Hopp til innhold
Anmeldelse

Fantastisk samspel

Men Gjermund Larsen Trio held seg helst i komfort­sonen.

Gjermund Larsen Trio
Foto: Agnete Brun
Terningkast 3 Musikk

«Tøyen Sessions»

Gjermund Larsen Trio

Folkemusikk

6. oktober 2023

Sidan deira første utgiving i 2008 har Gjermund Larsen Trio hausta ros, jubel og ein rekke prisar, mellom anna Spellemann­pris i kategorien folke­musikk (2008) og TONOs komponist­pris (2016).

Det kjensle­ladde fele­spelet til Gjermund Larsen har klart å nå eit breitt publikum. Saman med Andreas Utnem på piano og Sondre Meisfjord på kontrabass speler trioen stemnings­full musikk.

Med sine sarte melodiar og kulminerande toppunkt kan musikken få både smile­bandet til å breia seg ut og tårer til å renna, gjerne helst det sistnemnde.

Gjermund LArsen Trio

TRIVAST LIVE: Trioen i ein musikalsk opning under fylkestinget i Trøndelag i 2017.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Dei åtte melodiane på det nye albumet «Tøyen Sessions» spelast still­farande og sikkert.

Det kviler ein ro i musikken. Musikarane veit når dei skal ta plass i lydbildet, og når dei skal gi plassen frå seg.

Dei er gode på å underbygga soloane til einannan, og reagera på endringar i spelet. Timinga er på millimeter­nivå, og samspelet er upåklageleg.

Albumet er spelt inn i Tøyenkyrkja, trioens øvings­lokale dei siste åra, noko som gjer at musikarane og er kjent med akustikken i innspelings­lokalet.

Men ein kan spørja seg om musikarane ikkje har hamna innanfor nokon litt for komfortable rammer?

Statisk sentimentalt

Musikken Gjermund Larsen Trio speler er klart kjensle­ladd.

Felespelet er fullt av fint­følande frasar, men det verker litt som at albumets 39 minutt og 11 sekund opererer innanfor same kjensle­spekter, ein slags mild sentimentalitet.

Gjermund Larsen speler stort sett nedpå og beherska på fela, noko han er god til, men kor blir det av furoren og dei ukjende elementa som kan overraska lyttaren og få sentimentaliteten til å sprekka opp?

Gjermund Larsen trio

FAMNAR BREITT: Musikken trioen speler hentar inspirasjon frå fleire kantar enn folkemusikken, og har klart å treffe eit breitt publikum. Frå venstre Sondre Meisfjord (kontrabass), Gjermund Larsen (fele) og Andreas Utnem (piano).

Arrangementa høyrest stundom for disiplinerte ut. Musikken følg oppbyggingar og vendingar ein har høyrt frå trioen tidlegare.

Dei kunne ha nytta godt av fleire uføreseielege element, til dømes meir obskure akkordar, andre danse­taktar, eller større variasjon av bogeteknikkar.

Det er kanskje særleg i improvisasjonen at dei trygge rammene til musikken blir avslørt.

Fele­improvisasjonen følger same oppskrift: Gjermund speler lett og luftig over ei opnare klang­botn frå piano.

Impro­spelet har ikkje nokon tydeleg retning og gir ikkje uttrykk for spontanitet. Det er som at dei altfor raskt fell innanfor trygge rammer, og musikken blir fort føreseieleg.

Frå nokon som har spelt så mykje saman, som er så gode på det dei gjer, så skulle eg ønske dei og tok større sjansar, leikte endå meir med til dømes klang, teksturar eller moglegheitene til instrumenta.

Lockdown

Låten «April» blei komponert då dei fire barna til Gjermund Larsen endeleg kunne gå på skulen att etter ein lang lockdown-periode.

Om eg går inn i eit lockdown-modus og lyttar til låtane som eit tilbakeblikk over dei langtrekte og evigvarande korona-åra, får musikken ein annan kraft.

Det kan ha med at dei åra framleis er lite omarbeida for meg. Månadane gjekk opp i røyk, og er vanskelege å minnast fordi eg ikkje sit att med tydelege tids­markørar, berre vage minne av meter­målestokken, munn­bindet og Bent Høie.

Dette hòlet i tidslinja, og sorga som følg med, er noko musikken til Gjermund Larsen trio kan gi ei utlading til.

Les også «Vågal elektrofolk»

Kenneth Lien & Center of the Universe

Om eg lyttar til «Tøyen Sessions» med dette perspektivet, vekkast dei sentimentale sidene i musikken til live, og eg får fullt utbytte av emosjonane som ligg der.

Samstundes er dette då eit filter eg som lyttar må tvinga over musikken.

Det er ikkje musikken i seg sjølv som overtyder meg med si kraft. Kanskje er det nett slik det siste albumet til Gjermund Larsen trio fungerer best.

Om ein sit inne med eit høgt nivå sentimentalitet, kan ein få utlading med «Tøyen Sessions». Elles er eg spent på korleis albumet blir spelt live.

Forhåpentleg tar dei fleire sjansar på scenen enn dei gjer i Tøyenkyrkja.

Hei!

Eg er frilansar og folkemusikkritikar i NRK. Har du tips til noko eg burde høyrt, eller tilbakemelding på noko eg har skrive? Send meg gjerne ein e-post! 

Promobilde fra «Langt heimafrå» som er albumet med Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga.
Terningkast 4 Musikk

«Bratland og Nordstoga læt fantastisk ilag»