellar. Problem med økonomi går gjerne i arv, og på det området er skulen bra fordi alle får tilgang på same informasjon, seier han.

Trond Døskeland

POSITIV: Professor Trond Døskeland meiner det er veldig positivt at Nina lærer unge om personleg økonomi på TikTok.

Foto: NHH

Vil vite at dei gjer riktige val

Interessa for økonomi kom frå faren til Nina. Familien flytta frå Island då ho var fem år. Då hadde dei ikkje mykje pengar å rutte med. Ho hugsar godt at faren brukte å gi ho ei krone kvar dag i eitt heilt år.

Etter eitt år hadde ho spart 365 kroner.

– Det førte til at eg fekk forståing for at så lite pengar kunne bli mykje etter kvart.

No tek mange kontakt med spørsmål om korleis dei skal handtere sin eigen økonomi.

– Dei lurer på alt mogleg rart. Dei forklarar meg sin eigen personlege situasjon, og ønskjer tilbakemelding på det. Dei ønskjer stadfesting på at det dei gjer er riktig trur eg.

Nina har inga utdanning innan økonomi. Alt ho snakkar om har ho lært seg sjølv. Lenge budde ho i Oslo med fast jobb, men den sa ho opp for å satse på TikTok.

– Det fungerte ikkje for meg. Eg fann ut at eg kan tene mykje meir på eiga hand, å gjere ein ekstra innsats for meg sjølv som eg tener betre på.

No tener ho pengar på ekstrajobbar ho tek på seg i tilleg til utleige av eigen bustad. Ho håpar å kunne leve av å lære andre om økonomi på sosiale medium. Ho har gitt seg sjølv to år på å klare nettopp det.

Nina redigerer videoar til Youtube i tillegg til Tik Tok.

REDIGERER: Nina har i tillegg ein YouTube-kanal, der ho har lengre videoar med tips og triks. Dei filmar og redigerer ho sjølv.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK