Hopp til innhold

– Forlaget ikkje kjeldekritiske nok

I boka «Med mandat til å drepe» fortel norske skarpskyttarar om korleis dei har teke liv i Afghanistan. Forlaget Kagge burde ha vore meir kildekritiske, meiner Forsvaret.

Norske soldaters egne bilder fra skuddveksling i Afghanistan

Bilete frå ei skotveksling i Afghanistan, teke av norske soldatar.

Foto: FOTO: PRT MEYMANEH / TELEMARK BATALJON

To eller fleire anonyme soldatar står bak boka Med mandat til å drepe som kjem ut i dag. På grunn av anonymiteten burde ha forlaget vore meir kjeldekritiske enn det Kagge har vore, meiner Forsvaret.

– Eg synest ikkje ein kan påstå at Kagge forlag har vore kjeldekritske nok. Ved enkelte av framstillingane hevar eg eit augebryn, og må nok gå dei i nærare etter i saumane.

Begge kulene treffer i bakhodet og den unge opprøreren faller momentant omkull. Hodeskallen har sprukket, han møter mørket øyeblikkelig.

utdrag frå boka «Med mandat til å drepe»

– Prøver å vere noko dei ikkje er

Jon Inge Øglænd

Oberstløytnant John Inge Øglænd

Foto: NRK

Oberstløytnant John Inge Øglænd synest måten enkelte ting er framstilt på i boka er merkelege.

– Mellom anna skriv dei at dei har vore i Baghram-basen, som er kjend for å vere tilhaldsstad for amerikanske spesialstyrkar.

Han meiner at soldatane slik prøver å assosiere seg med noko dei kanskje ikkje er.

– Slik eg har lese boka liker dei å gjer eit inntrykk av seg sjølve som spesielle, men dette dreier seg om folk i dei konvensjonelle bakgrunnsstyrkane.

Innrømmer ansvar

Forleggjar Erling Kagge meiner at forlaget har gjort dei vurderingane som må til.

– Vi har vurdert om det kunne skade norsk personell på nokon måte. Og vi har vurdert om det kunne setje det som skjer i Afghanistan i dag i eit feil lys.

Erling Kagge

Forleggjar Erling Kagge meiner dei har gjort ei god nok vurdering.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

– Vi har eit svært stort ansvar, innrømmer Erling Kagge.

Soldatar må gjerne skrive bøker om opplevingane sine, men Øglænd meiner dette må skje i samråd med Forsvaret.

– Kagge er ikkje i stand til å vurdere om ei bok er brot på tryggleiken.

Fleire årsaker til anonymisering

Forleggjar Erling Kagge gjev fleire årsaker til anonymiseringa av soldatane.

– Det er to grunnar til det. Vi ynskjer at historiene skal vere det sentrale, og ikkje menneska som fortel dei. Den andre grunnen er personelltryggleik, desse menneska har drepe mange andre menneske, og ynskjer difor ikkje å verte kjende av fienden, seier Kagge.

Med mandat til å drepe

Soldatane som fortel er anonymiserte.

Foto: Kagge Forlag

Nettopp anonymisering, gjer at Forsvaret meiner at ein burde ha sjekka kjeldene betre.

– Når ein tillèt at ein skriv anonymt har ein også eit ansvar overfor forfattarane. Men då burde ein kanskje også ha sjekka det opp mot Forsvaret, og kva vi synest om kva konsekvensar dette kunne få, seier Øglænd.

Kagge forlag opplyser at dei har hatt uformell kontakt med folk i forsvaret, og meiner at det er nok.

– Fritt til å publisere

Sjølv om oberstløytnant John Inge Øglænd ikkje kjenner seg att i alt, trur han ikkje at soldatane har loge medvite.

– Eg er ikkje i tvil om at dei sjølve har opplevd det på denne måten. Men det er eit velkjent fenomen for meg som soldat, at soldatar ofte har ein selektivt minne, og hugsar ting slik ein ynskjer at dei var.

Han seier at det likevel ikkje har vore aktuelt at Forsvaret skulle gripe inn og prøvd å stoppe utgjevinga til Kagge Forlag.

– Kagge Forlag står fritt til å publisere det dei vil. Men soldatane har eit forhold til Forsvaret som vi er nøydde til å sjå nærare på, seier Øglænd.

– Ytringsfridom i Noreg står sterkt, i motsetnad til i Afghanistan, og norske soldatar har også del i denne ytringsfridomen, og det trur eg vi skal vere glade for, svarer Erling Kagge.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.