Hopp til innhold

Berre to av dei ti mest spelte artistane på norsk radio i fjor var kvinner

Mannlege artistar dominerer i norske radiokanalar. Kvinneandelen står nesten på staden kvil.

Astrid S på Palmesus

EINSAMT PÅ TOPP: Astrid S var ein av dei mest spelte artistane på norsk radio i fjor. Av dei ti øvst på lista har ho berre selskap av éin annan kvinneleg artist.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Både på den internasjonale og norske lista dominerer menn på radio. Av dei mest spelte hovudartistane finn ein blant anna Ed Sheeran, Astrid S, Alan Walker og Dagny.

Bruk av innspelt musikk på radio og i offentlege rom genererer pengar til desse artistane, gjennom organisasjonen Gramo.

Ifølge Gramo sin årsrapport var utbetalingane for 2022 fordelt slik:

77,75 % til menn, 22,25 % til kvinner.

Radio er ein viktig arena

– Eg visste ikkje at det sto så gale til, seier Line Dybedal om skeivfordelinga i statistikken.

Ho er sjølv artist og låtskrivar busett i Selje. NRK P1 og P3 er blant kanalane som har lista musikken hennar.

Dybedal seier at ballen rullar lettare nettopp fordi musikken er i rotasjon på radio. Slik synleggjering kan til dømes føre til nye oppdrag.

Line Dybedal på Seljesanden

Artist Line Dybedal meiner skeivfordelinga på radio er trist, – Det er mange gode kvinnelege artistar å velje mellom.

Foto: Jørn-Arne Tomasgard

For artistar og låtskrivarar er speletid på radio viktig av fleire grunnar. Det er ikkje berre ei inntektskjelde men ei anerkjenning å få musikken vurdert av ein musikkprodusent på radio.

Artisten frå Selje meiner at ei målsetting for radio bør vere ein jamnare balanse. Ein del av ansvaret deira er å vise fram gode kvinnelege artistar for dei unge lovande, dei som moglegvis vil bli musikarar sjølve.

– Utvikling tek tid, men me må byrje ein plass. Til dømes ein seriøs plattform som radio, seier låtskrivaren.

Ei langsam utvikling

Først i 2016 fekk kvinnelege utøvarar meir enn tjue prosent av vederlaget. Sidan då har det sakte vokse til ein topp på tjueto til tjuetre prosent.

På sju år har andelen berre auka med 2–3 prosent.

Kommunikasjonsansvarleg i Gramo Rita Mamelund seier radiotala speglar kjønnsbalansen blant medlemane deira. Organisasjonen oppgjev at dei har over 39.000 medlemar.

Hovudoppgåva til Gramo er å krevje inn og fordele betaling til utøvande artistar og plateprodusentar, når dei vert spelt på radio.

Det hadde vore hyggeleg om vederlaget fordelte seg meir likt mellom kjønna, seier kommunikasjonssjefen.

Ber bransjen ta tak

Statistikken til Gramo omfattar i hovudsak NRK-kanalane, samt P4 og Radio Norge.

Musikksjef i NRK Mats Borch Bugge, seier seg einig i at andelen kvinner på spelelistene er for låg. Som musikksjef har han ansvar for musikktilbodet til NRK på alle plattformer.

Mats Borch Bugge

Musikksjef Mats Borch Bugge seier NRK heiar på både kvinner og menn i norsk musikk.

Foto: Julia Marie Naglestad/NRK

Han meiner det er viktig for ein heil radiobransje å sjå på dette, og å syte for betre tal framover.

Samstundes seier Bugge at tala hjå NRK skil seg frå totalbiletet og at statskanalen er særs oppteken av kjønnsbalanse. På P1 og P3 er fordelinga bortimot lik, og tala for 2023 er så langt veldig gode.

Anders Opsahl er programredaktør i P4, og oppgjev at det var kvinnelege artistar på fire av dei ti mest spelte låtane deira. I tillegg var kvinner også representert som del av gruppe eller duo på fleire andre låtar.

– Ved utveljing av musikk ser me på kva som rører på seg i marknaden. Me har også eit lyttarpanel som fortel oss kva dei ønsker å høyre, skriv Opsahl til NRK.

Det finst håp

Det er ikkje til å kome ifrå at det er ein tøff bransje, ein må vise at det finst gode forbilde poengterer Dybedal. Jenter vert typisk soloinstrumentalistar eller songarar, medan mange sit på romma sine og skriv gode songar.

Ho meiner skule og kulturskule har eit ansvar om å oppfordre jenter til å starte band og å velje andre instrument.

Mange unge utøvarar byrjar med musikk først i kulturskulen, og der finn ein mange potensielle tilskot til musikkbransjen.

Ifølgje Grunnskulens Informasjonssystem er nærare to av tre elevar i kulturskulen jenter.

Sjølv om skeivfordelinga endå er stor, kan også Mamelund vise til ein noko positiv trend i statistikken.

Ein større del av utbetalingane går no til artistar mellom tjue og tjueni, spesielt hjå kvinnelege utøvarar. Det heng saman med at dei mellom tretti og trettini år får mindre.

– Det kan vere starten på ein jamnare fordeling, trur kommunikasjonssjefen.