Hopp til innhold

11. september i kulturen

For 20 år sidan ramma terroren USA og New York den 11. september. Desse kulturtipsa gir innsikt i angrepet som skaka ei heil verd.

Jessica Chastain i filmen "Zero Dark Thirty"

JAGAR TERRORISTEN: I filmen «Zero Dark Thirty» følger vi jakta på Osama bin Laden gjennom fleire år og heilt fram til han vart drepen av amerikanske spesialstyrkar i 2011, ti år etter 11. september-angrepa. På bildet: Jessica Chastain som CIA-agent.

Foto: UNITED INTERNATIONAL PICTURES

20 år er gått sidan to fly krasja inn i tvillingtårna i New York og var starten på eit terrorangrep som både vart eit nasjonalt traume for USA, men som også har skapt ringverknader over heile verda fram til i dag.

Her får du anbefalingar til bøker, seriar og filmar som direkte, eller indirekte, tek føre seg 11. september-angrepa.

Korrespondenten

Ole Torp

VAR I USA: Ole Torp var NRK-korrespondent i USA i 2001.

Foto: Audun Braastad / NTB

Ole Torp var NRKs USA-korrespondent i 2001 og var i Washington den 11. september. Han såg sjølv røyken og høyrde sirenene etter at det tredje kapra flyet krasja inn i Pentagon nokre få kilometer unna. Eit par dagar seinare kom han til New York og rapporterte frå byen i månadsvis. Her er anbefalingane hans:

Omslaget til romanen "Ekstremt høyt og utrolig nært" av Jonathan Safran Foer.
Foto: Gyldendal
  • Roman: «Ekstremt høyt og utrolig nært» av Jonathan Safran Foer (2005)

– Romanen gjorde inntrykk på meg, fordi eg synest den skildrar så godt traumet eit barn følte etter at faren vart drepen i terrorangrepet. Mange amerikanske forfattarar leitte jo etter ei New York-stemme som kunne formidle sjokket og sorga, og Safran Foer fann det i uttrykket til denne ni år gamle guten.

Omslaget til boka "A Just Response".
Foto: Nation Books
  • Sakprosa: «A Just Response: The Nation on Terrorism, Democracy, and September 11, 2001» (2002)

– Eg hugsar eg med stor iver og interesse las denne essaysamlinga som tok føre seg straff- og gjengjeldingsmotivet (nokre vil seie hemn-motivet) og der nokre av USAs fremste intellektuelle diskuterte korleis stormakta skulle reagere på terroren.

Essaysamlinga "9-11" av Noam Chomsky.
  • Sakprosa/essaysamling: «9-11» av Noam Chomsky (2001)

– Intervjua med Noam Chomsky i den vesle boka «9-11», ei samling forskjellige intervju (og intervjuarar) med den venstreorienterte professoren, som fekk mange til meir enn å heve augebryna då han sa at det er «USA som er verdas leiande terrorist-stat».

Fra filmen "United 93" av Paul Greengrass.

PASSASJERANE SLO TILBAKE: «United 93» viser korleis passasjerane hindra terroristane i å styre flyet inn i eit fjerde mål 11. september. Men det enda likevel i ein tragisk flystyrt.

Foto: United International Pictures
  • Film: «United 93» (2006)
  • Sjanger: Drama

– Ulideleg spennande og dramatisk, sjølv om ein visste korleis det måtte ende. Om passasjerane som tok opp kampen mot terroristane om bord i United Airlines Flight 93, som styrta på eit jorde i Pennsylvania, men som nok var planlagt styrta inn i Capitol Hill i Washington.

Tilgjengeleg på filmleigetenester som Viaplay, SF Anytime og Blockbuster.

Film og serie

Også NRKs filmkritikar Birger Vestmo peikar på filmen «United 93», som han gav terningkast 6. Her er tre tips til frå han og kritikarkollega i Filmpolitiet, Sigurd Vik:

Jessica Chastain i "Zero Dark Thirty"

INTENS JAKT: Jessica Chastain spelar CIA-agenten som i årevis jaktar på Osama bin Laden.

Foto: Jonathan Olley / Ap
  • Film: «Zero Dark Thirty» (2013)
  • Sjanger: Drama

– «Zero Dark Thirty» hevdar å fortelje historia om korleis CIA skal ha funne og drepe Osama bin Laden i 2011. Kva som er rett og feil er vanskeleg å vite, men Kathryn Bigelow har regissert ein film som verkar høgst truverdig og sannsynleg. Filmens skildring av tortur har vore omdiskutert og kritisert frå fleire hald. Fleire historietrådar blir spunne saman til ein heftig thriller, som held spenninga oppe, sjølv om handlinga spenner over fleire år og vi kjenner utfallet.

Tilgjengeleg på Netflix, Amazon Prime.

Bilde fra TV-serien "The looming tower"

OPPLØPET TIL 9/11: I «The Looming Tower» følger vi dei interne konfliktane mellom CIA og FBI og korleis desse stakk kjeppar i hjula for jakta på Osama bin Laden.

Foto: Amazon Prime Video, Hulu
  • Serie: «The Looming Tower» (2018)
  • Sjanger: Drama

– Serien er basert på den Pulitzer-vinnande boka «The Looming Tower: Al Qaeda and the Road to 9/11» av Lawrence Wright, som på grundig vis tek føre seg framveksten til al-Qaida og den ganske så tragiske informasjonskrigen mellom FBI og CIA som gjorde 11. september mogleg. Ei drivande god dramatisering basert på opptaktene til ei av dei kraftigaste terrorhandlingane i moderne historie.

Tilgjengeleg på Amazon Prime, SF Anytime/Blockbuster.

Christian Bale as Dick Cheney in Adam McKay’s VICE, an Annapurna Pictures release. 
Credit : Greig Fraser / Annapurna Pictures
2018 © Annapurna Pictures, LLC. All Rights Reserved.

MEKTIG: Dick Cheney blir omtala som den mektigaste visepresidenten USA har hatt. Han spelte ei sentral rolle i utforminga av responsen («krigen mot terror») amerikanske styresmakter sette inn etter 9/11.

Foto: Greig Fraser / Annapurna Picture / Annapurna Picture
  • Film: «Vice» (2019)
  • Sjanger: Drama

– Filmen teiknar eit forurolegande bilde av ein maktbegjærleg byråkrat som jobba seg opp i kulissane til å bli ein av USAs mektigaste, som visepresident for George W. Bush. Filmen underheld, samtidig som det knyter seg når ein tenker på dei enorme menneskelege kostnadene som ligg bak dei hendingane som vert skildra. Filmen antydar sterkt at Cheneys tvilsame avgjerder var direkte årsak til at fleire hundre tusen mennesker døydde i Irak og Afghanistan.

Tilgjengeleg på filmleigetenester som Viaplay, SF Anytime, Blockbuster.

Det er også verd å merke seg at det nyleg har komt tre nye dokumentarar om angrepa:

  • Film: «9/11: Inside the President's War Room», Apple+.
  • Serie: «Turning Point: 9/11 and the War on Terror», Netflix.
  • Serie: «9/11: One Day in America», National Geographic.

Litteratur

For litteraturjournalist og programleiar Siss Vik står to romanar om tematikken tydeleg ut:

Omslag til boka "Den motvillige fundamentalist" av Mohsin Hamid.
Foto: Cappelen Damm
  • Roman: «Den motvillige fundamentalist» av Mohsin Hamid (2007)

– Denne romanen er den beste boka eg har lese om radikalisering. Ved eit kafébord i Lahore fortel ein skjeggete muslimsk mann historia si til ein nervøs amerikanar. Frå å vere ein velutdanna, velintegrert amerikansk muslim busett i New York, føler forteljaren seg mistenkeleggjort og utstøytt etter 9/11. Når kjærleiksforholdet hans ryk, flyttar han til Pakistan og blir involvert i terrorisme.

Boka vart kortlista til Bookerprisen, vart ein New York Times bestseljar og vart filmatisert i 2012 under samme namn, «The Reluctant Fundamentalist».

Omslag til romanen "Den lukkede hagen" av Amy Waldman.
Foto: Gyldendal
  • Roman: «Den lukkede hagen» av Amy Waldman (2011)

– Vi møter ein jury samla på Manhattan for å velje vinnaren i ein arkitektkonkurranse om ein minnestad etter 11. september. Når det viser seg at vinnaren er muslim, blir juryen – og etter kvart nasjonen – kasta ut i ein hard diskusjon om sorg, islam og kunstens rolle. Amy Waldman har funne ein veldig smart måte å drøfte ettervirkningane av terrorangrepet på, som treff både hjartet og hjernen.

«The Submission», som boka heit på engelsk, vart omdiskutert i USA, og blei løfta fram av mellom anna NPR (amerikansk NRK) som ei av de ti viktigaste romanane i 2011.

Også litteraturkritikar Leif Ekle løftar fram bøker frå skjønnlitteraturen og anbefaler éin teikneserieroman, to romanar og ei novelle:

Omslaget til Art Spiegelmans tegneserieroman "In the Shadow of no Towers"
Foto: Pantheon Graphic Library
  • Teikneserieroman: «In the Shadow of No Towers» av Art Speigelman (2004)

– Art Spiegelmans namn vil, for noko i nærleiken av æva, vere knytt til teikneserie-meisterverket hans «Maus». «Maus» handla om farens opplevingar under Holocaust og handteringa av dei – konsekvensane. Det gjekk meir enn ti år før han gav ut den neste boka si «In the Shadow of No Towers». Den kom i 2003 og handlar om hendingane 11. september – i teikna og fargelagt gru. Spiegelman bur sjølv på Manhattan med kone og barn og fekk hendingane kloss inn på livet. For Spiegelman vart terrorangrepet ei slags konkretisering av det ubegripelege i farens Holocaust-opplevingar.

Omslaget til romanen "Lørdag" av Ian McEwan
Foto: Gyldendal
  • Roman: «Lørdag» av Ian McEwan (2006)

– Briten Ian McEwan var lenge kjend for sin litterære hang til å skildre det fryktelege, med skaden som tema, i så stor grad at han fekk tilnamnet Ian Macabre. «Lørdag» introduserer nevrokirurgen Henry Perowne, som denne laurdagen vaknar til synet av eit fly som styrtar inn i Londons Post Office Tower. Perowne er ein trygg og sikker mann, lykkeleg i livet med kone og barn. Samme dag skal det gå ein stor demonstrasjon i Londons gater i protest mot Irak-krigen som ein uunngåeleg konsekven av 11. september. Skal han delta, eller skal han ikkje?

Omslaget til romanen "Mannen som faller" av Don DeLillo
Foto: Gyldendal
  • Roman: «Mannen som faller» av Don DeLillo (2007)

– Ei av dei sterkaste sidene til Don DeLillo som forfattar er evna til, og ambisjonen om, å kople hendingane i verda til enkeltmennesket si oppleving av dei. Og til konsekvensane dei får på samfunnsmessig og individuelt plan. Slik er det også med romanen «Mannen som faller» («Falling Man»). Boka kom i 2007 og opnar i det Keith kjem ut på gatene etter å ha komt seg ned alle trappene i det eine tårnet i World Trade Center, som overlevande. Sjølv om romanen nok ikkje er DeLillos aller mest vellukka, inneheld den ubetalelege sekvensar om menneske som skal og må leve vidare.

Forfatter Stephen King

STEPHEN KINGs novelle «The Tings They Left Behind» om ein som lot vere å gå på jobb i World Trade Center den 11. september er også filmatisert.

Foto: Mark Lennihan / AP/NTB
  • Novelle: «The Tings They Left Behind» av Stephen King (2003)

– «The Tings They Left Behind» er ei novelle, eller ein story, som Stephen King sjølv kallar dette. Denne varmt innsiktsfulle og nær sagt hjarteskjerande forteljinga går føre seg i New York, eitt års tid etter at flya styrta inn i dei to tårna. Scott Staley gjekk ikkje på jobb den 11. september året før. Ei slags stemme han kjente igjen som eit omen frå tidlegare i livet, insisterte på at han skulle ta fri den dagen, gå i Central Park i staden. Han gjorde det siste og overlevde – som den eine av to kollegaer frå 110. etasje. Inga enkel sak å leve med. Eit år etter kjem hen heim og finn det umoglege i leiligheita si: gjenstandar, eller memorablilia, som har tilhøyrt fleire av kollegaene, ting dei hadde på kontorveggen eller på pulten. Dei snakkar til han. Kva i all verda skal Scott gjere?

Novella finst i to ulike samlingar: Stephen King: «Just After Sunset: Stories» og Ed McBain (red.): «Transgressions: Volume Two».

HØYR podkastserien «Krig og fred – 11. september»:

Forsidebilde til podkastserien "Krig & fred - 11. september"

PODKAST: «Krig og fred – 11. september»: Ein podkastserie frå NRK Urix i seks delar.

Du finn alle anbefalingar og anmeldelsar frå NRK på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • Sjette førsteplass på albumlisten for Ariana Grande

    Ariana Grande sikrer seg sin sjette førsteplass på den amerikanske albumlisten med sitt sjuende studioalbum.

    – En uke med evig solskinn, skrev Ariana Grande i helgen på Instagram – og siktet til suksessen som hennes sjette album, kalt nettopp «Eternal Sunshine», har.

    Utgivelsen solgte det som tilsvarer 227.000 albumenheter i sin første uke, noe som er årets beste hittil, ifølge Billboard. Blant annet ble låtene strømmet 195 millioner ganger. Den nye platen, som også topper VG-lista her hjemme, er laget i samarbeid med svenskene Max Martin og Ilya Salmanzadeh.

    Grande har tidligere toppet albumlisten med «Positions» (2020), «Thank U, Next» (2019), «Sweetener» (2018), «My Everything» (2014) og «Yours Truly» (2013). 2016-platen «Dangerous Woman» kom «bare» til en andreplass.

    Ariana Grande
    Foto: AFP
  • Fem land vil ha «Cammo»

    NRK har inngått opsjonsavtale med Tyskland, Frankrike, Spania, Belgia og Nederland om nyinnspillinger av dramakomedien «Cammo».

    Over 700.000 så første sesong av «Cammo». Serien handler om influenseren Cammo, som går konkurs og må ta på seg jobben som støttekontakt for Kamilla med Downs syndrom.

    – Dette er helt surrealistisk! At humoren og historien i «Cammo» kan treffe både spanjoler og tyskere er skikkelig gøy. Jeg gleder meg til å se hvordan de forskjellige landene tolker manus, og er så takknemlig og glad for at historien om Cammo og Kamilla potensielt skal bli fortalt til så mange millioner mennesker, sier Caroline Glomnes, serieskaper og hovedrolleinnhaver.

    Katelyn Garbin og Caroline Glomnes i rollene som Kamilla og Cammo.
    Foto: NRK

Flere kulturnyheter