Hopp til innhold

Krevjande sporingsarbeid etter koronasmitta mann døydde i Gran kommune

Ein mann i 60-åra frå Gran kommune døydde onsdag etter å ha vore sjuk med koronavirus. Kommuneoverlegen seier smittesporingsarbeidet er svært krevjande.

Are Løken, kommunelege i Gran

Kommuneoverlege Are Løken i Gran kommune kallar smittesporingsarbeidet i kommunen ekstremt krevjande. Onsdag døydde ein mann i 60-åra. Testar viste at mannen var koronasmitta.

Foto: arne sørenes / nrk

Mannen skal ha hatt symptom på covid-19 i ei til to veker utan å ha oppsøkt lege. Først etter at han var død blei det utført test som stadfesta at han var smitta, skriv avisa Hadeland.

Under pandemien blir det teke koronatest ved alle uventa dødsfall.

Det at mannen skal ha hatt symptom utan å oppsøke lege gjer at han truleg er opphav til villsmitte. Dette har gjort smittesporinga svært krevjande, seier kommuneoverlege Are Løken i Gran til NRK.

Løken meiner dei står overfor eit miljø som er koronafornektarar, og som meiner pandemien er noko som er sett i verk av styresmaktene. Han trur ikkje miljøet er så stort, men fryktar det kan vere snakk om mange nærkontaktar.

– Vanlegvis er vi i dialog med folk som er smitta, og vi får fyldige og rette opplysningar. Her har vi møtt motstand. Vi får ikkje fullstendige opplysningar, og tidvis har vi fått feilaktige opplysningar, seier han.

Ber folk teste seg

Løken seier dei er særleg uroa for at det kan ha vore arrangement med fleire personar til stades, og at smitten kan ha spreidd seg der.

– Vi trur det har vore eitt eller to arrangement, men det er ikkje stadfesta, med opp mot 20 deltakarar. Vi har ikkje hatt kontakt med alle som har vore der, det er knapt nokon som vil stadfesta at dei har vore på eit slikt møte, det er jo forbode.

Gran kommune meiner det også kan ha vore tilreisande frå andre stader på Austlandet til stades også. Dei har difor gått ut med ei oppfordring på heimesidene til kommunen, der dei ber folk teste seg.

AKTUELT NÅ