Hopp til innhold

Afghansk gatekunstnar slapp målarkosten og rømde landet: – Vi visste kva som ville skje

Omaid Sharifi er ein av mange hundre afghanske kunstnarar og musikarar som har gått i dekning i frykt for Taliban.

Omaid Sharifi, med-grunlegger av Artlords, måler gatemåleri i Albania.

Omaid Sharifi i ArtLords, målar ein murvegg i den albanske hovudstaden Tirana i desember 2021. Dei vil vise takksemd overfor Albania, som har teke i mot fleire afghanarar.

Foto: Franc Zhurda / AP

Sidan Omaid Sharifi var med å starte kunstrørsla ArtLords i 2014, har dei laga meir enn 2000 gatemåleri i Afghanistan.

Meterhøge, tjukke sprengingsmurar har stort sett fungert som lerret for gatemålarane. På det meste hadde ArtLords nær 100 tilsette på sju kontor ulike stader i landet.

– Vi inviterte barn, kvinner og menn til å måle veggmåleria saman. Det var plattforma der vi kunne heve stemma vår, seier Omaid Sharifi til NRK.

Betongveggane, som drastisk endra gatebilde i Afghanistan dei siste 15 åra, vart sette opp for å hindre sjølvmordsbombarar med bilbomber å sprenge regjeringsbygg, ambassadar, sjiamuslimske moskear, butikkar og restaurantar.

ArtLords starta som ei kunstrørsle, men blei meir og meir ei politisk rørsle. Veggmåleria blei måla av folket i Afghanistan, og dei valte tema som fred, menneskerettar og likestilling.

  • Gatemåleri Afghanistan

    Desse veggmåleria er laga opp gjennom åra i Kabul og i ulike provinsar i Afghanistan. Saman fylte kunstnarar frå ArtLords og vanlege folk betongveggane med kunst. Nå er det meste fjerna. FOTO: ARTLORDS

    Foto: ArtLords
  • Gatemåleri Afghanistan

    FOTO: ARTLORDS

    Foto: ArtLords
  • Gatemåleri Afghanistan

    FOTO: ARTLORDS

    Foto: ArtsLords
  • Gatemåleri Afghanistan

    FOTO: ARTLORDS

    Foto: ArtLords
  • Gatemåleri Afghanistan

    FOTO: ARTLORDS

    Foto: ArtLords

– Redde for gatemåleri

Midt på dagen den 15. august 2021 var Omaid Sharifi og fem kollegaer omtrent halvferdige med eit veggmåleri på guvernøren sitt kontorbygg i sentrum av Kabul, då det oppstod panikk i gatene.

Rykta gjekk om at Taliban var i ferd med å ta over Kabul. Sharifi måtte praktisk talt sleppe målarkosten han hadde i handa og søke dekning. Etter ei veke blei han og familien evakuert til Dei sameinte arabiske emirata.

– Evakueringane i Kabul og sidan øydeleggingane av alle veggmåleria våre er eit traume som vil ta lang tid å tilarbeide, seier Omaid Sharifi på telefon frå USA.

For det tok ikkje lang tid før Taliban byrja å måle over veggkunsten. Sharifi har ikkje ei fullstendig oversikt, men trur dei aller fleste av dei over 2000 gatemåleria er erstatta enten med kvit måling eller islamske slagord.

– Taliban er redde for veggmåleria, fordi dei var symbolet på framgangen og prestasjonane vi har hatt dei siste 20 åra, seier Sharifi.

Taliban måler over gatemåleri Kabul

Ein mann målar over eit veggmåleri i Kabul i september 2021, ein månad etter at Taliban tok makta.

Foto: AAMIR QURESHI / AFP

Brenn instrument

Taliban har ikkje uttalt eksplisitt at kultur er forbode. Men historikken, sist dei hadde makta, og nylege hendingar tilseier med all tydelegheit at kultur er uønskt.

Kinoar er stengde, musikken har forsvunne frå gatene og radioen. Afghanske kunstnarar og skulptørar har øydelagd eigen kunst for å unngå å få Taliban på nakken.

På nettet finst det videoar av Taliban som brenn musikkinstrumenta til folk. I ein video kan vi sjå Taliban-soldatar som tvingar eigaren til å sjå på at instrumentet hans blir til oske.

Twitter-melding om Afghansk musikar som ser på at instrumentet hans brenn.

I august skal Taliban ha skote og drepe ein anerkjent folkesongar ved namn Fawad Andarabi utanfor heimen hans i Andarabi-dalen nord for Kabul. Det skal ha skjedd få dagar etter at dei ransaka huset hans.

– Han var ein uskyldig musikar, som berre underheldt folk. Dei skaut han i hovudet på garden hans, sa sonen Jawad til Associated Press, som først omtalte saka.

Krisa som overgjekk alt

Mange kunstnarar og musikarar klarte å komme seg ut av landet i tide. Men hundrevis er igjen, og har bedt humanitære organisasjonar om hjelp til å gå i dekning i Afghanistan eller i utlandet.

Den ideelle organisasjonen, Artists at risk, hjelper forfølgde kunstutøvarar med å finne trygge ruter bort frå sitt heimland.

Dei hjelper folk frå land som Somalia, Jemen og Kviterussland. Men krisa i Afghanistan overgår alt.

– Det kom enormt mange søknadar. Vi blei nøydd å lage eit eige søknadsskjema for afghanarar, og eit for resten av verda. Den afghanske krisa kom brått og ingen var førebudd, seier Ivor A Stodolsky, direktør for Artists at Risk til NRK.

Stodolsky grunnla organisasjonen i 2014 saman med Marita Muukkonen.

– Søknadar frå 450 profesjonelle, afghanske artistar ligg for tida i søkarbunken. Med familiemedlemmer utgjer det ca. 2200 personar, som er desperate etter hjelp. Og det finst fleire organisasjonar som har liknande søkarbunker, seier Muukkonen.

Anonymt brev

I desember vidarebringa Artists at risk eit brev frå kunstnarar som framleis er i Afghanistan. Brevet blei sendt til ei rekke statsleiarar, som Boris Johnsen og Joe Biden.

Kunstnarane skriv i brevet at dei er «arbeidslause, framtidslause og i konstant frykt for arrestasjon og død i hendene på Taliban». Dei ber om å bli redda. Sidan dei ikkje kan signere med namn har dei signert brevet med anonyme bilete av seg sjølve med plakater foran andletet.

Åpent brev til statsledere med signaturbilder av anonyme afghanske kunstnere.

I staden for underskrifter har dei afghanske kunst -og kulturarbeidarane lagt ved bilete av seg sjølve med skilt som identifiserer deira kreative yrke framfor andletet.

Foto: Artists at Risk

Om lag 40 av gatekunstnarane i ArtLords er evakuert frå Afghanistan, rundt 60 er igjen i landet. Kunstrørsla held fram med å lage veggmåleri over heile verda. Og gatekunsten, som blei øydelagd av Taliban, målar dei nå i andre byar.

– Vi er stemma til alle dei stemmelause i Afghanistan. Vi vil sørge for at lyset vi tente ikkje forsvinn. Og at vi ein dag kan reise tilbake til landet vårt og halde fram arbeidet med å gjenopplive afghansk kultur, seier Omaid Sharifi.

Gatemåleri

Måler gatemåleri over heile verda: Kunstnarar frå ArtLords og vanlege folk lagar veggmåleri i Torino, Italia i november 2021.

Foto: Art Lords

Vil du lese fleire kultursaker, sjekk lenkene under:

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska