Hopp til innhold
Anmeldelse

Med hjartet på rette staden

Ei Parr-bok i livet skulle alle ha.

Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
Bok

«Oskar og eg»

Maria Parr

Illustrert av Åshild Irgens

Barnebok

15. august 2023

Samlaget

Ein farfar i livet skull' alle ha, syng Odd Nordstoga.

Ein meir hjartevarm song skal du leite grundig etter.

Varmen kjem, tør eg påstå, frå Maria Parr og debut­boka hennar, «Vaffelhjarte», som også blei ein populær TV-serie. Nordstoga skreiv songen til TV-serien og resten er historie.

Alle som elska «Vaffelhjarte», kan gle seg no.

Fra barneboka «Oskar og eg» av Maria Parr
Foto: Åshild Irgens / Samlaget

Familien

Vi skal ikkje attende til den koselege bygda Knert-Mathilde der bestevenene Trille og Lena tumlar rundt. Denne gongen er det Ida, åtte år, som eig historia.

Oskar er veslebroren, han er fem. Saman med foreldra fyller dei livet med smått og stort i det raude huset på bakketoppen:

På toppen av ein bakke i bygda vår ligg det eit stort, raudt hus. Det er litt umoderne og skranglete, for mamma og pappa er ikkje så flinke til å ordne og fikse ting, men skogen er like ved, og om kvelden lyser det gult og koseleg i vindauga. Det har eg sett sjølv, når eg har kome heim frå fotballtrening.

«Oskar og eg» av Maria Parr

Maria Parr treng verken fantasy-element eller store bokstavar for å skape spanande historier. Det er kvardagen ho skildrar: små, hyggelege hendingar som til saman fyller det verkelege livet. Søskenkrangel om kven som skal ligge i overkøya eller mysteriet med kven som eigentleg er julenissen, kan skape dramatikk nok.

Eg skriv hyggeleg, for det ligg noko trygt og oppbyggjeleg i tekstene til Maria Parr. Ho trur på menneska, at vi vil kvarandre vel.

Fra barneboka «Oskar og eg» av Maria Parr
Foto: Åshild Irgens / Samlaget

Latter og gråt går hand i hand

Dessutan plukkar ho opp latteren som ligg bak kvar ein sving når ein er åtte, eller fem, og har så mykje ein skal oppdage.

Nett då eg noterer at det er godt å lese ei realistisk barnebok der foreldra ikkje er skilde, ikkje er fattige eller drikkfeldige – og ikkje skal dei døy heller – då snik faktisk døden seg inn.

Det er onkel Øyvind, den rause og morosame karen som er gift med onkel Bulle, som blir sjuk og døyr. Også sorga kan handsamast i Parr sine soger, der det er lov å vere trist om ein er ung eller gamal.

Naturleg representasjon

At Øyvind og Bulle var gifte, er som det skal vere. Hos Maria Parr er ulike grupper i samfunnet representerte, anten det handlar om samliv eller etnisitet.

Parr blir ikkje pedagogisk eller politisk korrekt, ho berre skildrar bygde­samfunnet slik det er.

Det å meistre noko, sjølv den minste oppgåve, spring som skyttelen gjennom tekstveven. Støtt kan barna sette den vaksne på plass. Lojaliteten ligg alltid hjå ungane. Når det er sagt, er også dei vaksne i Parr sitt univers omgjengelege figurar som gjer sitt beste.

Fra oskar og eg av Maria Parr
Foto: Åshild Irgens / Samlaget

Høgtlesing

Forteljinga til Ida er delt inn i kapittel som kvar for seg er akkurat passe spanande og akkurat passe lange til å vere ei godnatt-historie.

Titlane på kapitla viser til ein konkret stad: Det kan vere klesskapet, stova, akebakken eller onkelhuset. Bruken av konkrete plassar som er knytte til barna sine liv, forsterkar kjensla av å høyre til.

Kapitla har òg kvar sin undertittel som vekkjer forventning og gir lesarane eit hint om kva som skal skje. Eg likar at forfattaren inviterer barna med inn i diktinga på denne måten.

Boka er gjennomillustrert av Åshild Irgens. Ho har samarbeidd med Parr gjennom fleire år. Dei tilforlatelege teikningane hennar snakkar godt med det smålåtne hjå Parr.

Fra barneboka «Oskar og eg» av Maria Parr
Fra Oskar og eg av Maria Parr
Fra Oskar og eg av Maria Parr

Det er nyansane som gir liv.

Irgens fokuserer gjerne på ansiktsuttrykka til hovudpersonane og gir plass til sinne, glede, sorg, redsle eller undring.

Interesse for vanlege liv

Og undring er eit stikkord for verksemda til Maria Parr. Ho interesserer seg for livet til vanlege menneske.

Det same gjer Ida, der ho går og sankar godteri på Halloween:

Men mest synest eg det er så fint å få sjå inn i gangen til folk og førestille meg korleis dei har det. Nesten alle vi ringer på hos, er naboar som vi veit kven er, men som vi kanskje ikkje brukar å besøke. Og er synest det er så fint å stå utanfor slike nabodører, og så opnar dei og vi får ein liten gløtt inn i huset deira.

«Oskar og eg» av Maria Parr

«Oskar og eg» serverer små bitar livsvisdom formulert av små menneske. Dei spring ut frå ein oppvekst der tillit, omtanke og tryggleik er kjerneverdiar.

Blir det for vent? Nostalgisk, kan hende?

Ikkje alle barn veks opp i eit trygt, lite bygdemiljø som det barna hos Maria Parr gjer. Det finst større utfordringar i livet enn å måtte dele rom med veslebror.

Men så er det nettopp det å ha ein veslebror som gjer livet til det underet det er.

Slike innsikter skriv Maria Parr fram på sitt lune, inkluderande vis.

Så mitt ynskje blir ståande:

Ei Parr-bok i livet skull' alle ha!

Hei!

Eg er litteraturkritikar i NRK, og skriv om bøker både for barn og vaksne. Tips til enda fleire gode barnebøker finn du her. Vi oppdaterer alle lesetipsa våre i denne saken.

Les også Maria Parr slår an i utlandet

Maria Parr

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP