Hopp til innhold

Sanninga som faren ikkje veit om er blitt ein global hit

Alessandra Mele skal opptre i MGP-finalen med ein song som går viralt verda over. Bodskapet er svært personleg for den norsk-italienske artisten.

 Alessandra Mele i forbindelse med MGP

Alessandra går viralt med låten «Queen of Kings» med 4,1 millionar avspelingar på Spotify, og 60 millionar avspelingar på TikTok.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

I fjor sjarmerte ho sjåarane og dommarane i senk i The Voice.

Fyrstkomande laurdag håpar 20 år gamle Alessandra Mele å gjere det same. Da står ho på scena i Melodi Grand Prix-finalen.

Den kvelden blir det avgjort kven som skal representere Noreg i Eurovision Song Contest.

Og det ser ut til at Alessandra ligg godt an.

Låten har nemleg 4,5 millionar avspelingar på Spotify, og har toppa dei internasjonale listene i Europa den siste tida.

I skrivande stund er «Queen of Kings» blant anna på andreplass på Spotifys globale liste.

Det er absurd å tenke på, seier Alessandra.

Eg er takknemleg for alle som høyrer på låten, som er engasjert og som viser interesse, legg ho til.

Alessandra Mele i forbindelse med MGP

Alessandra Mele ønsker at alle skal få vere seg sjølv, og bli akseptert for den ein er.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Å våge å stå i det vonde

Låten handlar om ei dronning som har hatt det vanskeleg, men som har stått i det, og blitt sterkare.

– Det viktigaste er å våge å vere i det vonde, for det kjem til å bli betre. Ikkje røm frå dei vanskelege kjenslene. Det er i dei tøffe stundene at du lærar om deg sjølv, og kor sterk du er, fortel Alessandra.

Bodskapet er noko norsk-italienaren kan relatere til.

Sidan ho var lita har ho visst at ho likar både jenter og gutar.

Men i Cisano sul Neva, den vesle byen i Italia der ho har vokse opp, var det lite aksept for fri kjærleik.

– Det er stadar i Italia som er veldig opne og tolerante, men på små stadar kan mentaliteten vere lukka, noko som kjem til uttrykk gjennom negative haldningar og kommentarar.

– Det er spesielt vondt å få negative kommentarar rundt det å vere skeiv frå venar og familie, legg ho til.

Alessandra Mele sit i eit mørkt lokale og smiler mot kamera.

Alessandra Mele har funne styrke i seg sjølv.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Kjempar for at ein kan vere seg sjølv

Faren hennar og venane i Italia er framleis uvitande om at ho likar begge kjønn.

For to år sidan flytte ho til Noreg. Her har ho familie som støttar ho fullt ut.

– Det er fleire grunner til at eg kom til Noreg, men det har så klart vore ein personleg kamp. Og det å kome til Noreg har hjelpt meg til å akseptere den eg er, seier 20-åringen.

Ho fortel at ho har jobba med å ha det bra med seg sjølv, og at ho nå er stolt over å vere den ho er.

Og om resten av familien og heile verda får vite kva ho syng om så er ikkje det noko problem.

– Eg har det bra med meg sjølv, og eg bryr meg ikkje om kva andre tenker. Eg vil berre at folk skal få elske den dei vil.

Og eg håpar at dei som er i den same kampen som eg har vore, lærer av det. Eg vil at alle skal vere seg sjølv, og vere den ein er. Det er fyrst da du kan leve eit godt liv. Og eg håpar «Queen of kings» kan hjelpe med det, seier ho.

Alessandra Mele i forbindelse med MGP

– Uansett om ein er der nede så skal ein hugse at ein er ein «Queen of Kings». Ein er ikkje alltid oppe – det er slik livet er.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

– Songen gir styrke

Så langt har ho fått mange tilbakemeldingar frå folk som takkar ho for at ho skapte låten.

– Dei seier at songen gir dei styrke.

– Som artist er det nettopp det du ønsker: At dei som lyttar på låten og blir glade av bodskapet, og brukar det i kvardagen.

På laurdag skal ho igjen synge songen for det norske publikum i Melodi Grand Prix-finalen.

Ho er ikkje i tvil om kvifor folk bør stemme på ho. Alessandra peiker på at låten har eit universelt bodskap som alle i heile verda kan kjenne seg igjen i. Låten har ein bra miks med god energi.

– Og den har ein internasjonal appell – slik som Spotifylistene har vist den siste tida, legg ho til.

Alessandra Mele på scena i MGP

Alessandra Mele under fyrste delfinale i MGP.

Foto: Ulrik Kramer

Kan sanke stemmer frå Italia

Tysdag vart det også kjent at Noreg skal opptre i den fyrste semifinalen i Eurovision saman med blant andre Italia.

– Her er det ei som kan sanke 60 millionar stemmer frå Italia. Kva meir enn det kan Noreg ønske seg, seier Alessandra og ler høgt.

Ho håpar folk vil stemme ho vidare til Eurovision.

– Tenk å kunne representere Noreg i Eurovision! Eit land som er så opent og likestilt. Det hadde vore ein draum, avsluttar norsk-italienaren.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska