Hopp til innhold

Oppsiktsvekkande mange sterke debutantar i 2020

2020 var året då uttrykket «lovande debutant» blei brukt så ofte at det blei ein klisjé.

Kari Anne Bye, Anna Albrigtsen, Halvard Hølleland, Bruno Jovanovic, Per Marius Weidner-Olsen, Ida Fjeldbraaten, Henrik Øxnevad, Pauline Östgård, Gulraiz Sharif og Karoline Brændjord

GODE DEBUTANTAR: Dette bokåret er prega av gode debutantar. Her er ti av dei.

Foto: Cappelen Dammm, Kolon, Samlaget, Gyldendal, Oktober

2020 er eit år med velfortent dårleg rykte. Men 2020 kjem faktisk til å gå inn i litteraturhistoria med positivt forteikn. Ikkje berre har mange etablerte forfattarar skrive opp mot sitt beste, uvanleg mange av debutantane har også kome med oppsiktsvekkande sterke saker.

Kva dei nye skriv om? Blant anna sex med og utan vald, trist barndom, etniske stereotypiar, nervøse lektorar – og ein jerv. Bortsett frå jerven, er det lite nytt på stikkordsnivå. Det er heller ikkje der kvalitet og originalitet kjem til syne – den ligg på boksidene, i mellom og under orda.

Her er eit utval av 2020-debutantar, i alfabetisk rekkefølgje. Lista kunne vore lenger.

Trist ferie

Bokomslag "Solen treffer andre ting enn oss" og Anna Albrigtsen
Foto: Anna-Julia Granberg/Anna-Julia Granberg / Cappelen Damm/Anna-Julia Granberg/Blunderbuss
  • Forfattar: Anna Albrigtsen
  • Tittel: «Solen treffer andre ting enn oss»
  • Forlag: Cappelen Damm

I denne romanen slit sjølv flugene med å halde humøret oppe. Men det kan kome mykje god litteratur ut av vantrivnad.

Ei jente er på veg til Sverige for å feriere hjå mormor, med veslebror i baksetet og ei mor med sneipen i kjeften, hendene på rattet og klampen i botn. Mor er blakk, mormor er einaste alternativ.

Albrigtsen viser med små hendingar og illustrerande bilde kor trist ein ferie kan bli når ingen orkar å vere der dei er.

Intenst om paradoks

Karoline Brændjord har gitt ut boken "Jeg vil våken til verden".
Foto: Kolon Forlag/May Therese Vorland

Karoline Brændjord si intense diktsamling byr på nokre evige paradoks. Korleis kan ei mor bli fylt av så mykje mørke, når ho har eit barn som bringar ei verd av lys? Korleis kan ei dotter ville vakne til verda, når det næraste mennesket hennar har valt å forlate den?

Hun tok hvilen min med seg /
og naturlovene /
Guds barmhjertighet finnes ikke /
Men nagler slått inn i vind

skriv Brændjord, som med slike uforgløymelege bilete let dyr, fuglar, vind og vatn spele med i eg-ets omfamning og utforsking av verda. Dikta heng laust saman tematisk, men kan òg lesast kvar for seg.

«Jeg vil våkne til verden» er ein uvanleg fin debut.

Dikt med snert

KARI ANNE BYE og bokomslag "Eg et før eg kjem"
Foto: Geir Mogen / Samlaget
  • Forfattar: Kari Anne Bye
  • Tittel: «Eg et før eg kjem»
  • Forlag: Samlaget

Sårt og overrumplande skriv Kari Anne Bye fram ei godt vaksen kvinne som lengtar etter ein kjærast. Dikta går inn i ei større forteljing, men har òg snert kvar for seg. Nokre er nesten som små aforismar med kvardagsleg livsvisdom å rekne, andre har form som ei meir avrunda historie.

Eitt av dei korte dikta lyder til dømes slik:
No var ho trettifem /
Som vanleg vart ho vekt av ungane /
I husværet over henne.

Ein debut som med uvørden humor skrapar i ei større, eksistensiell sorg.

Djupt original

Bokomslag "Jerv" og Ida Fjeldbraaten
Foto: Anna-Julia Granberg/Blunderbuss / Cappelen Damm
  • Forfattar: Ida Fjeldbraaten
  • Tittel: «Jerv»
  • Forlag: Cappelen Damm

Fjeldbraaten fabulerer over kva som kan skje når menneske og ville dyr kjem for tett på kvarandre.

Djupt original og mangetydig roman, der ein skadd jerv og ei jente med visse utfordringar vekslar på å ha ordet. Jenta vaskar i dyrehagen der jerven bur. To individ som kjenner seg utanfor flokken, utan at dei nødvendigvis har felles interesser av den grunn.

Fjeldbraaten skaper både medynk, uhygge spenning.

Medkjensle og latter

Bokomslag "Faste rammer" og Halvard Hølleland
Foto: Julie Pike / Gyldendal forlag

Det er noko djupt fascinerande ved menn som ytre sett lever grå, kjedelege liv, mens det skjer kolossalt mykje på innsida.

Hølleland har skapt ein ny versjon av denne typen: Lektor Smith har ein hjerne som surrar kontinuerleg og er – av ulike grunnar – avhengig av faste rammer på det ytre planet. Når det i løpet av kort tid både dukkar opp ei kvinne og eit brev frå skoleadministrasjonen på Helsfyr, blir det i overkant mykje for lektoren.

«Faste rammer» kallar både på medkjensle og latter.

Omsorg eller kontroll?

Forfatter Bruno Jovanovic er ute med romanen "Etter hvert vil øynene venne seg til mørket" høsten 2020.
Foto: Anna-Julia Granberg/Blunderbuss/Cappelen Damm

Det hovudpersonen Damjan kallar «omsorg» kan like gjerne heite «kontrollbehov».

Mora til den bosniskfødde nordmannen Damjan er ut og inn av institusjonar. Ein dag tek sonen henne heim til seg og låser henne inne, for å ta vare på henne. Ingen må vite noko, ikkje ein gong kjærasten Filip. Særleg ikkje han.

Jovanovic går inn i gråsonene i språket og i sinnet.

Høg sjarmfaktor​​​

Gulraiz Sharif gir høsten 2020 ut romanen "Hør her'a!"
Foto: Åsmund Holien Mo/Helene Brox / CappelenDamm

Når du skriv så suverent og smart som Sharif kan du kome unna med det meste, inkludert hårreisande stereotypiar.

Mahmoud (15) snakkar rett frå levra om kvite norskingar, pakistanske mødrer og om ein veslebror som helst ville vore jente. Språket er bilderikt, originalt og fullt av inkonsekvensar. Det er heilt perfekt for å få ein kviting som meg til å lytte når Mahmoud seier «Hør her’a».

Romanen kombinerer høg sjarmfaktor, sosial brodd og humor på dei mest overraskande stader. Skriven for ungdom, utan at vaksne bør la seg skremme bort av den katalogiseringa.

Medrivande og kompleks

Per Marius Weidner-Olsen og bokomslag "Jeg hadde en oppvekst nesten som min egen"
Foto: Baard Henriksen / Oktober forlag
  • Forfattar: Per Marius Weidner-Olsen
  • Tittel: «Jeg hadde en oppvekst nesten som min egen»
  • Forlag: Først utgitt på Oktober forlag, utgis nå på November forlag

Kva skjer med minnet om seksuelle overgrep i barndommen, etter kvart som barnet blir til mann?

Intens skildring av ein gut som blir seksuelt misbrukt både av ein mann og ei kvinne – og som føler lyst ved det. Romanen vekslar mellom barndomserfaringar og vaksne refleksjonar kring det som skjedde, korleis det forma han – og korleis han i sin tur har forma og endra minna om det som skjedde.

Medrivande, kompleks og tankevekkjande debut.

Bevegande frå barneperspektiv

Pauline Östgård og bokomslag "Melkeveien"
Foto: Pernille Marie Walvik / Oktober forlag
  • Forfattar: Pauline Östgård
  • Tittel: «Melkeveien»
  • Forlag: Oktober

I «Melkeveien» ser vi livet og dagane som kjem gjennom blikket til seks år gamle Liv. Det er mykje ho ikkje forstår, ikkje minst er det umogleg for henne å skjøne at ho må bu hos ein annan familie når ho aller helst vil vere hos mamma. Pauline Östgård brukar konsekvent tankane og stemma til den vesle jenta, derfor går det berre litt etter litt opp for lesaren at dette er ei forteljing om omsorgssvikt, om einsemd og utanforskap.

«Melkeveien» er ei gripande historie frå eit barneperspektiv.

Skriv nedpå

okomslag "En sånn rød amerikansk scooter" og Henrik Øxnevad sittende i stol iført bh og strømpebukse
Foto: Gyldendal forlag

Vi snakkar ikkje om ein scooter her, vi snakkar om en «sånn», «rød», «amerikansk» «scooter».

Legg særleg merke til ordet «sånn», som er det minst litterære ordet i språket. Øxnevad skriv nedpå og tett opp til slik ein syttenåring snakkar med venene sine. Erik og gjengen eksperimenterer med rus og sex og med kor mykje det går an å skulke vidaregåande. Ei velkjent historie som blir løfta gjennom det heilt spesifikke. Eg ser filmen av Erik som syklar gjennom Stavanger på veg til eller frå Hillevåg.

Øxnevad har det.

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.