Hopp til innhold

Koronadødsfall ved bufellesskap i Gran kommune

Ein koronasmitta bebuar ved Solgløtt bufellesskap i Gran kommune er død.

Solgløtt er samlokalisert med Skjervum helse og omsorgsenter i Gran.

SMITTE: Det har vore smitte på bufellesskapet Solgløtt, og ein bebuar er død.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Mannen, som var i slutten av 50-åra, vart smitta i forbindelse med eit utbrot i bufellesskapet i byrjinga av april, melder avisa Hadeland.

– Det er veldig trist at ein bebuar døydde i dag, seier seier ordførar Randi Eek Thorsen i Gran til NRK.

Ifølge kommuneoverlegen på Gran var mannen i risikogruppe for alvorleg sjukdomsgang.

– Eg tenkjer veldig på familien hans, og det er alltid vanskeleg å miste nokon. Men, det er klart at no som det er litt spesiell situasjon rundt dette, så skjønar me at det er ekstra tungt, seier Eek Thorsen.

Ivaretar råka personar

Gran kommune skriv i ei pressemelding at bufellesskapet Solgløtt er ein del av Tilrettelagte tenester innanfor Familie og velferd, og at Janicke Brechan som er kommunalsjef for dette området seier at det som har skjedd på Solgløtt er vondt og leit.

– No er me opptatt av å ta vare på tilsette og bebuarar på Solgløtt på ein god måte. Å stå i eit smitteutbrot og oppleve at ein av bebuarane døyr som følge av dette er tungt, seier Brechan.

Ordfører i Gran, Randi Eek Thorsen

TRIST: Ordførar Randi Eek Thorsen i Gran seier det er trist at ein bebuar ved Solgløtt døydde.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Eek Thorsen seier til NRK at det framleis er to pasientar og to tilsette ved Solgløtt som er koronasjuke.

– Den eine pasienten er alvorleg sjuk, og den andre lettare sjuk. Dei to tilsette er begge lettare sjuke, seier Eek Thorsen.

Jobbar med smittesporing

Kommunen skriv på sine nettsider at dei jobbar med smittesporing, og at dei går gjennom rutinar.

Statsforvalteren i Innlandet har tidlegare varsla tilsyn knytt til smitteutbrotet på Solgløtt, både mot Gran kommune og mot ein person som er tilsett på Solgløtt.

– Det ynskjer me velkomen, for me ynskjer å bidra både til at pårørande og oss sjølve får svar, seier Eek Thorsen.

– Tilsynet gir moglegheita til å få nokre svar og til å sjå område kor me kan forbetre oss, seier Brechan.