NRK Meny
Normal

«Kongens nei» kjempar mot desse om Oscar-statuetten

«Kongens nei» er blant 85 deltakarar som kjempar om Oscar for beste framandspråklege film neste år. Den tyske komedien «Min pappa Toni Erdmann» er ein førebels favoritt.

Innspillingen av KOngens nei i Elverum februar 2016

OSCAR-KANDIDAT: «Kongens nei» med danske Jesper Christensen som kong Haakon og Anders Baasmo Christiansen som kronprins Olav.

Foto: Torunn Myhre / NRK

Dei 85 deltakarane som kjempar om Oscar for beste framandspråklege film er annonsert. Deltakarlista slår rekorden på 83 frå 2014, skriv The Guardian.

Tysk favoritt

Erik Poppe

KAN VINNE: Regissør Erik Poppe og filmen «Kongens Nei» er Norges kandidat til Oscar-utdelinga.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Nøkkelutfordrarane til «Kongens nei» slik det ser ut nå, er blant anna den tre timar lange tyske komedien «Min pappa Toni Erdmann», som mange meiner fortente Gullpalmen under årets Filmfestival i Cannes.

Også den franske kandidaten «Elle» blir trekt fram som ein heit kandidat til å vinne Oscar, skriv The Guardian.

Les også: «Kongens nei» er årets mest sette film

Les også: «Kongens nei» blir norsk Oscar-kandidat

På lista finn vi kjente namn som Asghar Farhadi. I 2011 vann Farhadi Irans første Oscar med filmen «A Separation». Hans seinaste film heiter «The Salesman», og handlar om eit iransk kjærleiksforhold som er i ferd med å gå i oppløysing.

Italias bidrag, «Havet brenner» har alt fått merksemd i Norge. Dokumentaren, laga av Gianfranco Rosi, handlar om livet på Lampedusa og flyktningekatastrofen som råka den sicilianske øya.

85 filmar skal bli til 5

I desember blir ei kortliste på ni filmar avslørt. Og 24. januar blir det kjent kva fem filmar som blir nominert i kategorien for beste framandspråklege film. Dette skjer samstundes med at alle dei andre nominasjonane blir gjort kjent. Oscar-utdelinga finn stad 26. Februar 2017.

I år var det László Nemes som vann Oscar for beste framandspråklege film med Auschwitz-dramaet «Sauls sønn».

Kulturstrøm

  • Molderosen går til Arild Andersen

    Kontrabassisten Arild Andersen er tildelt Molderosen 2018. Det er Moldejazz sin høyeste utmerkelse og tildeles en person som har vært med å sette Molde på kartet. Arild Andersen har spilt på mange av Moldejazzfestivalene, og er landets mest kjente jazzbassist. Arild Andersen er 72 år gammel og kommer fra Lillestrøm

    Arild Andersen
    Foto: Ann Eli Nøsen / NRK
  • Flyttar Manson-film

    Quentin Tarantino sin film om sektleiaren Charles Manson skapar debatt allereie før han er ferdig. Opphavleg skulle filmen med namnet «Once Upon A Time in Hollywood» ha premiere på 50-årsdagen for drapet på skodespelarinna Sharon Tate, 9. august 2019. No har premieredatoen blitt flytta, ifølgje The Hollywood Reporter. Leonardo DiCaprio og Brad Pitt har hovudrollene i storfilmen. Filmselskapet hevdar at flyttinga av premieren ikkje har noko med 50-årsmarkeringa å gjere. Manson og hans tilhengjarar stod bak fleire brutale drap i 1969. Charles Manson døydde i 2017.

    FRANCE-ENTERTAINMENT-MOVIE-BODY OF LIES FRANCE-ENTERTAINMENT-MOVIE-BODY OF LIES
    Foto: BORIS HORVAT / AFP