Skal du opphalde deg på Vestlandet i sommar, og vil ha kulturtips til ferien?
I denne saka får du:
- ein kulturkalender for kvart fylke med det som skjer der i sommar
- ei liste med tips til 10 kulturattraksjonar i kvart fylke som er tilgjengeleg gjennom heile sommaren, som flotte utsiktspunkt, museum eller skulpturparkar. Alle tipsa er sortert etter gammal fylkesinndeling.
Du vil sjå at NRKs kulturkritikarar har valt ut sine favorittar/anbefalingar begge stader.
God sommar!
NB! Vi tek atterhald om at arrangement kan bli avlyst og at opningstider blir endra. Enkeltarrangement er i hovudsak ikkje inkludert i kulturkalendrane, men arrangement som går over fleire dagar, så vi oppmodar om å også sjekke ut konsertscener og spelestader der du er.
- Klikk her for kulturtips i Møre og Romsdal
- Klikk her for kulturtips i Sogn og Fjordane (Vestland)
- Klikk her for kulturtips i Hordaland (Vestland)
- Klikk her for kulturtips i Rogaland
- Klikk her for oversikt over heile landet
Møre og Romsdal
Kulturkalender for Møre og Romsdal sommaren 2021
10 kulturtips i Møre og Romsdal
1. Jugendbyen, Ålesund
Anbefalt av Mona Pahle Bjerke, NRKs kunst- og arkitekturkritikar

Ein av dei mest særprega byane i Noreg er Ålesund. Etter ein tragisk brann i 1904 som forvandla 850 hus til oske, vart byen i løpet av tre år gjenoppbygd i den kontinentale motestilen Art Nouveau eller jugendstil. Ein ville ikkje lenger etterlikna stilane frå fortida, men lét seg inspirere av dei organisk planteformene. Stilen er elegant, grasiøs og prega av asymmetri. Då byen sto ferdig vart den sett på som den mest moderne byen i Noreg. I dag er den eit levande stykke arkitekturhistorie.
2. Atlanterhavsvegen, mellom Molde og Kristiansund
Vegen er kåra til hundreårets byggverk i Møre og Romsdal og både The Guardian og CNN har omtalt den som ein av verdas flottaste bilvegar. Den kunstinteresserte kan også få med seg det omdiskuterte kunstverket «Columna Transatlantica» av Jan Freuchen, populært kalla marmorormen. Det er i 39 delar og ligg i naturen ved Hågå ved Hustadvika.
3. Trollstigen – vandring og utsiktspunkt, Rauma
Ikkje berre er dette mektig natur, men sjølve utsiktspunktet er teikna av Reiulf Ramstad Arkitekter og har teke imot Houens Fonds Diplom, rekna som Noregs fremste arkitekturpris. Del av Nasjonale Turistveger.
4. Kvernes stavkyrkje, Averøya
Anbefalt av Mona Pahle Bjerke, NRKs kunst- og arkitekturkritikar

Kvernes stavkyrkje på Averøy er spesiell fordi den er den einaste som har ei sikker datering etter mellomalderen. Kyrkja, som ein heilt fram til i fjor trudde var bygd på 1300-talet, viser seg å vere ei 1600-talskyrkje. Det blir no forska på om dette også gjeld Grip stavkyrkje som også ligg i regionen. Dette er spennande for det har vore anteke at kunnskapen om den komplekse byggeteknikken gradvis døydde ut i slutten med svartedauden. Vi ser også tydeleg refleksa av den overdådige formgleda som prega tida: Innvendig er veggane malt med ferdige akantusranker i gull, raudt og grått. Kvernes stavkyrkje har også eit praktfullt krusifiks frå 1600-talet. Kyrkja er i høgste grad verd eit besøk.
5. Aasentunet – Nynorsk Kultursentrum, Ørsta
Heimstaden til Ivar Aasen og eit av få språkmuseum i Norden. Fleire forskjellige aktivitetar for store og små. Museumsbygget er teikna av arkitekt Sverre Fehn.
6. Romsdalsmuseet, Molde og omland
Herunder fleire besøksverdige stader som Nesset Prestegård (barndomsheimen til Bjørnstjerne Bjørnson), Kystmuseet i Bud med Ergan kystfort og hytta til den tyske kunstnaren Kurt Schwitters på Hjertøya utanfor Molde (noko er flytta til hovudmuseet i Molde).
7. KUBE, Kunstmuseet i Møre og Romsdal, Ålesund
Museet husar Jugendstilsenteret i det gamle Norges Bank-bygget frå 1906. I tillegg viser museet i sommar ei utstilling med kunstnarar som John Akomfrah, Per Inge Bjørlo, Britt Sorte og Liv Dysthe Sønderland m.fl.
8. Fiskerimuseet, Ålesund
Tek føre seg historikken bak byen og områdets klippfiskproduksjon, historia rundt landets første moderne tranfabrikk bygd av Peter Møller, loshistorie m.m.
9. Møbelmuseet i Sykkylven
Tripp trapp-stolen, design Peter Opsvik.
Foto: Egon GadeSunnmøre er kjent for møbelindustrien og fleire norske møbelklassikarar som Siesta, Tripp Trapp, Stressless m.m. er produsert her. I museet får du eit innblikk i den norske møbelhistoria og du får ikkje minst sett dei klassiske møblane.
10. Grip stavkyrkje, Grip, Kristiansund
Kyrkja, som er datert til andre halvdel av 1400-talet, står fram i dag som ein antek den var på 1600-talet.
- Klikk her for å kome tilbake til oversikta over Vestlandet
Sogn og Fjordane (Vestland)
Kulturkalender for Sogn og Fjordane sommaren 2021
10 kulturtips i Sogn og Fjordane
1. Astruptunet, Jølster
Anbefalt av Mona Pahle Bjerke, NRKs kunst- og arkitekturkritikar

Astrup-tunet er heimen til kunstnaren Nikolai Astrup. Her kan ein sjå korleis kunstnaren levde og arbeidde med den storslegne vestlandsnaturen rundt seg. Landskapet er som henta ut av eit Astrup-måleri. Kunstnarheimen er også galleri og byr på eit breitt spekter av Astrup sine verk.
2. Eikaasgalleriet på Ålhus i Jølster
Har 850 verk av kunstnaren Ludvig Eikaas.
3. Skulpturar i Naustdal
På Sanden i Naustdal står skulpturen «Budeie med KjARTanroser» av den kjende kunstnaren Kjartan Slettemark og skulpturen «Kyr» av Oddvar Torsheim og Geir Hjetland.
4. Borgund Stavkyrkje, Lærdal, Sogn
Anbefalt av Mona Pahle Bjerke, NRKs kunst- og arkitekturkritikar

Kyrkja ber med seg brytninga mellom heidensk vikingtid og kristen mellomalder. I Borgund Stavkirke kan ein sjå runeinskripsjonar ved inngangen der heidenske gudar er omtalt. Eit søylehovud viser ein katt som truleg var symbol for den norrøne gudinna Frøya. Altersteinen er eldre enn kyrkja, og er moglegvis eit eldgammalt heidensk alter.
5. Utsikten, Gaularfjellet
Utsikten rasteplass på Gaularfjellet er ein del av Nasjonale Turistveger og kombinerer mektig natur med arkitektur. Utsiktsplattforma er teikna av Code arkitektur og nærast balanserer på kanten av fjellet.
6. Sagastad på Nordfjordeid
Vikingsenteret har ein modell i full størrelse av Myklebustskipet, eit av verdas største vikingskip. Både barn og vaksne kan gå om bord i skipet.
7. Urnes stavkyrkje, Ornes i Luster
Står på Unesco si verdsarvliste og er ei av landets eldste stavkyrkjer, datert til ca. 1130.
8. Stegastein, Aurlandsfjellet
Nok eit slåande utsiktspunkt i fylket. Stegastein-plattforma strekker seg 30 meter over tretoppane og 650 meter over Aurlandsfjorden. Del av Nasjonale Turistveger og teikna av arkitektane Todd Saunders og Tommie Wilhelmsen.
9. Stig Eikaas' statue av kunstnar Oddvar Torsheim
Skulpturen i granitt portretterer kunstnaren Oddvar Torsheim (som i likskap med Kjartan Slettemark og Ludvig Eikaas er frå området) med det karakteristiske raude skjerfet, Festplasstangen i Førde. Det er kunstnar Stig Eikaas (son av Ludvig) som har laga statuen.
10. Sogn Folkemuseum på Kaupanger
Museet har eit friluftsmuseum med over 30 hus frå mellomalderen til i dag og er eitt av dei eldste og største folkemusea i Noreg.
- Klikk her for å kome tilbake til oversikta over Vestlandet
Hordaland (Vestland)
Kulturkalender for Hordaland (Vestland) sommaren 2021
3. juli – 22. august
10 kulturtips i Hordaland
Bergen og Hordaland er meir enn Bryggen, her er fleire kulturtips:
1. KODE-kunstmuseer, Bergen
Anbefalt av Mona Pahle Bjerke, NRKs kunst- og arkitekturkritikar

I Hordaland er det naturleg for den kunst- og kulturinteresserte å søke til Bergen. Det første som må løftast fram her er byens eige museum KODE. Eit museum som året gjennom skaper fagleg solide og interessante utstillingar. I tillegg har museet eit skattkammer av ei fast samlingsutstilling; som rommar mellom anna mange Munch-måleri og viktige hovudverk frå nasjonalromantikken, ikkje minst sjølvsagt bergensaren J.C. Dahl. I sommar viser museet mellom anna den vakre og tankevekkande utstillinga «Akashic field» med verk av kunstnaren Marit Følstad.
2. Trappebrua, Vøringsfossen, Hardangervidda, Måbødalen
Ein av dei mest kjende fossane i landet, Vøringsfossen, fekk i fjor ei heilt ny gangbru over juvet. Brua, som er ein del av Nasjonale Turistveger, er omstridd og har blitt kritisert. Det er likevel ingen tvil om at arkitekt Carl-Viggo Hølmebakks gangbru både er spektakulær i seg sjølv og gir høve til å oppleve fossen på ein spektakulær måte.
3. Håkonshallen, Bergenhus Festning, Bergen
Anbefalt av Mona Pahle Bjerke, NRKs kunst- og arkitekturkritikar

Bergen er ein by som verkeleg har historisk sus. Byen vart grunnlagd av kong Olav Kyrre i 1070, og vart seinare gitt det poetiske namnet Bjørgvin, som tyder den grøne sletta mellom fjella. Og framleis finst det kulturarv av stor tyding på omtrent kvart gatehjørne. Noko av det finaste er den gotiske festsalen Håkonshallen, som vart oppført i kleberstein i spissbogestil for kong Håkon Håkonsson på 1200-talet. Håkonshallen er det største ståande sekulære byggverket som er bevart frå mellomalderen i Noreg. På Bergenhus ligg også Rosenkrantztårnet som byr på flott utsikt over Vågen.
4. Troldhaugen, Bergen
Troldhaugen på Hop utanfor Bergen sentrum var heimen til Edvard og Nina Grieg. På Troldhaugen finn ein Villaen, Komponisthytten, gravstaden til Edvard og nina, samt eit moderne museumsbygg. I tillegg blir konsertsalen Troldsalen brukt til konsertar gjennom heile sommaren. (Du finn datoar i kulturkalenderen ovanfor).
5. Gatekunst, Bergen
Anbefalt av Mona Pahle Bjerke, kunstkritikar

Trass i at fleire norske byar etter kvart har fått mykje flott gatekunst er Bergen i ei særstilling og blir kalla Noregs gatekunsthovudstad. To av dei mest profilerte gatekunstnarane i landet, Dolk og AFK, høyrer heime her. Gå ut i Bergen med eit vakent blikk og søk i smau og gater, så kjem du garantert over flotte verk i denne urbane kunstforma. (I denne saka finn du mange eksempel på gatekunst og kvar du kan finne dei i bybildet.)
6. Universitetsmuseet, Bergen
Musset opna i 2019 etter å ha vore stengt i fleire år og er eit godt tilbod til barnefamiliar. Museet har blant anna eit stor kvalskjelett hengande i taket.
7. Lysekloster, Lysefjorden
Lysekloster er Noregs eldste cistercienserklokster, grunnlagt av engelske munkar på 1100-talet.
8. Lysøen, heimen til komponisten og fiolinisten Ole Bull
Sjølv om sjølve museet i villaen er stengt i sommar (grunna renovering) blir det mogleg å oppleve øya. KODE-museer lanserer eit utandørsprogram ilpa juni og det er gratis båtskyss til øya. (Også sommarstaden hans ved Valestrandfossen på Osterøy (Bullahuset) er verd eit besøk.
9. Kraftmuseet, Tyssedal/Odda
Den rike industrihistoria i bygdene i Ullensvang kommune kan utforskast på forskjellig vis. Kraftmuseet i Tyssedal er freda av Riksantikvaren og skal formidle industrieventyret i området. Her kan ein mellom anna besøke den såkalla «Kraftkatedralen» i Tyssedal, KraftLaben vitensenter og Lindehuset i Odda (gammal nitrogenfabrikk som no er kulturhus og har fotoutstilling gjennom sommaren).
10. Olav H. Hauge-senteret, Ulvik
Senteret heidrar diktaren og fruktbonden Olav H. Hauge. Ein kan også booke omvising på fruktgarden Rossvoll der Hauge budde.
- Klikk her for å kome tilbake til oversikta over Vestlandet
Rogaland
Kulturkalender for Rogaland sommaren 2021
10 kulturtips i Rogaland
1. Utstein Kloster, Mosterøy i Stavanger
Anbefalt av Mona Pahle Bjerke, NRKs kunst- og arkitekturkritikar

Utstein Kloster er Noregs einaste bevarte mellomalderkloster. Det er ein fantastisk utfartsstad, der det ligg i praktfulle omgivnader på Mosterøy i Stavanger kommune. Harald Hårfagre skal ha hatt kongsgarden sin her. I mellomalderen var det kloster for augustinermunker og på 1700-talet var det fogdegård. Her kan ein studere fleire lag av historie. Delar av bygningskroppen er forma ut i romansk stil, medan vindauge og bogegangar er prega av gotikken. Andre bygningselement har kome til seinare.
2. Garborgsenteret, Bryne
Garborgsenteret på Bryne er det nasjonale formidlingssenteret for forfattarskapa til ekteparet Hulda og Arne Garborg.
3. «Broken Column»/«dei rustne mennene», Stavanger
Anbefalt av Mona Pahle Bjerke, kunstkritikar

Det fantastiske monumentet til Antony Gormley, «Another Place», der 100 jernmenn var plassert ut på Solastranda i 1998, forstyrra innflyginga til Sola og vart dermed fjerna året etter. Men Gormley kom tilbake til Stavanger med kunstverket «Broken Column» som består av 23 jernmenn plassert rundt omkring i byen, i ei broten søyle frå Rogaland kunstmuseum til hamna. Ta turen rundt i byen og sjå kor mange jernmenn du finn.
4. Gatekunst, Stavanger/Bryne
I likskap med Bergen er Stavanger eit sentrum for mykje god gatekunst. Her kan ein spasere i gatene og få med seg flotte kunstverk. Ein kan også ta turen til Bryne for å få med seg koronakunstverket «The Lovers» (bildet), som dukka opp under jernbana på Bryne då Noreg stengde ned den 12. mars i fjor. Bilde av verket har blitt spreidd verda rundt og vart attpåtil avbilda i The New York Times. Som gatekunstverk flest er verket ubeskytta og har allereie vore utsett for hærverk – og vaska igjen – to gonger. Gatekunstfestivalen Nuart har eit samarbeid med Google Arts and Culture med detaljert oversikt over kvar du finn ulike verk. Festivalen finn for øvrig stad i september.
5. Ostasteidn, Sandsfjorden
Arkitekturen på rasteplassen Ostasteidn er inspirert av kunsten til Stavanger-kunstnaren Lars Hertervig, som henta motiva sine nettopp frå dette landskapet.
6. Haraldshaugen/Haraldsstøtta, Haugesund
Riksmonumentet er til minne om Harald Hårfagres samling av Noreg i 872 og vart avduka i 1872. Det førestiller ein stor gravhaug omgitt av ein granittmur med 29 bautasteinar, og på toppen ein høg granittobelisk med fire bronsepanel som viser scener frå Hårfagres liv. Teikna av arkitekt Christian Christie.
7. Jernaldergården, Ullandhaug/Stavanger
Jernaldergården på Ullandhaug like utanfor Stavanger sentrum er eit rekonstruert gardsanlegg frå om lag 350–550 e.Kr. I tillegg flott utsikt og plassering.
8. Nordvegen historiesenter, Avaldsnes i Karmøy
Nordvegen Historiesenter er Noregs eldste kongssete og Rogaland fylke sin 1000-års stad.
9. Norsk Oljemuseum, Stavanger
Noregs oljehovudstad har sjølvsagt sitt eige oljemuseum. Her kan ein lære om norsk oljehistorie. Passar for både små og store.
10. Ropeid rasteplass, Suldal
Ropeid rasteplass og hurtigbåtkai ved Sandsfjorden i Suldal er del av Nasjonal turistveg Ryfylke. Om natta lyser dei gulgrøne installasjonane opp området, teikna av KAP Kontor for Arkitektur og Plan AS.
- Klikk her for å kome tilbake til oversikta over Vestlandet
Du finn alle anmeldelsar og anbefalingar frå NRK på nrk.no/anmeldelser.