Hopp til innhold

16 personar smitta etter låvearrangement på Gran

Smitten spreier seg etter arrangementet på ein låve på Gran i mars.

Kulturlåven i Gran

SMITTE: Etter eit arrangement her den 26. mars er det smittespreiing i fleire kommunar.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Etter at to personar har døydd med korona etter å ha vore på eit arrangement på ein låve på Gran i slutten av mars, er det gjort smittesporing i seks kommunar: Asker, Våler i Østfold, Gran, Oslo, Moss og Jevnaker.

Tidlegare skreiv VG at 12 personar no er smitta, og at Jevnaker kommune såg ut til å ha flest smittetilfelle.

I ei pressemelding frå Østre Toten kommune kjem det fram at ytterlegare fire stadfesta smittetilfelle på Toten kan sporast attende til arrangementet på Gran.

Dermed er 16 tilfelle mogleg å spore attende til arrangementet i mars.

– Dette møtet på Gran viser kor store ringverknader eitt møte kan få, skriv kommuneoverlegane i pressemeldinga.

Fekk tips om deltakarar

Kommunen skriv til NRK at dei har fått opplysningar frå andre kommunar om at to personar i kommunen er knytt til låvearrangementet i Gran, og at begge personane testa positivt.

Den eine er ein mann i 80-åra, og han er nærkontakt med ein person som tidlegare er stadfesta smitta i kommunen. Dette er ei kvinne i 70-åra.

Dei to har sjølv ikkje stadfesta at dei har deltatt på låvearrangementet til smittesporarane.

Frå før har ei kvinne i 50-åra frå Jevnaker, som skal ha vore på arrangementet, testa positivt. Også tre av nærkontaktane hennar har testa positivt.

Etter desse tilfella kan til saman seks personar i Jevnaker dermed vere smitta som følge av arrangementet.

Kommuneoverlegen i Jevnaker har ikkje villa kommentere noko ytterlegare om saka til NRK.

Fleire kjente smittetilfelle

I Asker har ein som skal ha vore deltakar på arrangementet fått påvist smitte, og ein nærkontakt av denne personen har også testa positivt.

Ein mann frå Våler skal også ha testa positivt etter han skal ha vore på arrangementet, og det skal også nærkontakten hans, ei kvinne frå Moss, ha gjort.

Ein av dei to personane som er døde, er ein mann i 60-åra, konspirasjonsteoretikar Hans Kristian Gaarder, som eigde låven der han hadde arrangement i mars.

Han var koronafornektar og skildra seg sjølv som «uavhengig forskar på det som kan kallas undertrykt informasjon».

Den andre som har døydd er ei kvinne i 70-åra som høyrde heime i Gran kommune.

Smitte på Toten

Østre Toten kommune skriv det at arrangementet i Gran har ført til smitte hos innbyggjarar på Gjøvik og Østre Toten.

I Østre Toten kan to smittetilfelle indirekte sporast tilbake til møtet, og ti personar er i karantene. I Vestre Toten er fem i karantene.

I Gjøvik er to smitta, og kan via fleire ledd sporast tilbake til Gran. Her er 70 i karantene. Den eine smitta er tilsett på Haugtun omsorgssenter, og den andre er bebuar. Begge to er vaksinert.

Det er spesifisert at ingen av desse innbyggjarane hadde vore til stades på arrangementet.

Smittesporinga føregår framleis, og kommunen skriv at det er fare for at smittetalet kan auke.

Oppmodar om testing

Kommuneoverlegane Siri Fuglem Berg på Gjøvik, Rebecca Setsaas på Østre Toten og Jens Mørch på Vestre Toten presiserer at ingen av dei smitta i deira kommunar har gjort noko gale.

– Ved minste mistanke om at du har vore i nærleiken av nokon av deltakarane, eller nærkontaktar av deltakarane, oppfordrar me deg til å ta samfunnsansvar ved å teste deg, skriv kommuneoverlegane.

Dei spesifiserer også at all testing er tausheitsbelagt.

Sjølv om arrangementet på Gran er meldt til politiet, så skriv dei at det ikkje vil få nokon konsekvensar for den som testar seg om dei skal ha tilknyting til arrangementet.