Hopp til innhold

Bokvåren 2021: Dette er noko av det vi kan vente oss

Ny roman frå ein nobelprisvinnar – og ein som burde fått nobelprisen. Skrekkhistorier frå Jo Nesbø. Sakprosa om både demokrati og rettskriving. Velkommen til bokvåren 2021.

Utvalde titlar i bokkvåren 2021.

BOKVÅREN er bokhaustens veslebror når det kjem til norsk skjønnlitteratur. Første halvdel av 2021 inneheld mest utanlandsk skjønnlitteratur.

Våren er sesongen for omsett litteratur. Det er likevel ein del norske forfattarar som er ute med bøker på denne tida av året, som Camilla Bøksle og Jo Nesbø (årets første frå Vidar Sundstøl er allereie meldt).

Korleis velje ut ei handfull titlar blant dei mange hundre som kjem i vår, og det før bøkene er her til gjennomsyn?

Eg har brukt tre kriterium: Anten har eg lese noko av forfattaren før og hatt utbyte av det, eller tematikken verkar spennande. Det tredje kriteriet er sjølve tittelen på boka.

Sakprosaliste som verdas lengste nyttårsforsett

Lista over dei norske sakprosabøkene som skal kome i januar, liknar på verdas lengste nyttårsforsett: Same kva du slit med, her får du hjelp til forbetring mellom to permar. Som vanleg. Dei komande vekene skal vi lære å vaske huset, kome på god fot med barna, bli slanke, sunne, spreke, rike og lykkelege.

Sakprosabøker som lanseres januar 2021.

NYTTÅRSFORSETT-BØKER: Dette er nokre av sakprosabøkene i januar som skal hjelpe oss til å trene, ete sunt, vaske og spare pengar.

Foto: Frisk/Kagge/Cappelen Damm

Den første kakeboka kjem ikkje før i april, då har nok planane om forbetring bleikna hjå dei fleste.

Kynisme til side: Det er ingen dårleg ide å ta tak i kropp og sinn og livsstil. Eg vil likevel gjere eit raskt hopp til nokre titlar innanfor råd og tips-sjangeren som er tidstypiske, for året 2021 har likevel sine særpreg.

Første stopp er reiser. Utlandet er ikkje heilt borte, men Noregs-ferien dominerer meir enn vanleg. Per Østby byr på «Norges fineste teltturer», Espen A. Jakobsen går for «Kystferie i Norge: fra Bergen til Kirkenes» og Julie Maske slår eit slag for familieferie i boka «Hele familien på tur: opplev Norge med barna». Elles står tre t-ar sentralt: Det går i toppturar, telt og tog.

Om du får ein trist innanlands-sommar i 2021, så ikkje skuld på bøkene.

Tidstypiske er også bøkene om gjenbruk, strikking og lapping av tøy.

Men sakprosalista strekkjer seg langt forbi råd og tips. Her er eit knippe utvalde titlar eg skal lese, – om eg greier å realisere nyttårsforsettet om å lære meir om samfunn og historie:

Aktuell om demokratiets utfordringar

"Demokratiets svanesang" av Anne Applebaum kommer ut på Cappelen Damm våren 2021.
Foto: Cappelen Damm
  • Tittel: «Demokratiets svanesang»
  • Forfattar: Anne Appelbaum (omsett av John Grande)

Den amerikanske journalisten og forfattaren går her inn i eit sentralt spørsmål, nemleg kvifor leiarar i fleire vestlege land har late seg fascinere av nasjonalisme og autoritære styresett.

Ifølgje det norske forlaget til Appelbaum, Cappelen Damm, var ho ei av dei første til å rope varsku om dei antidemokratiske rørslene i Vesten, og ho skriv om konspirasjonsteoriar, politisk polarisering og kva rolle sosiale media spelar i denne samanhengen. Høyrest skremmande aktuelt ut.

Er gitt ut.

Prisvinnande om samisk historie

"Herrene sendte oss hit" av Elin Anna Labba kjem på norsk i 2021.
Foto: Pax/Thambert
  • Tittel: «Herrene sendte oss hit. Om tvangsflyttingen av samene»
  • Forfattar: Elin Anna Labba (omsett av Trude Marstein)

Svenske Elin Anna Labba fekk den svenske Augustprisen for denne boka i 2020. Her fortel ho historia om korleis reindriftssamar som hadde vinterbeite i Sverige og sommarbeite i Noreg ikkje lenger fekk kome til Noreg frå 1920-talet. Labbas familie vart ramma av dette vedtaket og forfattaren bruker forteljingar, brev, bilde og joikar for å mane fram historia.

Forventa lansering: 14. februar.

Mennesket og teknologien

Lena Lindgren kjem med boka "Ekko. Et essay om algoritmer og begjær" våren 2021.
Foto: Gyldendal/Julie Pike
  • Tittel: «Ekko. Et essay om algoritmer og begjær»
  • Forfattar: Lena Lindgren

Lena Lindgren, som er kommentator i Morgenbladet, skriv om medieteknologien og om algoritmane som styrer meir enn vi likar å tenkje over. Forfattaren skal ha gått til både politikk, mytologi, psykologi og vitskap for å hente materiale til det ho kallar ein «samtidsdiagnose».

Forventa lansering: 22. februar.

For språkpedanten

Kristin Fridtun gir våren 2021 ut boka "Kunsten å irritera seg over skrivefeil"
Foto: Samlaget/Lene Sørøy Neverdal
  • Tittel: «Kunsten å irritera seg over skrivefeil»
  • Forfattar: Kristin Fridtun

Som tidlegare nemnt er boktittel noko av det eg har brukt som kriterium til denne lista. I så måte er «Kunsten å irritera seg over skrivefeil» midt i blinken. Den kunsten meistrar eg, men boka skal forklare kvifor nokon av oss har det på den måten. Dessutan har forfattaren, filologen Fridtun, ei fast spalte om språk i vekeavisa «Dag og tid» der det går an å plukke opp mykje snadder både for oss som er over gjennomsnittet interessert i språk og truleg også for andre. Det kan hende boka vil avsløre at det ikkje er heilt bra å vere for hekta på skrivefeil, den risikoen er eg villig til å ta.

Forventa lansering: 22. april.

Utanlandsk skjønnlitteratur:

Svenske tilstandar

Lena Andersson gir ut boka "Datteren" i 2021.
Foto: Gyldendal/Henric Lindsten
  • Tittel: «Datteren»
  • Forfattar: Lena Andersson (omsett av Gøril Eldøen)

Etter to ekstraordinære og omdiskuterte romanar med intense drøftingar av kva elskande kan vente – og krevje – av kvarandre, kom Andersson for tre år sidan med romanen om «Sveas sønn». Svea kan vere ei kvinne, men er også eit gammalt namn på Sverige. Denne sonen av Sverige er eit ektefødd barn av folkhemmet; han veks og falmar i takt med det storslåtte sosialdemokratiske prosjektet. Eg gler meg til å lese korleis det går med ei eg trur må vere Sveas barnebarn i romanen «Datteren».

Forventa lansering: 22. januar.

Nobel-favoritt

"Ikke gråt, barnet mitt" av Ngugi wa Thiong'o kjem ut på norsk våren 2021.
Foto: Solum Bokvennen
  • Tittel: «Ikke gråt, barnet mitt»
  • Forfattar: Ngugi wa Thiong’o (omsett av Reidulf Molvær)

Det er ei gåte for meg at denne kenyanske forfattaren ikkje har fått nobelprisen i litteratur for mange år sidan. Romanane hans er kloke, velskrivne og spennande. Dei viser fram kva makt eller avmakt får fram i eit menneske, uavhengig av farge, han studerer kva som skjer når moderniseringa møter tradisjonsbundne samfunn. «Ikke gråt, barnet mitt» er debutromanen hans frå 60-talet. Romanen viser konsekvensane Mau Mau-opprøret fekk for vanlege folk i Kenya.

Forventa lansering: 14. februar.

Lovande murstein frå Oates

"Natten. Søvnen. Døden. Stjernene" av Joyce Carol Oates kjem ut på norsk i 2021.
Foto: Pax/Dustin Cohen
  • Tittel: «Natten. Søvnen. Døden. Stjernene.»
  • Forfattar: Joyce Carol Oates (omsett av Tone Formo)

Både familien og USA blir sett på prøve i denne mursteinsromanen frå den aldri kvilande forfattaren Joyce Carol Oates, som har eit hundretals bøker bak seg. Oates er god til å snekre spennande historier som ber i seg spørsmål av etisk eller politisk art. Denne gongen skal vi møte ein eldre kar som blandar seg inn når han ser to politimenn denge laus på ein farga mann. Det hadde han ikkje helse til, viser det seg, og fars fall får konsekvensar for heile familien. Kritikken etter den amerikanske utgåva av romanen lovar både rettssalsdrama, refleksjonar over kunst og over kvar USA er på veg.

Forventa lansering: 1. mars.

Nytt frå nobelprisvinnar

"Klara og solen" av Kazuo Ishiguro kommer på norsk i 2021.
Foto: Cappelen Damm/Joel Ryan / AP / NTB Scanpix
  • Tittel: «Klara og solen»
  • Forfattar: Kazuo Ishiguro (omsett av Bjørn Alex Herrman)

Stemmer det at nobelprisen i litteratur er reine dødskysset for eit forfattarskap? I vår kan ein sjekke på ny om dette stemmer, når Kazuo Ishiguro kjem med si første bok etter han fekk prisen. Utmerkinga opnar i alle fall for storslåtte lanseringar: Romanen «Klara og solen» skal kome på engelsk og eit titals andre språk, inkludert norsk, i starten av mars. Klara er ein «Kunstig Venn» som skal hjelpe unge menneske over i vaksenverda, og det er ho som har synsvinkelen i denne romanen. Vi anar at Ishiguro tangerer opptil fleire tidsaktuelle problem her.

Forventa lansering: 2. mars.

Norsk skjønnlitteratur:

Oppvekstroman

Camille Bøksle gir ut boka "Så møt meg på hjørnet klokka åtte" våren 2021.
Foto: Solum Bokvennen/Tina Depui Martinsen

Camilla Bøksle: «Så møt meg på hjørnet kl 8».

Den vanskelege andreboka etter ein uvanleg vakker og gjennomført debut, «Det er vakrest når det skumrer». Førsteboka skildra møtet mellom eit barnebarn og ein bestefar med mange sider. Romanen i år er lagt til 1980-talet, og handlar om oppvekst.

Forventa lansering: 29. januar.

Sjalusi og skrekk

Jo Nesbø gir ut "Sjalusimannen og andre fortellinger" våren 2021.
Foto: Aschehoug/Stian Broch
  • Tittel: «Sjalusimannen og andre fortellinger»
  • Forfattar: Jo Nesbø

Noveller frå Nesbø denne gongen, og forlaget, Aschehoug, kallar dei for «skrekkhistorier». Det vil truleg seie at det ikkje er krim, men skummelt nok likevel. Fleire historier er lagt til ei ikkje nærmare definert framtid. Alle som har lese historier om framtida, vil vite to ting: at det er ingen grunn til å vente særleg mykje bra av tider som skal kome, og at det likevel kan bli god litteratur ut av slike besøk i fantasien.

Forventa lansering: 12. mars.

Eldre, nyutgitt litteratur:

Ein gammal tekst er ikkje nødvendigvis forelda. At forlaga trykkjer opp gamle bøker dei har liggjande eller set gjendiktarar til å kle klassikarar i norsk språkdrakt for første gong, er fine greier.

I år kjem mellom anna «Kritiske essays» av Oscar Wilde (1854-1900), den irske dandyen, esteten og poeten som måtte i fengsel for homofili. Kritiske essay er eit stykke unna det eg venta meg frå den kanten. Overrask meg, Oscar!

«Dikt i samling» av Ivar Aasen (1813–1896) vil neppe overraske. Men eg ber på ein mistanke om at han er undervurdert som poet: At han har blitt målt opp mot romantikken mens han skreiv seg opp mot eldre og jamvel klassiske stilideal. Kanskje tida er inne for å følgje denne mistanken inn i det poetiske universet til gamle Aasen.

Verdt å nemne er også «Tilbake til fremtiden» av Sigrid Undset, der ho skildrar krig og evakuering i ei bok som kom ut i USA i 1942 og på norsk sju år etter.

Juvelen blant den eldre bøkene denne våren må likevel vere den aller eldste:

"Fragment" av Sapfo blir gitt ut på norsk i 2021.
Foto: Gyldendal
  • Tittel: «Fragment»
  • Forfattar: Sapfo

Det er berre å skrive eit stort hurra for Kanonserien til Gyldendal der dei sakte, men sikkert strør ut antikke tekstar på norsk. I vår kjem dei med den første komplette gjendiktinga av den greske poeten Sapfo (f. ca. 610 f.kr.).

Forlaget lovar kjærleik og erotikk – som er det ho er mest kjent for – men også politikk, religion og moral. Per Esben Myren-Svelstad har gjendikta fragmenta til norsk.

Forventa lansering: 7. mai.

God lesevår!

I ein tidlegare versjon av denne artikkelen var Espen Sørbye si bok «Fakta om olje» òg med på lista. Denne boka kjem ikkje i vår, og er derfor fjerna.

Alle anmeldelsar og anbefalingar finn du her.

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.