Alle alkymistars draum! Foto: NRK
Mange alkymistar brukte heile livet sitt på å prøve å lage dei vises stein, som ingen visste korleis såg ut. I mange skrifter var steinen skildra som eit slags pulver som ein kunne strø oppå det metallet ein ville forvandle, andre stadar var den ein stein eller ei væske. Dei alkymistiske vismennene reiste omkring i verda, studerte skriftene til andre alkymistar og eksperimenterte med mystiske blandingar. Men det var aldri nokon som fann steinen som kunne lage gull. Ikkje så rart, kanskje..
Fire element
Aristoteles - ein klok gammal grekar. Foto: Arkiv
No synest vi det er ein ganske merkeleg tanke at ein kan forandre eit stoff til eit anna på den måten, men det er ikkje så rart at alkymistane trudde på det. Alkymistane var nemlig påverka av ideane til den gamle grekaren Aristoteles. Aristoteles meinte at alt på jorda var danna frå fire grunnelement; vatn, ild, jord og luft. Altså at ein kunne lage kva som helst ved å lage ulike blandingar av desse fire elementa. Aristoteles meinte også at eit stoff kunne bli forvandla til eit anna ved at ein berre endra litt på forholdet mellom dei ulike ingrediensane.
Kolber var viktig alkymist -utstyr. Foto: NRK
Livseliksir – elixir vitae
I tillegg til å forvandle vanlege metall til gull, trudde alkymistane også at dei vises stein hadde ein helbredande verknad på alle slags sjukdommar, og at han kunne forlenge livet til menneske. Derfor vart steinen av og til kalla for livseliksiren - eller elixir vitae. Oldtidas kinesarar var dei første vi veit om som prøvde å oppdage ein drikk som kunne vekke nokon tilbake til liv eller gi evig ungdom. Så kinesarane kan ha vore dei første alkymistar i verda.
Koda oppskrifter
Blir det gull av dette? Foto: NRK
Oppskriftene til alkymistane var nesten alltid koda, slik at det var umogleg for vanlege folk – og ofte også andre alkymistar – å lese dei. Oppskriftene hadde for eksempel mystiske symbol for dei ulike ingrediensane. Slik sikra alkymistane at ingen kunne kopiere dei utan først å få innsikt i den alkymistiske kunsten. Nokre brukte heile livet på å forsøke å tolke arbeidet til dei alkymistiske meistrane.
Alkymistar i dag
Visste du at det faktisk finst alkymistar den dag i dag?! Eit raskt søk på nettet viser at det finst massevis av heimesider for moderne alkymistar. Så om ikkje DU trur at dei vises stein finst - så er det i alle fall andre som gjer det...