NRK Meny
Normal

Aftenposten brukar heile forsida på Facebook-kritikk

Heile forsida på papirutgåva til Aftenposten fredag er dominert av eit ope brev frå sjefredaktør Espen Egil Hansen til Facebook-grunnleggjar Mark Zuckerberg, om det Hansen og fleire med han meiner er meiningslaus sensur.

Aftenposten.

Forsida på papirutgåva til Aftenposten fredag.

«Jeg følger deg på Facebook, men du kjenner meg ikke. Jeg er sjefredaktør for den norske avisen Aftenposten. Nå skriver jeg til deg for å fortelle at jeg ikke vil etterkomme kravet om å fjerne et dokumentarfoto fra Vietnamkrigen tatt av Nick Ut. Ikke nå, og ikke i fremtiden».

Espen Egil Hansen

Sjefredaktør i Aftenposten, Espen Egil Hansen, brukar heile forsida i papirutgåva fredag til kritikk av Mark Zuckerberg og Facebook.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Slik startar det opne brevet frå Aftenposten-sjefen . Dette skjer etter at Aftenposten la ut det vidkjende biletet frå Vietnam-krigen, der fleire born er på flukt etter eit amerikansk angrep. Ei av jentene på biletet er naken.

Facebook har ein regel om at dei ikkje godtek at folk legg ut bilete av nakne personar på nettsamfunnet.

Det starta med at den norske forfattaren Tom Egeland la ut biletet frå Vietnam-krigen på sin vegg, og han fekk klar beskjed frå Facebook om å fjerne det. Seinare har fleire andre lagt ut biletet, og no sist Aftenposten. Og reaksjonen frå Facebook var den same.

Biletet må fjernast, og at om det ikkje skjer frivillig, så blir det fjerna av Facebook. Det skjedde både med Tom Egeland og Aftenposten.

VIETNAM NAPALM

Dette er det ikoniske biletet Facebook har fjerna på grunn av den nakne jenta Kim Phuc.

Foto: NICK UT / Ap

«Hør, Mark, dette er alvorlig. Først lager dere regler som ikke skjelner mellom barnepornografi og berømte krigsbilder. Så praktiserer dere reglene uten rom for sunt skjønn. Deretter sensurerer dere også kritikk av og debatt om avgjørelsen – og straffer den som våger å kritisere».

Espen Egil Hansen tek også opp kor viktig nettopp dette biletet har vore for utviklinga av det amerikanske demokratiet. At media spelte ei avgjerande rolle ved å fortelje andre historier om krigen enn dei makthavarane ville. Han meiner at det liberale, opne samfunnet som voks fram i USA etter Vietnamkrigen også la grunnlaget for at eit fenomen som Facebook kunne vekse fram.

Her er meir frå teksten:

«Ikke å skille mellom barneporno og dokumentarbilder fra krig bidrar til en fordumming som ikke bringer mennesker nærmere hverandre. Å late som om det kan lages felles globale regler for hva som kan og bør publiseres, kaster blår i øynene på folk. Det siste tiåret har vist hvor mye uforutsigbart og destruktivt som kan skje når publisering ikke tar noe hensyn til kontekst».