Låven på Gran

MÅLA OVER: Dei blå bokstavane på låvebygget er no måla over, men ein kan framleis lese «Kulturlåve» frampå bygget.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Kulturen på låven

Ei mindre gruppe var samla på eit arrangement på ein låve på Gran i påsken. To av dei er døde, med korona. Korleis kunne dette skje?

Den vesle raude låven ligg i ein bakke, og er godt synleg frå Granåsvegen. På framsida av bygget er det eit kvitt felt, der det før var nokre blå bokstavar.

Nokon har måla over det som stod der, men ein kan framleis sjå, kvitt på kvitt, at plankane øvst formar ordet «KULTUR», og at det under står «LÅVE».

«Kulturlåven» blei kjent i heile Noreg då eigaren, Hans Kristian Gaarder, ein 60-åring som var kjent i konspirasjonsmiljøet i Noreg, døydde.

Til låven inviterte han til føredrag om det han trudde på.

Dei siste arrangementa hans fekk alvorlege følger.

Hans Kristian Gaarder

FØREDRAG: Hans Kristian Gaarder hadde gjerne føredrag og seminar om det han var opptatt av. Han delte blant filmar av nokre av desse på YouTube-kanalen sin.

Foto: nrk

– Det er ein falsk pandemi

Det er 7. november 2020. Det klirrar i nokre glas eller koppar. Ein projektor lyser opp eit lerret. Ved sidan av, i mørket, står Hans Kristian Gaarder. Han har kalla kveldens føredrag for «Veien ut av korona-tiltak gjørma».

Neste slide. Gaarder seier «dere kjenner meg, stort sett», men vel likevel å presentere seg sjølv.

Han seier han er utdanna siviløkonom, har 15 års erfaring frå det offentlege, er frittståande forskar og føredragshaldar, har eit ope sinn, har publisert på Nyhetsspeilet i 11 år, og har spesialområde: Skjult makt, helse, og hemmeleg høgteknologi.

Neste slide. Temaet er korona, og føredragshaldaren snakkar:

– Me er jo optimistar. Kroppen har eit immunforsvar som kan hamle opp med kva det måtte vere, i varierande grad. Så poenget med å gjennomgå ein sjukdom er jo då å bli frisk igjen. Då blir ein også som regel varig immun.

Hans Kristian Gaarder har foredrag om korona.

FØREDRAG: Hans Kristian Gaarder har lagt ut film frå november-føredraget på YouTube.

Foto: Frå foredrag på Hans Kristian Gaarder sin YouTube-kanal / Skjermdump

Gaarder fortel om då han første gong såg noko om SARS-utbrot i Kina. Han spør om ein kan ane ein agenda. Han går igjennom kva han meiner ein veit om koronaviruset. Ein mann i publikum seier «Eg var den einaste om bord i toget utan munnbind».

– Det er tommelen opp det, seier Gaarder.

Vidare fortel han at koronaviruset ikkje er ein pandemi. Han seier det er for låg dødelegheit og smitte til at det kan vere det.

– Det er ein falsk pandemi, seier Gaarder.

Han seier dei som har blitt ramma, har hatt alvorlege helseplager frå før.

– Kva seier det om faren, risikoen, for dei som har sunn helse? Uavhengig av alder. Den er «next to nothing», tilnærma ufarleg, seier Gaarder.

Dette var altså i november 2020.

No står låven tom. Også det turkise huset der Han Kristian Gaarder budde.

Låven på Gran

HEIMSTAD: Det var på Gran Hans Kristian Gaarder hadde heimen, og arrangementslåven sin.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Arrangøren døde

Det siste føredraget Hans Kristian Gaarder hadde, var den 26. mars 2021. Det hadde tittelen «Trump, Biden og Veien Videre for USA og Verden».

Skjermdump av Hans Kristian Gaarder si nettside

INVITASJON: Hans Kristian Gaarder la ut invitasjon til arrangementa han hadde på nettsida si. På dette arrangementet kosta det 150 kroner å delta. Ein kunne betale i døra, og det var annonsert at det etterpå skulle bli uformelt samvær i låven.

Foto: Skjermdump

Gaarder hadde også invitert til låven for «Workshop for opprettelse av en folkedomstol i Norge», dagen etter, den 27. mars.

Kor mange som møtte opp på arrangementet den 26. mars er usikkert. Bilete folk i nærleiken har tatt, viser fem bilar som står parkert på vegen nedanfor denne kvelden.

Desse bileta var lagt ven meldinga Gran kommune leverte til politiet

TIPS: Desse bileta la Gran kommune ved då dei meldte arrangementet på låven i palmehelga til politiet.

Foto: Frå meldinga til politiet / Gran kommune

Kor mange som var på workshop dagen etter er også ukjent, men ein av dei som såg at det var folk der, var næraste nabo til Gaarder, Anna Hamar. Ho køyrde forbi låven fredag 26. mars, på veg heim frå jobb, og blei irritert over at «det var så grådig mykje bilar».

– Då var eg faktisk irritert over at det var så mykje folk der, både då og på palmelaurdag, seier Hamar.

Av dei som ho såg hjå Gaarder i palmehelga, såg ho ingen som brukte munnbind, og heller ingen ho kjente. Sjølv om ho tenkte på det meldte ho ikkje det ho hadde sett til politiet.

– Det er jo trass alt næraste nabo, så eg gjorde ikkje det, seier Hamar.

To av dei som var på arrangementa på Kulturlåven i palmehelga er døde.

Den eine var arrangøren Hans Kristian Gaarder som blei funnen død i heimen sin den 6. april. Ein foreløpig obduksjonsrapport er forenleg med at dødsfallet skuldast covid-19.

Demonstrerte mot nedstenging

Den andre som døde etter låvetreffet var ei kvinne i 70-åra. Helga før låve-arrangementet, den 20. mars, var ho på demonstrasjon i Oslo. Med raudt hovudplagg gjekk ho i fakkeltog, utan fakkel, rett bak nokon som bar parolen «Røde luer – Nei til koronatyrrani».

Kvinne i 70-åra går i fakkeltog 20. mars 2021

HEILT FRAMME: Kvinna i 70-åra gjekk heilt framme under fakkeltoget 20. mars 2021.

Foto: Tore Linvollen / NRK

John Færseth har skrive bok og artiklar om konspirasjonsteoretiske miljø i Noreg og andre land. Om demonstrasjonane i Oslo seier han at det er konspirasjonsteoriar som blir lufta der, og at det er fleire konspirasjonsteoretikarar blant dei som er med.

John Færseth observerer demonstrasjonen på Stortinget 1. mai 2021

FØLGER MED: John Færseth observerer på demonstrasjonen i Oslo.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Når du byrjar å snakke om at dette her er del av ein plan for å undergrave folk sine rettar. At det liksom skal brukast for å innskrenke fridomen vår. Eller når du til og med meiner at sjølve sjukdommen er ein bløff og oppdikta, då er me sjølvsagt over i reine konspirasjonsteoriar her.

Familiemedlemmer av kvinna har skrive i ei pressemelding at kvinna var på låve-arrangementet. Dei skreiv at dei var klar over at kvinna var skeptisk til både vaksinar og til den offentlege informasjon om covid-19, men at det «var likevel nytt for oss at ho var involvert i dette miljøet».

Ei vekes tid før kvinna døde, var ho sjuk med luftvegssymptom. Familien oppmoda kvinna til å teste seg for korona, men ho ville ikkje. Ifølge familien ønska ho heller ikkje helsehjelp då ho blei sjukare.

Den siste kontakten familien hadde med kvinna var via telefon 10. april. Då dei dagen etter ikkje fekk kontakt, tok dei seg inn i bustaden saman med helsefagleg personell.

NRK har vore i kontakt med familie til den avdøde kvinna. Dei ynskjer ikkje å uttale seg.

– Han gjekk ofte sine eigne vegar

Broren til Hans Kristian Gaarder driv gard rett ved sidan av Søsterkirkene i Gran, to kyrkjer som ligg rett ved sidan av kvarandre, to kyrkjer som også er ein del av kommunevåpenet.

Dei to brørne Gaarder budde tett på kvarandre, eitt par hundre meter i mellom. NRK møter broren til Hans Kristian i ein lunsjpause utanfor våningshuset. Han, kona og sonen er midt i den travlaste tida for en bonde, våronna.

– Du hadde flaks som trefte meg no, seier han medan han legg makrell i tomat på brødskiva.

Tor Andreas Gaarder fortel om broren, seier han var ein snill person som var ein god nabo og omsorgsfull far, at han var skuleflink og gløgg. Frå Tor Andreas og Hans Kristian var ungdommar konkurrerte dei i alt frå springing, til å pugge alle USA sine statar, inkludert hovudstad, fortast.

– Når han gjekk for noko så var det «all in». Anten det gjaldt bordtennis, sjakk eller bridge. Han hadde konkurranseinstinkt, seier Tor Andreas.

Tor Andreas Gaarder

BRØR: Tor Andreas Gaarder tar seg til i våronna for å fortelje om broren. Her frå då han hadde ein samtale med Hans Kristian Gaarder i dokumentaren «Hans Gaarder: Sannhetssøkeren».

Foto: Frå dokumentaren «Hans Gaarder: Sannhetssøkeren» / Thorvald Nilsen

Broren fortel at Hans Kristian Gaarder treivst med å dyrke i kjøkkenhagen sin. Han seier at Hans Kristian var nøgd med eit nøkternt liv utan dei store luksuriøse utskeiingane.

Ifølge broren var Hans Kristian glad i å reise og oppleve nye kulturar, og han har reist mellom anna til Russland, Laos, og Sør-Amerika.

– Han gjekk ofte sine eigne vegar og var umogleg å presse inn i ein vanleg A4-ramme. Me hadde ofte diskusjonar, då me hadde forskjellig vurdering og oppfatning av mange tema, seier Tor Andreas.

– Eg trudde jo dette var noko me hadde i Amerika

Kommunelege Are Løken viser eit møterom på Gran rådhus. Det er her smittesporingsteamet har vore mykje den siste tida, både seine kveldar og helger.

Når dei er inntil fire personar som jobbar saman sit dei med god avstand på to avlange bord som deler opp rommet. Dei fordeler oppgåvene slik at når nokon ringer, fører nokon andre informasjon inn i smittesporingsprogrammet.

I byrjinga av april spreidde smitten seg på Gran og til fleire andre kommunar. Ifølge kommunelegen var smittesporinga vanskeleg. Til dømes fann smittesporingsteamet ut at fleire ikkje trudde på covid-19.

– Ein hevdar at SARS-CoV-2-viruset ikkje er isolert, at det heile er oppspinn, og at det er nokon som skal tene pengar på dette, seier Løken.

At det fanst eit miljø som stilte seg kritisk til koronapandemien på Gran hadde han ikkje trudd.

– Det er mogleg eg er naiv, men eg trudde jo at dette var noko me hadde i Amerika, seier Løken.

Are Løken, kommunelege i Gran kommune

KREVJANDE: I sporingssamanheng var det liten vilje til samarbeid, meiner kommunelege Are Løken.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Ordførar Randi Eek Thorsen (Ap) i Gran visste om kulturlåven, men ho hadde aldri fått noko svar på kva som skjedde der. Ho trur at mange blei tatt på senga når saka kom opp:

– Me veit jo at det finst koronafornektarar, og dei er no der ute i verda og Europa, og går i tog, og me visste at dei var i Noreg. Men, det er jo sånn med oss, me er kanskje litt naive når me får det tett på oss, til at me liksom byrjar å forhalde til det.

– Så det har vore ein vekkar, og eg tenker at det bør vere ein vekkar for meir enn Gran.

Ordførar Randi Eek Thorsen (Ap) i Gran kommune

VANSKELEG: Ordførar Randi Eek Thorsen (Ap) seier at saka om låvetreffet har skapt utryggleik i samfunnet.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Sagt opp for smittevernmotstand

Samtidig som smittesporinga etter låvearrangementet føregjekk, blei det meldt om eit smitteutbrot ved bufellesskapet Solgløtt på Gran.

Ein bebuar i 50-åra døde med korona. Fordi det var frykta at ein tilsett kunne ha vore smittekjelda, oppretta Statsforvaltaren i Innlandet tilsyn mot Gran kommune og den tilsette kvinna. Det enda med at Gran kommune sa opp kvinna.

Solgløtt bofellesskap

DØD: Ein bebuar ved Solgløtt er død etter å ha blitt smitta av korona. Bufellesskapet Solgløtt er samlokalisert med Skjervum helse og omsorgssenter i Gran kommune.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

NRK er kjend med at kvinna har posta innlegg på Facebook som kan tolkast som skepsis til koronavaksine og pandemihandteringa, og ifølge kommunen har ho sagt at ho ikkje var på låven til Gaarder i påsken.

Gran kommune sa opp kvinna fordi ho ved fleire høve har latt vere å overhalde smittevernrutinane.

Seinare har det blitt kjent at helsearbeidaren sende fleire private høyringsbrev. Ho tvilte på nytten av munnbind, og meinte at pandemien ikkje var verre enn ein influensa.

Ordførar Randi Eek Thorsen (Ap) har omtalt oppseiinga som ei drastisk avgjersle. Samtidig som denne saka har vore på kommunen sitt bord, har dei også meldt låve-arrangementa til politiet fordi dei meinte det var ulovlege arrangement.

Då samlinga føregjekk på privat eigedom, konkluderte politiet med at det ikkje var eit arrangement, og la bort saka. Seinare blei det kjent at kommunen igjen ville melde saka til politiet, og seks personar blei meldt for å ikkje ville bidra i smittesporingsarbeidet etter samlinga. Kommunen meinte at personane har bidratt til vidare smitte grunna motviljen.

To av dei seks som er meldt til politiet er busett i Asker. Dei andre er busett i Jevnaker, Oslo, Våler, og Gran. Det er ukjent om kvinna som blei sagt opp frå Solgløtt er blant dei seks.

Delte teoriar

Det er rundt år 2012. Per-Aslak Ertresvåg og Gaarder sit på kvar si side av eit kjøkkenbord, begge med ryggen mot veggen. Gaarder snakkar om at det var bomber plassert i Twin Towers den 11. september 2001, og Ertresvåg lyttar.

Det var den saka, og ordet «konspirasjonsteori» som gjorde at Gaarder byrja å grave, seier han, og som førte til at Gaarder fann ut at det var «veldig mykje snøret i botn, og fast fisk».

Det er i dokumentarfilmen «Hans Gaarder: Sannhetssøkeren» frå 2013 dette skjer. Der er det også dokumentert at Ertresvåg er på eit føredrag i Oslo, der Gaarder fortel til ei lita gruppe om «mind control» og at det handlar om å kontrollere tankar, kjensler, men også om å trigge handlingar og styre åtferd.

Gaarder var utdanna siviløkonom og har mellom anna jobba som konsulent i Finans- og tolldepartementet i perioden 1986 til 1988. I Kredittilsynet jobba han i forskjellige stillingar frå 1988. I år 2000 sa han opp og byrja for seg sjølv.

Han har gitt ut bok med tittelen «Hundre års ensomhet: skolens tragedie», og har også vore redaktør og bidragsytar for nettsida Nyhetsspeilet.

Gaarder kalla seg for forskar. Han har mellom anna stilt opp i media på Trygdekontoret i 2012 i eit program om konspirasjonsteoriar, og i ei reportasje i Laurdagsrevyen der han fortalde om teoriane sine.

Per-Aslak Ertresvåg, som er ein sentral person i det norske konspirasjonsmiljøet, var ein Gaarder såg på som ein ven. Dei brukte å dele teoriane sine med kvarandre.

Per-Aslak Ertresvåg og Hans Kristian Gaarder i samtale

I SAMTALE: Per-Aslak Ertresvåg og Hans Kristian Gaarder i samtale. Gaarder snakkar, og Ertresvåg lyttar. Ertresvåg har vore på fleire føredrag som Gaarder har hatt i Oslo og på Gran.

Foto: Thorvald Nilsen / Frå dokumentaren «Hans Gaarder: Sannhetssøkeren»

«Veldig sterke makter bak» koronapandemien

Når NRK møter 89-årige Ertresvåg i Oslo, går han med krykker bort til ein benk i nærleiken av der han bur. Han, som er journalist og tidlegare redaktør, set seg ned, er snakkesalig, og fortel at han er skeptisk til vaksinar.

Gaarder og Ertresvåg har hatt til felles at dei har meint at ei skjult, organisert samansverjing styrer samfunnet. Ertresvåg er mannen bak boka «Makten bak makten» som kom ut i 2006, og Gaarder har halde føredrag om «dypstaten».

Når NRK spør Ertresvåg om det at Gaarder hadde føredrag der han gav uttrykk for at korona var noko han var skeptisk til, svarer han:

– At det står noko bak som me ikkje har fullstendig innsikt i, at der er makter bak, veldig sterke makter bak, der deler me heilt synet, seier Ertresvåg.

Per-Aslak Ertresvåg

VEN: Per-Aslak Ertresvåg seier Gaarder var ein «veldig nær ven». – For meg var han veldig viktig, seier han.

Foto: Roy Pettersen / NRK

Han viser til Georgia Guidestones i Georgia USA, og at det på desse står, på åtte forskjellige språk, at befolkninga må vere på under 500 millionar for evig balanse med naturen.

Han meiner det er viktig at det i desse dagar protesterast, fordi: «Dette er jo noko som er planlagt sjølvsagt. Dette er ikkje falt ned frå himmelen, plutseleg.»

Han viser til Georgia Guidestones.

– Det står jo då at menneska skal jo då utryddast, bortsett frå ei lita kjerne. Og det er denne kjernen eg snakkar om, seier Ertresvåg.

– Kven er det som står bak det å bevisst bruke korona?

– Dei er menneske dei også, seier Ertresvåg.

Teoriane Ertresvåg har hatt, har blitt tilbakevist ei rekke gonger. Konspirasjonsteoriane han har om koronapandemien blir tilbakevist av helsestyresmaktene. Sjå faktaboks nedst i saka.

– Ikkje ta vaksine

Fleire hundre personar er samla utanfor Stortinget. Det er 1. mai, og folket her har møtt opp med plakatar med bodskap om vaksine, pandemi og lockdown.

Den siste tida har det nesten kvar veke vore demonstrasjonar mot myndigheitene si handtering av koronapandemien, og i dag er det «Markeringer for frihet» som står bak.

Svein Østvik held appell på demonstrasjon på Stortinget 1. mai

APPELL: Svein Østvik, som også er kjent som «Charter-Svein», var ein av fleire appellantar 1. mai.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Svein Østvik, som også er kjent som «Charter-Svein», står på scenen og held appell. Han, som nyleg stilte opp på Debatten på NRK om koronaskepsis, seier:

«Er det ikkje sprøtt at me skal sprøyte inn noko me ikkje veit kva er? Er det ikkje sprøtt at det er farleg å seie at du er skeptisk?»

Publikum jublar, applauderer.

På eit tidspunkt går Svein Østvik i bresjen for å levere eit brev til Statsminister Erna Solberg. Demonstrantane følger etter.

Svein Østvik på demonstrasjon 1. mai

BREV: Svein Østvik (til høgre) blei med på stunt, og leverte brev til statsminister Erna Solberg.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Som presse på dette arrangementet får me i NRK harde blikk. Nokre stikk brosjyrar i hendene på ein, og ei litt eldre dame, som seier ho ikkje kan intervjuast fordi ho har familie, gir også råd.

Arket ho deler ut handlar om biverknader og dødsfall etter å ha tatt vaksine.

«Du må ikkje ta vaksine», seier ho. Ho seier ho er oppriktig uroa, og fortel om korleis ho ikkje tok svineinfluensavaksine, at ho hadde blitt sjuk, og at det hadde gått bra. Ho har også råd om kva litteratur ein bør lese seg opp på, og gjentar dette fleire gonger.

Stopp 5G står det på arket med buttons med same bodskap festa på.

STOPP 5G: Fleire hadde mykje på hjartet under demonstrasjonen, og ville fortelje om korleis koronatestane ikkje fungerer. Andre meiner at 5G, framtidas mobilnett, er skadeleg. 

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Litt etter går ei anna dame forbi, og på spørsmålet om ho kjente Gaarder er svaret:

– Nei, men han blei tatt av dage.
Av kven då?
– Det veit eg ikkje, men det blei brukt 5G.

Kvinna meiner altså at nokon har bruk 5G, neste generasjons mobilnett, mot Gaarder. Det finst ikkje prov for at 5G skal vere skadeleg.

Plakater på demonstrasjon 1. mai ved Stortinget

DEMONSTRERER: Fleire hundre hadde møtt opp på demonstrasjon 1. mai, og dei stod tett. Når det var appellar på scenen var publikum med og applauderte og jubla.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Dei har makt å vinne

Sven-Inge Johansen som fleire gonger har vore appellant på demonstrasjonar mot koronahandteringa utanfor Stortinget, er her også 1. mai. Han har stått og halde ein stor banner med flagg på, ein banner som skulle gjere folk merksame på at det finst ei 17. mai-feiring, også i år. Han er skribent i Nyhetsspeilet, og kjenner på eit tap etter Gaarder sin død.

Sven-Inge Johansen på demonstrasjon ved Stortinget 1. mai 2021

IKKJE VAKSINE: Sven-Inge Johansen seier han ikkje kjem til å vaksinen sjølv, fordi han trur vaksinen er skadeleg.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Han var eit engasjert menneske i veldig mange samanhengar, og samanhengar som mange ikkje klarte å belyse, klarte han å gå inn i med interesse, varme, og engasjement, seier Johansen.

Han seier han trur korona er eit bedrag, og at menneska som står bak ynskjer politisk makt.

– Dei har makt å vinne. Makt over nasjonar. Det er det same som gjentar seg i Skandinavia, i Tyskland, Europa, i Amerika, og også i asiatiske land, men ikkje så sterkt som i Europa.

Kallar du deg konspirasjonsteoretikar?

– Nei, ikkje på nokon måte. Eg er eit samfunnsengasjert menneske, og har ingenting med konspirasjonar å gjere, seier Johansen.

Det Johansen her uttalar seg om rundt koronapandemien, finst det ikkje fakta om som kan underbygge.

Kjetil Andreas Dreyer er også ein av dei som tidlegare har halde appell ved Stortinget. Dreyer er grunnleggar av vaksineaksjonen 2009, som stilte spørsmål ved svineinfluensavaksinen, og kjenner Gaarder mellom anna frå aksjonen.

Kjetil Andreas Dreyer på demonstrasjon på Stortinget 1. mai 2021

SAMTALAR: På demonstrasjon på Stortinget snakka Kjetil Andreas Dreyer med fleire av dei som var der.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Han skildrar Gaarder som «ein veldig jovial, hyggeleg, kar» som dykka djupt ned i emne, og som «levde etter å finne sanninga».

– Eg og Gaarder var klart ueinige på fleire punkt og måtar å framstille ting på, men ein må skilje mellom sak og person, seier Dreyer.

Dreyer er klar på kvifor han er på demonstrasjonen 1. mai.

– Det er fordi eg ynskjer å markere for vår felles fridom og våre felles menneskerettar. Eg er også her for barna si framtid, seier Dreyer.

Demonstrasjon på Stortinget 1. mai. Ei ung kvinne i midten held ein plakat det står "Frihet er bevegelse" på, og under står det "Nei til vaksinepass".

DEMONSTRERER: Demonstrasjonen 1. mai blei avslutta med at alle skulle stå i ring og halde hender, medan musikk blei spelt på anlegget. Deretter blei det fakkeltog. Her stiller kvinna seg opp for fotografen, og på veg nedover Karl Johan småropar ho: «Det er så deileg å vere saman med menneske igjen».

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Veldig spesielt syn på verda

Sjølv om medievitar, journalist og forfattar, John Færseth, skildrar Gaarder som ein sentral skikkelse i konspirasjonsmiljøet i Noreg, frå rundt 2008, har han ikkje følgd nøye med Gaarder dei siste åra.

Etter dødsfalla etter låvetreffet seier han at den typen konspirasjonsteoriar som desse stod for var farlegare enn han hadde sett for seg.

– Det var ikkje berre nokon rare menneske som trudde på nokon rare ting, seier Færseth.

– Det viste seg at ved å ignorere smittevernreglar var dei med å spreie smitte. To er døde, og det kan jo ha vore fleire som blei smitta også.

John Færseth og Lasse Josephsen observerer demonstrasjon på Stortinget 1. mai 2021

OBSERVERER: John Færseth (til venstre) er på demonstrasjon 1. mai for å observere det som skjer.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Færseth har vore på fleire føredrag med Hans Kristian Gaarder. Han seier desse samla «forbausande mykje folk», og at fleire sentrale aktørar frå konspirasjonsmiljøet var til stades.

På føredraga var det snakk om korleis det hemmelege brorskapet illuminati styrte populærkulturen, at dei fleste artistar som gjorde det stort måtte drive menneskeofringar, og mykje om ufoar. På eit ufo-føredrag Færseth deltok på, hevda Gaarder at CIA (Central Intelligence Agency, ein føderal etterretningsorganisasjon i USA) hadde tidsmaskiner, og at dei levde i feil tidslinje.

På bakgrunn av dei gongene Færseth har møtt Gaarder, seier han at Gaarder stod fram «som ein eksentrisk, artig fyr» som var venleg og hyggeleg.

– Samtidig var han ein mann som var fanatisk på sin måte. Han hadde jo eit veldig, veldig spesielt syn på verda, og han var heilt overtydd om at sånn var det, seier Færseth.

Demonstrasjon mot handteringa av koronapandien ved Stortinget 1. mai 2021

FAKKELTOG: Medan faklane blir tent seier ei dame til NRK: «Få av deg det fæle munnbindet». Deretter blei det allsong, «Ja, vi elsker», og etter det gjekk turen nedover Karl Johan.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Toppen er for lengst nådd

Tilbake til Kulturlåven i november 2020.

Føredraget glir over i det som kan likne ein samtale mellom publikum og Gaarder. Føredragshaldaren avviser ikkje, han bygger på, eller svarer. Ofte er svaret at det finst ein agenda.

Deretter litt om testane, korleis dei ikkje fungerer. Ein kan heller ikkje utelukke at testane er infiserte eller kontaminert på førehand, blir det sagt etter innspel frå publikum.

Den andre bølga er heller ikkje verkeleg. Den har blitt planlagt i agenda-kontora.

Litt om vaksine. Mellom anna er AIDS vaksinetrigga, blir det sagt.

Føredragshaldaren nemner media, det blir sagt at alt blir sensurert, at redaktørane er med på det, mediehusa. YouTube sensurerer. Facebook også. Deretter kjem ein slide som viser eit søylediagram som føredragshaldaren tolkar:

– Dette er så viktig. Toppen er for lengst nådd. Me kan senke skuldrene og gå tilbake til det vanlege liv.

No er låven til Hans Kristian Gaarder tom.

Det er slutt på sjakk-kveldar, slutt på bridgeturneringar. Det er slutt på kveldar med føredrag om kor ufarleg covid-19 er.

Viruset han ikkje trudde på kan vere det som gjorde at han døde, og på YouTube finst framleis filmen, der ein av slidane til Gaarder slår fast:

«Selv om virkeligheten overgår fantasien – så er det likevel virkeligheten».