Hopp til innhold

Blir sagt opp grunna smittevernmotstand

Gran kommune seier opp ein tilsett ved eit bufellesskap. Arbeidstakaren har ved fleire høve latt vere å overhalde smittevernrutinane.

Torbjørn Hansen, rådmann i Gran kommune

SAGT OPP: Gran kommune seier opp den tilsette ved Solgløtt grunna haldninga vedkomande har til bruk av smittevernutstyr.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Me ser på dette som eit grovt pliktbrot, og har difor gitt vedkomande avskjed. Arbeidsforholdet vart avslutta 27. april, skriv Gran kommune i ei pressemelding.

Gran kommune har ikkje praksis for å dele informasjon rundt avslutning av arbeidsforhold. Dei har valt å dele fakta i denne saka fordi smitteutbrotet knytt til Solgløtt er godt kjent i lokalsamfunnet, og er mykje omtalt i pressa.

– Me har forståing for at informasjon om pandemien har allmenn interesse, fordi det råkar oss alle, seier rådmann Torbjørn Hansen i pressemeldinga.

Rådmannen har tidlegare sagt at bruk av smittevernutstyr har vore eit tema i saka rundt den tilsette.

– Den tilsette har brote reglane om bruk av munnbind, og ikkje hatt dette på i alle situasjonar kvar dette har vore eit krav, seier Hansen.

Blir sagt opp

Under det pågåande smitteutbrotet ved eit bufellesskap for psykisk utviklingshemma, Solgløtt i Gran kommune, har ein bebuar i slutten av 50-åra døydd med korona.

Det har vore frykta at det er ein tilsett ved bufellesskapet som kan ha smitta bebuarar med korona, og Statsforvalteren i Innlandet har opna tilsyn av både den tilsette og Gran kommune.

Dette for å finne ut om det har skjedd brot på smittevernreglane.

Fire tilsette ved avdelinga, også den aktuelle kvinna, er stadfesta smitta.

Kvinna blir no sagt opp.

Rådmann Hansen seier at han forstår at dette er ei vanskeleg sak for alle råka.

– No er det viktig å hjelpe og støtte tilsette, bebuarar og pårørande, seier rådmannen, og ber om at folk er varsame rundt denne saka.

Seier ho ikkje var på låvearrangement

Det var den 7. april at dei første smittetilfella vart stadfesta ved bufellesskapet.

Den 26. mars var det eit arrangement på «Kulturlåven» til Hans Kristian Gaarder i Gran kommune, og to personar har døydd med korona etter dette. Ingen av dei to testa seg for korona, men fekk påvist korona etter sin død.

Den tilsette ved Solgløtt har sagt at ho ikkje var til stades under arrangementet, og når NRK prøver å nå ho, er svaret at ho ikkje ynskjer å snakke. På Facebooksida si har ho posta innlegg som kan tolkast som skepsis til koronavaksine, og til handsaminga av pandemien.

Kulturlåven i Gran

IKKJE DELTAKAR: Den tilsette ved Solgløtt har sagt at ho ikkje var til stades på arrangementet til Gaarder i palmehelga.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Rådmann Torbjørn Hansen i Gran kommune kan ikkje stadfeste om vedkommande var til stades på arrangementet.

Den tilsette jobba på Solgløtt til over påske. Etter det NRK kjenner til har helsearbeidaren vore sjukmeld ein periode etter dette.

Ei eventuell oppseiing blir etter det NRK forstår, vurdert uavhengig om kvinna har vore på arrangementet, då det er haldninga til bruk av smittevernutstyr som spelar ei rolle. Dette fordi det går utover sårbare personar.

– Dette er bebuarar i institusjon, og det skal me ta omsyn til, og ta på det største alvor, seier Hansen.

Solgløtt

SOLGLØTT: Solgløtt er eit bufellesskap for psykisk utviklingshemma, og er samlokalisert med Skjervum helse og omsorgssenter i Gran.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Har meldt saka til politiet

Kommunen har så langt meldt arrangementet i palmehelga til politiet, og kort tid etter vart det kjent at politiet ikkje gjekk vidare med saka.

Dette møter kommunen med å ville melde saka på nytt. Det er kome fram at kommunen melder seks personar til politiet for å ikkje ville hjelpe til i smittesporingsarbeidet. Kommunen meiner dei seks personane har bidratt til vidare smitte på grunn av motviljen.

Kommunen er også under tilsyn av Statsforvaltaren i Innlandet etter koronautbrotet på Solgløtt. Dei har fått fleire spørsmål om saka, blant anna om dei som arbeidsgivar og tenesteytar har handtert situasjonen raskt nok.

– Som ein ansvarleg arbeidsgivar pliktar me å opptre ryddig når me vurderer arbeidsforholdet til våre arbeidstakarar. Det er krav om ein sakleg grunn når arbeidsgivar avsluttar eit arbeidsforhold, seier rådmann Hansen.

Han legg til at Gran kommune som arbeidsgivar held seg til gjeldande lovverk.

– Me har brukt den tida me måtte for å få gjennomført ei ryddig handtering av denne personalsaka, seier han.

NRK har ved fleire høve, og på fleire måtar, prøvd å komme i kontakt med den tilsette for å gi tilsvar, men personen har avvist tilbod om å få uttale seg.

Flere saker fra Innlandet