Avlyser Countryfestivalen i Seljord

Countryfestivalen i Seljord blir avlyst for andre året på rad. Det blir også dei populære festivalane Palmesus, Malakoff og Bergenfest.

Countryfestivalen i Seljord 2019

Her er publikum samla framføre scena under Countryfestivalen i Seljord i 2019.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Det er tungt, vi lever av å samle folk og skape opplevingar. Korona gir lite plass til moro, seier leiaren av Countryfestivalen i Seljord, Yvonne Eilefstjønn.

Festivalen er Nordens største countryfestival og er eit årleg samlepunkt for om lag 25 000 festivalgjengarar i Telemark. Seljordfestivalen blir også avlyst.

– Omstenda gjer det ikkje mogeleg for oss å gje ei god festivaloppleving for publikum, difor har vi i dag bestemt oss for å avlyse, fortel Eilefstjønn.

Bergensfest kunngjorde også at dei måtte avlyse festivalen i ettermiddag.

Tidlegare i dag kunngjorde også Palmesus, som er skandinavias største strandfest, at det ikkje blir mogeleg å gjennomføre arrangementet i år. Dei hadde planar om å samle 60.000 menneske i og rundt Bystranda i Kristiansand fyrste helga i juli.

Malakoff er blant Vestlandets største rockefestivalar og samlar vanlegvis musikkelskarar på Nordfjordeid i Sogn og Fjordane.

Men slik blir det ikkje i år.

– Basert på retningslinjer i forbindelse med arrangement i sommar, er det ikkje mogleg å gjennomføre Palmesus slik det skal vere. Det er ein stor fest med mange menneske og store internasjonale artistar, seier Leif Fosselie, leiar i Palmesus.

Leif Fosselie, leiar i Palmesus

TRIST; MEN LETTA: Leif Fosselie, leiar i Palmesus.

Avgjerda er tatt etter at kulturministeren i dag la fram tiltak for kulturlivet i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett.

– Sidan det ikkje kom nokon endelege avklaringar for festivalsommaren spring tida ifrå oss, seier Fosselie.

Og legg til:

Det er ekstremt trist for publikum, tilsette, alle partar og arrangørar.

Også Malakoff fortel at slik gjenopningsplanen er lagt opp i sommar så er det ikkje mogleg å gjennomføre ein fullverdig Malakoff 2021 slik dei ønsker.

– Det er svært kjipt. Det er andre året på rad vi har sett oss nøydde til å utsette, seier dagleg leiar, Arnt-Ivar Naustdal.

Malakoff

ROCK: Lykkelege folk på konsert på Malakoff-festivalen.

Foto: Sigve Brochmann Rasmussen

Ser fram mot 2022

Malakoff ønskjer likevel å køyre eit alternativt arrangement.

– Vi skal vise fingeren og prøve å få til noko likevel. Vi vil få til ein minifestival med kule artistar, fortel Naustdal.

For Fosselie i Palmesus er dagen i dag også er ein dag med glede og lette.

– Vi kan sjå fram mot 2022 og vere heilt sikre på at alle skal kunne gå på festival igjen, og vi gler oss til å arrangere tidenes beste Palmesus i 2022, seier han.

Norway Rock-festivalen i Kvinesdal kunngjorde i går at dei avlyser på grunn av koronasituasjonen.

Frå før av er også Øyafestivalen, Stavernfestivalen og OverOslo avlyst.

Kulturminister Abid Raja er lei seg for at tre nye festivalar føyer seg inn i denne rekka.

Abid Raja

SMERTE: Kultur- og likestillingsminister Abid Raja er lei seg for at festivalane avlyser.

Foto: NRK

– Det smertar meg utruleg at både Palmesus, Øyafestivalen og andre har varsla at dei vil avlyse. Det er konsekvensen av pandemien. Den skapar ikkje moro, men øydelegg for alle.

1 ny milliard til kultur – framleis usikkert for festivalane

Gjenopningsplanen for sommaren går ut på at viss alt går etter planen kan festivalane ha 2000 og etter kvart 5000 deltakarar, men då delt inn i kohortar.

Fleire har reagert på det, blant anna Tone Østerdal i Norske Konsertarrangørar.

– Det krev rett og slett for mykje infrastruktur og har ein betydeleg kostnadsside, svarte ho til NRK då planen vart kjent.

I forbindelse med det reviderte nasjonalbudsjettet som vart lagt fram i dag foreslår regjeringa å forlenge dei mellombelse koronaordningane ut oktober. I tillegg vil regjeringa auke ramma for stimulerings- og kompensasjonsordningane med 1 320 millionar kroner.

For kultursektoren betyr dette 950 millionar kroner i kompensasjon- og stimuleringsordningar. I tillegg til 50 millionar til institusjonar over statsbudsjettet.

Peer Gynt på Gålå 2009. Dansende Peer

PEER GYNT: Ein dansande Peer Gynt i Peer Gynt-spelet på Gålå i Gudbrandsdalen.

Foto: Peer Gynt AS

May Brit Støve, dagleg leiar for Peer Gynt AS er positiv til det som vart lagt fram i dag. Det kritikarroste spelet på Gålå har planlagt 12 framsyningar i sommar.

– No tør vi å gå for planane våre, seier ho.

Men retningslinjene i stimuleringsordninga har ikkje kome på plass, og dei er no avhengige av ei rask avklaring på vilkåra for å få att pengar gjennom ordninga.

– Vi må vite at det blir dekt om noko skjer, om vi skal komme oss gjennom sommaren med hovudet over vatn.

Vil forlenge støtteordningane

Leiar i Creo, Hans Ole Rian, er tilfreds med pengepotten frå kulturministeren.

– Dette er bra. Dette er middel vi heilt klart treng for å kome over siste kneika, seier han.

Men Rian er ikkje heilt fornøgd med at støtteordningane ikkje varer ut året.

Hans Ole Rian

VIL FORLENGE ORDNINGA: Hans Ole Rian, leiar i Creo, meiner støtteordningane bør bli forlenga ut året.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

– Det som er synd og veldig beklageleg er at dette skal vare til 31. oktober. Slik vi ser det vil behovet vare utover hausten og ut året, seier han.

Og understrekar at dei treng føreseielegheit og tryggleik for å kunne planleggje.

Det same gjeld kompensasjonsordninga for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar.

– Vi meiner at den må utvidast ut året, fordi det er eit siste tryggleiksnett for veldig mange kulturarbeidar og andre næringsdrivande, seier han.

Hadde håpa på meir offensiv satsing

Rihannon Hovden Edwards

OFFENSIV: Rhiannon Hovden Edwards er leiar i Virke. Ho vil ha ei meir offensiv satsing på restart i kultursektoren.

Foto: Virke

Rhiannon Hovden Edwards, leiar for Kultur og opplevingar i hovudorganisasjonen Virke er einig med Rian om at ordningane allereie nå burde bli forlenga ut året.

– Vi hadde likevel håpa på ei meir offensiv satsing på restart i kultursektoren, tiltak for å sikre fart ut av krisa, og grøn omstilling i sektoren, seier ho.

Kulturstrøm

  • Melder seg ut av organisasjon

    To av medlemmane i Hollywood Foreign Press Association, HFPA, som blant anna deler ut Golden Globe, melder seg ut av organisasjonen.

    Dei omtaler organisasjonen som giftig, og seier dei vil starte ein konkurrerande organisasjon, skriv The Hollywood Reporter.

    HFPA har fått massiv kritikk, blant anna for å ha lite mangfald i medlemsmassen og for å ha økonomiske bindingar med enkelte av dei som blir nominerte til prisen.

  • Fikk hakeslepp av eget gitarspill

    Lillebjørn Nilsen er plateaktuell med «Live in Telemark», som er et opptak fra en konsert han gjorde sammen med den irske visesangeren Andy Irvine under Telemarkfestivalen i 1994.

    I Kulturstripa torsdag snakket han og programleder Mona B. Riise sammen om innspillingen og hvordan han jobber som musiker.

    En av låtene på plata er en versjon av Lillebjørn-klassikeren «Alexander Kiellands plass», hvor han spiller den alene med akustisk gitar.

    – Jeg fikk helt hakeslepp da jeg hørte det opptaket av «Alexander Kiellands plass». Fordi dette var min opprinnelige drøm: Å bare høre den med min sangstemme og – da må jeg skryte litt – mitt eminente gitarspill, sier han i intervjuet.

    70-åringen kan også koste på seg litt selvskryt for å ha inspirert utallige gitarister med «Lillebjørns gitarbok», utgitt i 1973.

    Lillebjørn Nilsen og Mona B. Riise