Hopp til innhold

Bjørn Einar Romøren oppfordrar menn til å snakke om sex og samliv

Bjørn Einar Romøren og Kristian Jørgensen lanserer kampanjen «Menn snakk om det». Fleire må snakke om «problem i kjellaren», meiner fastlege og samfunnsdebattant Kaveh Rashidi.

Bjørn Einar romøren og Kristian Jørgensen. No har dei lansert kampanjen - "Menn snakk om det" for å oppfordre menn om å snakke om utfordringar knytte til kreft.

BRYTE TABU: Saman med Kreftforeningen har Bjørn Einar Romøren og Kristian Jørgensen lansert kampanjen «Menn snakk om det» for å oppfordre menn til å snakke om utfordringar knytte til kreft.

Foto: Hanne Marie Molde / Kreftforeningen

– Det å tore å vere open. Det må rosast frå ende til annan, seier fastlege og samfunnsdebattant Kaveh Rashidi.

Ifølgje han viser forsking at menn er generelt dårlegare til å snakke om plagar, og spesielt det som handlar om seksualitet.

– Det er veldig sjeldan at menn, uansett alder, kjem til meg og seier rett ut at det er trøbbel i kjellaren, seier han.

Med kampanjen «Menn snakk om det» vil Bjørn Einar Romøren og Kristian Jørgensen, saman med Kreftforeningen, skape meir openheit, slik at færre føler seg aleine og fleire oppsøker hjelp.

Det var i fjor sommar at den tidlegare verdsmeisteren i skiflyging fekk påvist ein alvorleg kreftsjukdom.

– Kreft rammar mange og det rammar det kjønnet som kanskje ikkje er verdsmeistrar til å snakke om sjukdom. Men ved å snakke om det kan ein ufarleggjere det, seier Romøren til NRK.

Han måtte gjennom ein knallhard kur med cellegift. Under cellegiftbehandlinga delte han dobbeltrom med Jørgensen, som han etter kvart stifta venskap med.

Bjørn Einar Romøren

OPEN: Romøren er oppteken av å kunne bidra til å vere open om samliv etter kreft, sjølv om dette ikkje er det området som har ramma han mest.

Foto: Andreas Hagen / NRK

Begge fekk god hjelp og oppfølging gjennom heile vegen, og begge vart til slutt friske.

Samtidig var det lite fokus på det mentale og korleis kreftbehandling kom til å setje spor på kroppen og samlivet.

Når det ikkje funkar i kjellaren

– Når du er sjuk så er det viktigaste å overleve. Og så kjem den andre delen når du er ferdig med operasjon og alt det der, og då smeller det, seier Jørgensen.

Han måtte gjennom ein omfattande operasjon som førte til utlagt tarm og impotens – ein biverknad han skulle ønske han visste om på førehand.

Også Romøren fekk kjenne på korleis cellegifta tæra på kreftene hans.

– Det å vere utmatta før og etter behandling gjer jo noko med visse lystar. Det er ikkje det fyrste du tenker på når du ligger oppi senga, seier han.

Den tidligere verdensrekordholderen forteller om kreftsykdommen han har vært gjennom.

OM Å LEVE MED KREFT: Bjørn Einar Romøren snakka ut om korleis det var å ha kreft, korleis det var å ta cellegift, og korleis det var å bli far oppi det heile på Lindmo i mars.

Romøren fortel vidare at han mest sannsynleg har vorte steril, trass i at han ikkje har sjekka opp i det ennå. Han godtar det viss det viser seg å vere tilfelle. Men han veit at det ikkje er like lett for alle.

– For mange kan det å bli steril kjennest ut som eit tap av manndommen. Det skal ikkje flåsast bort. Ved å snakke om det kan ein gjere det mindre farleg, og få bort tankar som gjer at ein ikkje får levd ut livet i den forstand.

– Er eit helseproblem

Reint statistisk er det mange menn som er plaga med impotens og andre plagar knytte til seksualitet.

– Det er eit helseproblem og fører til veldig stor nedsetjing av livskvalitet. Slik sett så er det eit kjempeparadoks, seier Rashidi.

Menn snakk om det-tskjorta. Kaveh Rashidi

STØTTER: – Vi legar gløymer at helse ikkje berre er det ein kan sjå i eit mikroskop, men vel så mykje om seksualitet og det som betyr noko for deg i livet, seier fastlege Kaveh Rashidi. Her i t-skjorte med kampanjeteksten på.

Foto: privat

Konsekvensane av å tie stille om det kan for mange vere at ein ikkje finn ut av at ein har kreft, eller at ein ikkje får behandling raskt nok.

Romøren håpar kampanjen kan bidra til at menn tør å snakke om kreft og konsekvensar på lik linje med kvinner.

– Noko kan vere sårt å miste, sjølv om livet går vidare. Ein må lære å leve med det. Eller vere open for andre moglegheiter. For det blir som regel betre berre ein snakkar om det, avsluttar Romøren.

Du kan høyre meir om kampanjen, og reisa til Kristian Jørgensen på Ekko på P2 torsdag kl. 09.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.