Hopp til innhold

Ap: – Usikre på FM-sløkking

Uvisse i Arbeidarpartiet kan, i yttarste konsekvens, føre til at FM-sendingane på radio ikkje blir stengt likevel.

Arild Grande

I TVIL: Arbeidarpartiet er usikre på om dei vil stemme for sløkking av FM-nettet.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Sløkkinga av FM-sendingane på radio startar etter planen 11. januar 2017. Men Frp er i tvil om dekninga og beredskapen langs vegnettet og til sjøs, og vil difor fremme eit forslag mot FM-sløkking.

LES OGSÅ: Regjeringen: – Blir det trøbbel med DAB-dekning, må vi sette foten ned

Ifølge Klassekampen vurderer Arbeidarpartiet å sikre fleirtal i Stortinget for Frps forslag om å stanse FM-sløkkinga, når saka skal behandlast i Stortinget på tysdag.

– Kulturministeren må på banen

Men overfor NRK innrømmer Arbeidarpartiets mediepolitiske talsperson, Arild Grande, at sjansen for dette er liten, og at partiet først og fremst ønsker at kulturministeren skal komme på banen.

– Vi er tydelege på at vi ønsker denne omlegginga, og vi vil helst unngå utsetting. Men vi veit faktisk ikkje korleis vi skal stelle oss til at eit av to regjeringsparti nå kjempar i mot sløkking av FM og spreier påstandar om kva det vil føre til. Det gjer at vi blir usikre på om kulturministeren har kontroll på eigne troppar, seier Grande.

Arbeidarpartiet forlanger difor ei utgreiing frå kulturministeren. Viss den ikkje er tydeleg, veit dei ikkje kva dei vil stemme. I praksis kan ein slik utgreiing bety at Frp må trekke forslaget sitt.

– Nå kjem tydelegvis Frp med eit forslag på tysdag, og det kan skape mykje uro dersom regjeringa ikkje står bak det regjeringa har sagt. Difor må kulturministeren komme på banen å gjere greie for om heile regjeringa står bak, seier Grande.

– Dersom Frp føreslår for Stortinget å utsette FM-sløkkinga, vil Ap da stemme med Frp?

– La meg vere heilt tydeleg. Dersom kulturministeren kjem på banen og seier at regjeringa står heilhjarta bak det dei har sagt til Stortinget, at vi kan føle oss trygge på denne omlegginga og at alt er i rute, så står vi ved det Stortinget tidlegare har sagt og vil ikkje støtte Frp sitt forslag. Men dersom vi ikkje får desse forsikringane, da veit vi ikkje korleis vi skal stelle oss til forslaget frå Frp, seier Grande.

– Regjeringa står bak 100 prosent

Til NRK seier kulturminister Linda Hofstad Helleland (H), at regjeringa står fullt og heilt bak vedtaket om å sløkke FM-bandet i 2017.

– Det er heilt unødvendig å skape uvisse om dette. Dette er ei omlegging som regjeringa med Høyre og Frp står 100 prosent bak og eit stort fleirtal på Stortinget står bak. Kva Frp på Stortinget gjer kan ikkje eg svare for. Omlegginga til DAB vil gje eit mykje betre radio-tilbud og betre beredskap, seier kulturministeren.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters