Hopp til innhold

Driv smittesporing i seks kommunar etter låve-arrangement

Etter eit arrangement i Gran kommune har to personar døydd med korona. Smitten har spreidd seg, og det føregår smittesporing i fleire kommunar.

SMITTE: Dei smitta etter arrangementet held til i desse områda: Asker, Våler i Østfold, Gran, Oslo, Moss og Jevnaker.

– Dei er i ferd med å finne ut av kor mange som faktisk var til stades. Ein veit ikkje om så mange fleire frå Gran, men at dei er frå kommunar i Viken-området.

Det seier ordførar Randi Eek Thorsen (Ap) i Gran kommune.

Ho stadfestar at smittesporingsarbeidet er krevjande etter eit arrangement med tittelen «Trump, Biden og veien videre for USA og verden» gjekk føre seg på ein låve i Gran den 26. mars.

Ifølge kommunen hadde mannen som eig låven også eit arrangement 27. mars.

Mannen døydde i førre veke, og han skal då ha hatt symptom på covid-19. Han hadde ikkje søkt helsehjelp, og hadde ikkje tatt koronatest.

Kommuneoverlege Are Løken stadfestar måndag at den førebelse obduksjonsrapporten viser at dødsfallet kan henga saman med koronasjukdom.

Kulturlåven i Gran

ARRANGEMENT: Etter eit arrangement her i mars, så er to døde med påvist korona, og fleire er smitta. Saka blir no meldt til politiet.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Krevjande sporing

Dei som var på arrangementet er blitt bedt om å teste seg. Kommuneoverlegen seier at dei veit det var mindre enn ti deltakarar på arrangementet, eit tal som er justert ned frå over 20 deltakarar etter vitneforklaringar.

Sundag vart det kjent at også ei kvinne i 70-åra på Gran døydde med koronavirus. I ei pressemelding opplyste pårørande at kvinna var sjuk med luftvegssymptom før ho døydde.

Dei pårørande er kjent med at kvinna deltok på arrangementet i mars, og familien skal ha oppfordra kvinna om å teste seg, noko ho ikkje ønska.

Kommunelege Are Løken har tidlegare sagt at smittesporingsarbeidet er vanskeleg, fordi dei har møtt mykje motstand frå folk som ikkje vil fortelje kven dei har vore saman med.

Komunneoverlege i Gran, Are Løken

VANSKELEG: Kommunelege Are Løken har tidlegare sagt at smittesporingsarbeidet er vanskeleg.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Ordførar Eek Thorsen stadfestar at smittesporinga er krevjande, og seier at ein veit det er fjorten aktive smitta i Gran kommune. Elleve har kjent smitteveg, og tre har ukjent smitteveg.

Ho seier kommunen ikkje har full oversikt over kor mange tilfelle med påvist korona som kan sporast tilbake til arrangementet.

– Der har ein fått påvist nærkontaktsmitte frå nokon som har vore der, men dei utanfor vår kommune har eg ikkje full oversikt over, seier ho.

Dei elleve som har kjent smitteveg, er dei kopla til arrangementet på Gran?

– Nokon av dei, men ikkje alle, seier Eek Thorsen.

Smitte også på bufellesskap

Det har også vore smittetilfelle ved bufellesskapet Solgløtt i kommunen. I ei pressemelding skriv Gran kommune at dette er arbeidsstaden til ei kvinne i 50-åra som vart stadfesta smitta onsdag førre veke.

Ordføraren seier det er ei sak dei følger nøye med på.

På avdelinga der den smitta jobbar er det sju bebuarar. Tre av desse har fått påvist korona, og fire har testa negativt, fortel Eek Thorsen.

– Fokuset er å behandle og hjelpe dei som er smitta, og å avgrense, seier ho.

Det er framleis ukjent smitteveg for kvinna, og kommunen kjenner ikkje til om ho har tilknytning til låvearrangementet.

– Dersom kvinna har vore på dette arrangementet så vil kommunen følge dette opp, seier ordføraren.

Solgløtt er samlokalisert med Skjervum helse og omsorgsenter i Gran.

DELER BYGG: Solgløtt deler bygg med Skjervum helse og omsorgssenterer, og sjølv om Solgløtt ikkje er ei sjukeheimsavdeling har kommunen innført tiltak der. Det skal ikkje vere smitte på Skjervum helse og omsorgssenterer.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Melder saka

Etter eit møte i kriseleiinga i kommunen stadfestar ordførar Eek Thorsen at saka meldast måndag.

– Det er heilt klart at kommunen leverer ei melding til politiet på det arrangementet som fann stad i palmehelga i Gran, og som me no har fått to dødsfall i etterkant av, seier Eek Thorsen.

Ordfører i Gran, Randi Eek Thorsen

MELDER SAKA: Ordførar Randi Eek Thorsen (Ap) i Gran kommune stadfestar at kommunen melder saka til politiet.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Ho viser til at konsekvensane rundt arrangementet er i ferd med å bli veldig alvorlege, med to dødsfall, og at det er vanskeleg med smittesporing.

– Det var eit ulovleg arrangement. Gran kommune var på strengaste tiltaksnivå, og hadde arrangementsforbod, seier Eek Thorsen.

Ordføraren oppfordrar innbyggarane til å teste seg. Ho seier det er god kapasitet, og viser til at kommunen testa nesten 5 prosent av innbyggjarane førre veke. Ho oppfordrar også om å vere forsiktig.

– Også å vere forsiktig med korleis me går ut og kanskje snakkar om ting som me ikkje har full oversikt over, seier Eek Thorsen.

– Det er mange råka her som synest dette er veldig vanskeleg. Det er familie og pårørande som også treng at me tar vare på dei, seier ho.

I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at ein obduksjonsrapport slo fast at mannen døydde av korona. Dette er ikkje riktig - den førebelse obduksjonsrapporten viste berre at dødsfallet kunne vera forenleg med koronasjukdom.