Du følger Venba og ektemann hennar Paavlan, som emigrerer frå Sør-India til Toronto i Canada på 1980-talet.
Dei søker etter eit betre liv – særleg for sin enno ufødde sønn.
Men dei har ofra mykje.
Heimlengselen er sterk og dei finn ikkje heilt sin plass i det nye heimlandet sitt.
Hjartet i det nye livet deira blir mat, og den viktigaste eigedelen i heimen er kokeboka Venba har arva frå mora si.
![](https://mediaorigin.nrk.no/movingstill/ba659421-6d25-4df9-a594-216d25cdf92a/20240409132135/ba659421-6d25-4df9-a594-216d25cdf92a_360.jpg)
![](https://mediaorigin.nrk.no/movingstill/ba659421-6d25-4df9-a594-216d25cdf92a/20240409132135/ba659421-6d25-4df9-a594-216d25cdf92a_720.jpg)
![](https://mediaorigin.nrk.no/movingstill/ba659421-6d25-4df9-a594-216d25cdf92a/20240409132135/ba659421-6d25-4df9-a594-216d25cdf92a_1080.jpg)
SAUSEN ER KLAR: Etter litt prøving og feiling, er rekkjefølgja på ingrediensane til biryani-sausen klar.
Visai studiosOppskriftene er ufullstendige, og din jobb blir å finne fram til rett rekkefølge av ingrediensar og generell framgangsmåte.
Og det er ei sann glede å finne flyten her.
Fenikkel, nellik, kardemomme og laurbærblad freser i oljen, og får følge av løk, ein puré av ingefær og kvitløk, chili og tomatar.
Det blir presentert som ein slags fest.
Fengande musikk – inspirert av tamilske filmar og framført av musikarar frå Sør-India – gir matlaginga ei uimotståeleg rytme.
For meg passar vel beskrivinga «etnisk» godt. Men for mange er desse nydelege kjøkkenscenene i «Venba» sjølve definisjonen på «heime».
KULTURGAP: Det oppstår raskt eit kulturgap mellom Kavin og foreldra.
Foto: Visai StudiosFRAMANDE: Etter kvart som Kavin blir eldre, blir han nærast ein framand i eigen heim når han kjem heimom.
Foto: Visai StudiosUfullstendig kokebok
Du lagar nydelege, velduftande og smakfulle tamilske rettar. Idli, puttu og biryani brettar seg ut over skjermen og gjer meg svolten på ekte.
Mellom kjøkkenscenene følger du denne kanadiske innvandrarfamilien gjennom fleire tiår.
Spelet er ein openberr hyllest til ei altoppofrande mor, men perspektivet framstår som eit tilbakeblikk frå sonen i huset.
Kavin blir nemleg fødd i spagat mellom sin tamilske heim og sine kanadiske skulevennar.
Han vil heller ete hamburgar enn biryani.
Avstanden er såpass stor at det blir bygd ein vegg mellom han sjølv og foreldra.
SVOLTEN: Ein ferdig biryani-rett, slik han ser ut i spelet. Det er så ein nesten kan lukta han gjennom skjermen.
Foto: Visai StudiosUKJENT FARVATN: Når Venba skal laga mat basert på ei ufullstendig kokebok frå hennar eiga mor, må ho – og du som speler – finna ut av rekkjefølgja på oppskrifta sjølv. Her har du starta på retten biryani.
Foto: Visai StudiosRISKAKER: Idlis er ein av rettene du skal laga i spelet. Det å få til denne populære frukost- og lunsjretten er ikkje berre berre!
Foto: Visai StudiosUPOPULÆR LUNSJ: Kavin set ikkje akkurat pris på at skulelunsjen hans ikkje liknar på han dei kanadiske vennene hans har med seg.
Foto: Visai StudiosTreffer ein nerve
Og når Kavin etter kvart blir vaksen og reflekterer over kvar han kjem frå og kva foreldra har ofra for han, treffer denne historia ein nerve som har dirra i både Canada, Noreg og resten av den vestlege verda i mange tiår.
Denne spagaten mellom to kulturar, eller «pepperkake papadum» som Karpe beskriv det som i låta «Iboprofen», kan vere ei bortimot umogleg øving når den møter motstand frå omgivnadane.
Men mat kan gjere spagaten mindre vond å stå i.
Og det er nok derfor historia i «Venba» treffer så innmari godt.
KULTURKRASJ: Kavin skal begynne på universitetet, og praten rundt middagsbordet tar ei vending foreldra ikkje er heilt klare for i «Venba».
Eg er også eit produkt av innvandringa til Noreg.
Haldningskampanjar mot rasisme på den eine sida og urokkelege krav om «bevaring av norsk kultur» på den andre har følgt meg gjennom skulegang, i debattinnlegg i avisene og i diskusjonar på jobb og fest.
Det er utruleg å tenke på at den første indiske restauranten i Noreg ikkje opna før i 1982. Vi fekk ikkje paprika før på 80-talet. Den første sushi-restauranten kom i 1987.
I dag er omtrent alle verdas kjøkken representerte i Noreg på eitt eller anna vis.
Kor forbanna kjedeleg ville ikkje Noreg ha vore utan denne floraen av ulike matopplevingar?
Sjølv hardbarka rasistar snik seg til ein kebab i ny og ne, dei berre unnlet å poste om det på Instagram.
Mat som brubyggar
Mat kan verkeleg vere ein brubyggar mellom kulturar, akkurat som det endar opp med å bli for Kavin og foreldra hans.
«Venba» er eit spel som formidlar dette på særdeles treffande og rørande vis på eit par kompakte, smakfulle timar.
Det festar seg i bevisstheita og gjer eit uutsletteleg inntrykk.
HYLLEST: «Venba» er først og fremst ei hyllest til ei mor som ofra eiga lykke for det framtidige barnet sitt.
Foto: Visai StudiosTrass den enkle (men vakre) grafikken, blir ein ført inn i eit truverdig og autentisk kjøkken. Lydbildet kjem frå faktiske opptak av at rettane blir laga i verkelegheita, og musikken er heilt herleg.
Eg tror «Venba» treffer ein heil generasjon innvandrarbarn som står eller har stått i same spagat som Kavin.
Spelet fortel ei historie mange vil kjenne seg igjen i.
Dermed blir «Venba» noko meir og noko langt større enn ei interaktiv kokebok.
Det er ein hyllest til mødrene og fedrane som trassa heimlengsel, kultursjokk og rasisme for framtida til barna sine.
Og ein varm invitasjon til toleranse og innsikt for oss kvite menn som pushar 50.
PS: «Venba» har blitt nominert til ei rekke prisar, og blei nyleg kåra til beste spel i 2023 under den prestisjetunge prisutdelinga Independent Games Festival Awards (IGFA). Spelet er testa på PC.
Flere relevante artikler og programmer
-
De heteste spillene i 2024
Merkelapper: TopplisteSpill -
Terningkast: 5Terningkast: 5Spill
Vakkert norsk spilleventyr
«Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen» er en glimrende norsk spillmatisering av Tove Janssons eventyrverden.
Merkelapper: AnmeldelseMummi -
-
Se i NRK TV
Norsk-ish
Helin, Amrit og Fariba er vellykkede, integrerte bindestrek-nordmenn med full identitetsforvirring. Heldigvis har de hverandre.
Merkelapper: DramaKulturforskjeller -
Se i NRK TV
Spiser kun egg i tre dager
Tonje tror hun kan LIFEHACKE mat og prøver å spise KUN egg i 3 dager...
Merkelapper: FlippKlippHumor -
Hør i NRK Radio
Lesetipset: «Shantaram»
«Farmen»-deltaker og eventyrleser Jasdeep Singh Kalirai kommer med sitt beste lesetips.
Merkelapper: PodkastBøker
-
Se i NRK TV
VGS
Gjengen er i ferd med å runde videregående – nå må de gjøre maksimalt ut av alt!
Merkelapper: DramaRussetid -
Terningkast: 5Terningkast: 5Spill
Får nettet til å koke
«Helldivers 2» er en sylskarp satire på amerikansk krigføring, patriotisme og soldatens lille rolle oppi i det hele.
Merkelapper: AnmeldelseSkytespill -
Se i NRK TV
Writing with Fire
Prisbelønt dokumentar om indiske kvinner som bryter tausheten og tabuene og rapporterer fra sin virkelighet.
Merkelapper: DokumentarKvinnekampIndia -
Topp fem tygg i «Makta»
Har du også lagt merke til at karakterene i Makta spiser mye bakst og andre godsaker? Vi har kåret de aller beste spiseøyeblikkene i den populære tv-serien.
Merkelapper: humor«Makta»mat -
Hør i NRK Radio
Desken brenner
Alt kan skje og ingen er trygge når fire komikere oppsummerer uka!
Merkelapper: PodkastHumor -
Matdronningen som ikke kunne lage mat
Sarita Sehjpal har gjort braksuksess med indiske ferdigretter og folkekjær restaurant. Det få vet er at hun egentlig ikke kunne noen kokkekunster.
Merkelapper: PortrettintervjuGründerIndisk mat
-
Se i NRK TV
Gitt bort
Christian Strand var bare en baby da han ble adoptert fra Indonesia. Han frykter sannheten om sin egen bakgrunn og har aldri sett seg tilbake. Før nå.
Merkelapper: DokumentarAdopsjonIdentitet -
Hør i NRK Radio
Både Erlend og Steinar
To venner bombarderer hverandre med tankeeksperimenter. En tenketank for folk med lav intelligens.
Merkelapper: PodkastHumor -
Den indiske fotballgåten
India har rundt 18 prosent av verdens befolkning. Hvorfor er de ikke bedre i fotball?
Merkelapper: IndiaFotball -
Hør i NRK Radio
Med all respekt
Hør gjengen diskutere aktuelle, nære og helt fjerne hendelser usensurert.
Merkelapper: Podkast -
Terningkast: 3Terningkast: 3Spill
«Det beste jeg kan si, er at det ikke er direkte ræva»
Merkelapper: AnmeldelseSuperheltspill