Hopp til innhold

Astrid Lindgrens dotter rasar mot ny film

Karin Nyman er sterkt kritisk til filmen «Unga Astrid», som handlar om tida før mora Astrid Lindgren blei kjent. Filmen fortel blant anna om ein uønskt graviditet med ein eldre gift mann.

Astrid Lindgren

Kinofilmen om dei unge åra til Astrid Lindgren har svensk kinopremiere om to veker. Filmen handlar blant anna om tenåringen Astrid som blir gravid med ein 30 år eldre mann.

Foto: Tobias Röstlund / Scanpix

Om to veker har filmen «Unga Astrid» kinopremiere i Sverige. Skodespelaren Alba August, som er dotter til regissøren Bille August og skodespelaren Pernilla August, spelar tenåringen Astrid Lindgren som på 1920-talet byrjar å skrive i ei lokal avis i Vimmerby.

Ho innleier eit forhold til den 30 år eldre redaktøren, og blir gravid. 18 år gamal reiser ho til København for å føde Lars, som er halvbroren til Karin Nyman.

Verna om privatlivet

I eit intervju med magasinet Vi, som kom med ny utgåve tysdag, seier Nyman at Lindgren ville ha sagt «eit rungande nei» til filmen om ho hadde levd, skriv Expressen.

– Tida i Vimmerby med sladder, blikk, forakt og spørsmål fekk mamma inn i margen kjenne kva merksemd kostar. Ho flykta frå Vimmerby og unngjekk seinare alle spørsmål om privatlivet sitt. At nokon no diktar fritt rundt denne tida i Astrids liv kjennest absurd, seier Nyman.

Karin Nyman

Karin Nyman meiner filmskaparane har teke seg for store kunstnariske fridomar i filmen om mora. Ho seier mora verna om privatlivet sitt, og ikkje snakka med nokon om ungdomsforholdet til avisredaktøren.

Foto: Jessica Gow/TT / NTB scanpix

Ho seier til magasinet at mora ikkje snakka med nokon, ikkje ein gong familien, om korleis forholdet med den eldre redaktøren var. Nyman reagerer på at noko så privat og intimt skal brettast ut på det store lerretet.

– Samanliknar du med filmane om for eksempel Borg og Churchill, handlar dei om kva desse mennene oppnådde i livet. Filmen om Astrid handlar om nokre av dei mest intime åra av privatlivet hennar, 20 år før ho skriv ei bok som gjer henne berømt.

Meiner filmen er ei hyllest

Filmprodusentane bak filmen om den unge Astrid Lindgren avviser at dei ønsker å grafse i privatlivet til den verdskjende forfattaren. Dei meiner filmen er ei hyllest og vakker forteljing om ungdomsåra til Lindgren.

– Den fridomen kvinner nyt i dag har ikkje kome av seg sjølv. Difor ville vi lage filmen om dei unge åra til Lindgren, seier regissør Pernille Fischer Christensen til Expressen.

Ho meiner Lindgren var med å bane veg for komande generasjonar kvinner i Sverige.

– Det er kvinner som Astrid, deira livsval og kunstnarskap, som har bana veg for dei livat kvinner kan leve i dag. Det er viktig vi at vi hugsar på føregangskvinnene, at vi forstår kvar vi kjem frå for å forstå eigne liv og kva vi må verne om, seier ho.

Maria Bonnevie spelar mora til Astrid Lindgren, Hanna, medan Henrik Rafaelsen spelar redaktøren Reinhold Blomberg som gjorde Lindgren gravid. Filmen kjem på norske kinoar i september.

Kulturstrøm

  • Den nasjonale Ibsenprisen tildelt Monica Isakstuen

    Årets Ibsenpris tildeles Monica Isakstuen for stykket «Dette er ikke oss». Stykket hadde urpremiere på Den Nationale Scene 26. januar 2022.

    I sin begrunnelse skriver juryen: «Teksten maner fram en uvanlig familiedynamikk med overraskende dramaturgiske vendinger, som likevel oppleves gjenkjennelige og relevante.»

    Ibsenprisen går årlig ut til en dramatisk tekst som har hatt urpremiere eller norgespremiere ved et profesjonelt norsk teater i løpet av foregående kalenderår.

    Selve prisen er på 150.000 kroner og en statuett av Nina Sundbye. Prisen ble første gang delt ut i 1986.