Hopp til innhold
Anmeldelse

Kunsten å lytte til ein gammal gubbe

Av og til blir ein mint på at dei gamle har levd lenge. Camilla Bøksle skriv fram ein gammal gubbe og ei heil historie.

Camilla Bøksle, forfatter

Med romanen «Det er vakrest når det skumrer» har Camilla Bøksle levert eit imponerande debutarbeid.

Foto: Helene Bøksle

Lat meg seie det med ein gong: Denne romanen greip meg sterkt, av fleire grunnar.

Utgangspunktet er det truleg mange som kjenner att: Besøk hjå besteforeldra. Bestefar fortel lange historier om folk den vesle jenta aldri har møtt. Mens bestemor glor i veggen, insisterer han igjen og igjen på at notida er temmeleg bleike saker samanlikna med gamle dagar. Barnet tygg kjeks. Sakte.

Neste fase: Bestefar misser sertifikatet og det no vaksne barnebarnet arvar bilen hans. Så gjer ho eit val. Ho vil gå inn i universet til bestefar, prøve å sjå for seg personar, tidsepokar, draumar og det som livet til slutt vart for den gamle mannen som er far til faren hennar.

Draum, røynd og vaflar

Og det er her denne boka går sine eigne vegar: gjennom historiene til den taleglade gamle mannen opnar det seg ei familiehistorie med alt som til høyrer: Den vakre tanta i Asker, den galne onkelen på institusjon, den drikkeglade faren og den ulykkelege mora. Det er kvartalet i Kristiansand som romma eit heilt barndomsunivers. Det er krigen, kjærleiken og kunstnardraumen som blei knust då faren hans bestemte han skulle inn i postvesenet. Eller var det slik det var?

Romanen vekslar smidig mellom dei gamle historiene og notidsmøta mellom farfar og barnebarn. Det utviklar seg faste rutinar: Kaffi og vaffel på Sørlandssenteret, handleturar, og kanskje ei vandring på gamle trakter. Bestefar fortel, men barnebarnet tenkjer sitt og ser ofte at historiene hans kan tolkast på fleire måtar enn han sjølv er klar over. Gamlingen får ikkje tildelt berre søte sider.

Å leve vidare i skrift

Dermed får portrettet fleire dimensjonar. Vi møter den gamle mannen som stadig gløymer og gjentek seg sjølv. Vi møter ei fortid og eit svært variert persongalleri. Vi møter eit uroleg sinn, ein mann som kan sjå livet både som ein solgangsbris og ein serie med nederlag, og ikkje minst møter vi ein uvanleg god lyttar

Uansett stemning har bestefaren eit dikt som passar. Boktittelen er ei strofe frå Pär Lagerkvist: «Det är vackrast när det skymmer.» Diktet sluttar slik: «Jag skall vandra ensam utan spår.» Og nett frykta for å bli borte utan spor, er ei tydeleg drivkraft bak den nesten maniske drifta etter å vise fram alt som ein gong var til komande generasjonar; ei drift som allereie var der i barnebarnets barndom.

Bøksle har gitt seg sjølv rolla som samtalepartnaren. Vi veit lite om livet hennar mellom kafebesøka. Dette er boka om farfar og generasjonane han minnest. Eit godt val. Romanen blir spor etter eit langt liv. «Du søde grød» – som den gamle sikkert ville sagt.

Passar for deg som:

  • er gammal eller har tenkt å bli det

Kulturstrøm

  • «That '70s Show»-skuespiller kjent skyldig i voldtekter

    En jury har kjent skuespiller Danny Masterson, som spilte i komiserien «That '70s Show» på 2000-tallet, skyldig i to av tre voldtekter han er tiltalt for.

    Den tredje voldtektstiltalen har bakgrunn i anklager fra en mangeårig kjæreste av Masterson. Juryen, som besto av sju kvinner og fem menn, stemte åtte mot fire for å frikjenne skuespilleren i dette tilfellet.

    Han kan få opptil 30 års fengselsstraff.

    Tiltalene mot Masterson ble reist tilbake i 2020. Det er andre gang saken er oppe for retten. I desember i fjor klare ikke juryen å komme til enighet.

    Den omstridte Scientologikirken har spilt en vesentlig rolle i Mastersons sak. Ifølge påtalemyndigheten voldtok skuespilleren kvinnene, som var medlemmer av kirken, i hjemmet sitt i Hollywood Hills mellom 2001 og 2003.

    (NTB)

    «That '70s Show»-stjernen Danny Masterson (t.h.) ble onsdag funnet skyldig i to voldtekter fra tidlig 2000-tallet
    Foto: AP
  • Røynesdal ny direktør i Nasjonalmuseet

    Ingrid Røynesdal blir ny direktør i Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

    Røynesdal kommer fra jobben som administrerende direktør for Oslo-filharmonien, der hun har vært leder siden 2013.