Hopp til innhold

Professor kritiserer bruk av terningkast: – ​​​​​​​ Kan ikkje stole på dette

Ein seksar på terningen er som oftast berre positivt. Professor meiner derimot at det har gått inflasjon i høge terningkast for å fremje kommersielle interesser.

Fantastisk morsom, men hvem sier det?

Mikrofonen Event bruker terningkast seks frå «publikum» i plakaten sin av humorshowet Ladies Night.

Foto: Skjermdump

«Fantastisk morosamt, terningkast 6»

Slik blir humorshowet «Ladies Night» presentert med profilerte komikarar som Anne Kat. Hærland, Odd Magnus Williamson og Erlend Elias i ein salsplakat NRK har sett.

Men kven er det som meiner showet er fantastisk morosam?

Under terningkastet står det «publikum» i lita, grå skrift.

Showet er oppsett i ei rekke norske byar som blant anna Oslo, Trondheim, Bergen og Bodø i mars og april denne våren. Fleire stader er det allereie utselt.

NHH-professor i innovasjon Tor Wallin Andreassen reagerer på marknadsføringa. Han meiner at dette er i grenseland for kva som er etisk rett marknadsføring.

– Problemet her er at vi ikkje kan stole på dette terningkastet. Sekstalet gir ein indikasjon på at dette er veldig god underhaldning, samtidig er «publikum» ein ukjent, grå avsendar, seier Andreassen.

Les også Professor mener Latter driver med uærlig markedsføring av Nicolay Ramm-show

Nicolay Ramm-show

Umogleg å vite kven

Ifølge professoren er det umogleg å vite kven som står bak nemninga «publikum».

– Det kan vere «publikum» i fleirtal, altså at det er gjennomført ei undersøking av publikum frå tidlegare show der det blir konkludert med at dei er veldig fornøgde. Det kan også vere at dei har stoppa nokon på gata og spurt om dei har vore på showet. Altså ein person som ingen kjenner til.

– Dei fleste som ser på ein slik plakat, pleier dei å sjå grundig på terningkastet eller ser dei berre på kva terningen viser?

– Både- og. Dei ser på terningen om det er seks eller to, og så ser dei også på kven som har meint dette. Det er klart at nokre kjelder gir meir tyngde og er meir velformulert enn andre.

Tor Wallin Andreassen, professor NHH

Tor Wallin Andreassen, professor i innovasjon ved NHH meiner det er umogleg å vite kven som står bak nemninga «publikum».

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Han peikar på at når det berre står «publikum» under, så blir det ein grå masse som ingen har eit forhold til. Då handlar det berre om at ein har tillit til at terningkastet er rett.

– Heile sanninga er mykje betre enn delar av ho, svarer han.

Meiner det ikkje er uetisk

Eventbyrået Mikrofonen Event står bak plakaten, og dagleg leiar Kim Are Rosøk skriv i ein e-post til NRK at den viktigaste meldaren er publikum.

Den viktigaste meldaren vi som showprodusent har er publikum. Det er dei som gjer at vi kan gjere det vi gjer og det er tilbakemeldinga deira som er viktigast.

Skjermdump frå Grieghallen sine hjemmesider 14.03.24.

Skjermdump frå Grieghallen sine heimesider 14.03.24.

Vidare skriv han at dei ser ein usunn kultur i redaksjonane der dei droppar omtalar, sluttar å melde og skriv minimalt om det som skjer på kulturscenene.

Difor har dei valt å intervjue publikum etter show med video og å bruke sitat frå dei. Det meiner Rosøk verken er i grenseland eller uetisk.

Les også Øyvind Loven gir terningkast til humorshow produsert av venn og manager – brukes i markedsføringen

Latter, illustrasjon til sak

Kan vere villeiande

Ifølge underdirektør for tilsynsavdelinga i forbrukartilsynet, Mats Bjønnes er det ingen regler i marknadsføringslova for bruk av terningkast, men bruken av terningane må følge dei generelle reglane for handelspraksis og villeiande marknadsføring.

Han uttalar seg på generelt grunnlag og skriv i ein e-post til NRK at ulike påstandar i marknadsføringa må dokumenterast.

Og om det blir nytta terningkast, så må det vere tydeleg kva terningkastet baserer seg på og kven som har gitt påstandane.

Ladies night terningkast 6

Ifølge dagleg leiar i Mikrofonen Event er den viktigaste meldaren av eit show publikum, og meiner å bruke dei på terningkast ikkje er uetisk.

Foto: Skjermdump / mikrofonen.no

– Eit terningkast og eventuelle skildringar må bli gjeve att korrekt og framstillast på ein balansert måte, skriv Bjønnes og legg til:

– Dersom det berre er eit fåtal personar som har fått moglegheita til å seie si meining, eller det blir handplukka enkelte meiningar som ikkje er representativt for kva publikum meiner, kan dette vere villeiande etter marknadsføringslova, skriv Bjønnes.

Les også «Skamløs selvhyllest»

Nicolay Ramm på Latter

– Aukande problem

Professor Andreassen meiner slik marknadsføring er eit aukande problem.

– Her blir kundane tilbodne noko som er ukjent for dei. Folk som skal på showet har truleg ikkje sett det før. Dermed kjøper forbrukaren noko ein ikkje har eit forhold til. Då veit vi at forbrukaren leitar desperat etter signal på at dette er bra underhaldning.

Det er ikkje første gong han kritiserer bruken av terningkast. Professoren har tidlegare meint at Latter misbrukte terningkastet i marknadsføringa av Nicolay Ramm-show.

– Vi ser at det har gått inflasjon i terningkasta, nettopp for å fremje kommersielle interesser, ofte på kostnad av kundar som kjøper eit feil produkt, meiner professoren.

Endring 15.03.2024, klokka 17:45:

NRK skrev at Kristian Valen var ein av dei profilerte komikarane avbilda på salsplakaten. Bildet med Valen blei aldri brukt i saka, og NRK endra difor setninga til:

«Slik blir humorshowet «Ladies Night» presentert med profilerte komikarar som Anne Kat. Hærland, Odd Magnus Williamson og Erlend Elias i ein salsplakat NRK har sett.»